Hopp til innhold

VG feilpubliserte kjendis-podkast med «dritings» offentleg tilsett

I nesten to veker låg podkastepisoden ute hos VG ved ein feil. Først avviste VG at dei hadde ansvar, men så snudde dei og beklaga.

Snorre Klanderud og Oskar Westerlin i podkastepisode frå Kiel-ferja

PÅ KIEL-FERJA: Snorre Klanderud og Oskar Westerlin er programleiarar i podkasten «Kontoret med Oskar Westerlin». Dette er frå den kritiserte episoden på Kiel-ferja.

Foto: Skjermbilde

Oskar Westerlin (24) er kjent som ein av landets største norske profilar på TikTok og frå VGTV-produksjonar som «Spårtsklubben» og «Oskar og Jølle».

Podkasten «Kontoret med Oskar Westerlin» lagar han saman med makker Snorre Klanderud (27), og det er denne podkasten som blei publisert hos VG ved ein feil.

I ein av episodane er VGTV-profilen på nachspiel på Kiel-ferja saman med ein tilsett i Statens pensjonskasse som var på seminar som tillitsvald. Han er tydeleg påverka av alkohol, og han får fleire øl i hendene.

Innspelinga blei også filma og lagt ut på YouTube.

«Kontoret er ikke en VGTV-podkast, men en podkast Oskar Westerlin driver selv», skriv VGTV-direktør Thomas Manus Hønningstad i ein e-post til kommunikasjonsdirektør i Statens pensjonskasse, Jeanette Christensen.

Ho tok kontakt med VG då dei oppdaga podkastepisoden med medarbeidaren deira.

NRK har fått innsyn i heile korrespondansen mellom VG og Statens pensjonskasse, som viser korleis VG først avviser ansvar, for så at sjefredaktøren kjem inn og beklagar.

«Har ikke redaktøransvaret»

Christensen svarer at det ikkje er «enkelt å se at Kontoret ikke er en VGTV-podkast» og at «episoden jeg henviser til ligger også på VGs nettsider.»

Episoden var i nesten to veker publisert på vg.no i ei oversikt saman med VG sine eigne podkastar.

Skjermbilde VGs podkastoversikt

Det var i denne oversikta med podkastar frå VG at podkasten «Kontoret med Oskar Westerlin» også låg ein periode. (Skjermbilde teke 16.11.22)

Foto: Skjermbilde frå VG

Dette var ikkje VGTV-direktøren klar over:

«Det må nok være en feil. Podkasten er ikke en del av VGs eller VGTVs podkastportefølje, og vi har heller ikke redaktøransvaret for denne.»

Dette svaret reagerer kommunikasjonsdirektøren i Statens pensjonskasse på og svarer i ein ny e-post at podkasten «sprer faktafeil som MÅ korrigeres umiddelbart».

Det er fleire ting ho reagerer på:

  • Mellom anna at vedkomande som er intervjua ikkje er medievant, at han blir eksponert i ein podkast på over tre timar, er synleg påverka av alkohol og at han skjemmer ut både seg sjølv og Statens pensjonskasse.

  • I tillegg skal Westerlin i etterfølgande podkastepisode ha sagt at dei plukka opp medarbeidaren deira «kl 2 på natta på Kielferga, og at han var dritings». Det skal i tillegg ha blitt framstilt at han var «sjef i Statens pensjonskasse». Ifølgje kommunikasjonsdirektøren har han ikkje noko leiaransvar.

Ho reagerer også på at VGTV-direktøren meiner VG ikkje har redaktøransvaret for den feilpubliserte podkasten, og at det er Westerlin som må svare på spørsmåla hennar.

I neste e-post gjentek VGTV-direktør Thomas Manus Hønningstad dette:

«Den hverken produseres av oss, er kjøpt inn av oss eller skal publiseres på VG, men utgis av Oskar Westerlin selv».

Hønningstad forklarer også at podkasten blei feilpublisert grunna ein teknisk feil i Schibsted-systemet. Det skjedde då Schibsted si annonseavdeling skulle teste om dei kunne selje annonsar i Westerlin sin podkast.

Han påpeiker vidare at innhaldet i denne episoden ikkje ville ha vore i tråd med VG sine etiske retningsliner.

I korrespondansen beklagar han den tekniske feilen, men skriv: «Siden vi ikke har redaktørskapet, er det Oskar Westerlin som må svare for den».

NRK har forsøkt å få til eit intervju med Westerlin, men han har berre ønska å svare på NRKs spørsmål på e-post. Han skriv at han i ettertid ser at denne episoden blei «litt mye». Les svara hans lenger nede i saka.

Podkasten til Westerlin blei fjerna frå VG sine nettsider i underkant av ein time etter at Statens pensjonskasse gjorde dei merksame på at han låg der.

«Hadde forventet en beklagelse»

Christensen i Statens pensjonskasse skriv i ein av e-postane til VG at dei set pris på at dei retta feilen og fjerna podkasten.

«Men vi må også si at vi hadde forventet en beklagelse fra VG – både overfor [namnet på han som blei intervjua] og oss.»

«Vi mener at dere har et redaksjonelt ansvar, selv om dere har gjort en teknisk feil», skriv ho vidare.

kommunikasjonsdirektør i Statens pensjonskasse, Jeanette Christensen

Kommunikasjonsdirektør i Statens pensjonskasse, Jeanette Christensen, tok kontakt med VG då dei la merke til at podkasten låg promotert på vg.no.

Foto: Statens pensjonskasse

Denne e-posten får også sjefredaktør i VG, Gard Steiro. Han ringer til Christensen og beklagar. Christensen takkar for dette i ein e-post i ettertid:

«Vi er svært takknemlige for hvordan du raskt bidro til å rydde opp i en sak vi opplevde som svært ubehagelig.»

NRK har vore i kontakt med Steiro, men han viser vidare til redaktør i VGTV, Rolf Sønstelie.

– Denne episoden, som ikkje var ein VGTV-produksjon, var ikkje i samsvar med våre etiske retningsliner i det heile teke, seier Sønstelie til NRK.

Redaktør i VGTV, Rolf Sønstelie.

Rolf Sønstelie er redaktør i VGTV.

Foto: Naina Helén Jåma / VG

I motsetnad til det VGTV-direktøren skreiv i e-postkorrespondansen, stadfestar VGTV-redaktør Sønstelie at dei har ansvar for alt dei publiserer:

– Enten det har skjedd ein feil eller ikkje, så har vi redaktøransvar for alt som publiserast på VG, seier han.

NRK har også spurt direktør Thomas Manus Hønningstad i VGTV om kva som skjedde då han blei gjort oppmerksam på at podkasten låg ute.

– Der og då tenkte eg ikkje på at ei utilsikta utlisting på ei podkast-oversikt på VG kunne utløyse redaktøransvar. Eg var heller oppteken av å forklare at dette var Westerlin sin podkast og ikkje ein VGTV-podkast og at førespurnaden om innhald difor burde gå dit, seier Hønningstad og legg til:

– Eg var nok litt for rask med å svare, men heldigvis blei det raskt rydda opp i.

Trudde det var VGTV-produksjon

Det at VG publiserte podkasten er derimot ikkje det einaste som gjorde at Statens pensjonskasse skal ha trudd at dette var ein podkast i VG-regi.

Ifølgje Christensen i Statens pensjonskasse, skal også deira tilsette som var til stades under innspelinga, ha fått inntrykk av at podkastepisoden var gjort i regi av VGTV.

VGTV har følgt Westerlin med ein eigen medarbeidar som har filma til VGTV-programmet «Oskar og Jølle». I dette programmet følgde VGTV Westerlin som «floge på veggen» i fleire av hans produksjonar utanfor VGTV.

Innhaldet som blei filma for VGTV på Kiel-ferja var derimot ikkje aktuelt for dei å bruke til serien.

– Det var aldri aktuelt. Det var så uaktuelt at det aldri eingong blei løfta opp til mitt bord, fortel redaktør Sønstelie.

Westerlin har fått spørsmål om han sa til intervjuobjektet som deltok i podkasten at dei var der for VGTV eller VG.

– Vi var der for å lage innhald til eigne kanalar, svarer han til dette.

Til trass for dette seier medpodkastar Snorre Klanderud i podkastepisoden som blir lagt ut etter episoden på Kiel-ferja at:

– Vi sa at vi er med VGTV og at VGTV hadde lov til å filme, så vi gjekk rundt og lata som vi var VGTV.

I episoden etter episoden på Kiel-ferja er Erik Follestad gjest. Etter dette klippet skal dei ha snakka om hendinga med den tilsette i Statens pensjonskasse, men dette er no fjerna.

VG har avslutta følgeserien

VGTV-redaktør Sønstelie fortel at dei har lært av hendinga, og at dei i ettertid ser at det kunne bli uklart for eksterne medverkande i podkasten «Kontoret med Oskar Westerlin» kva som er i regi av Oskar Westerlin og kva som er i regi av VGTV.

Som følge av hendinga på Kiel-ferja har dei difor valt å avslutte følgeserien «Oskar og Jølle».

– Skal vi gjere noko igjen med liknande miljø, så må vi vere sikre på at premissane er veldig, veldig tydelege, forklarar han.

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Elin Floberghagen, fortel at det er eit prinsipp i presseetikken at premissane skal vere klare i all kontakt med kjelder og intervjuobjekt.

– Ein skal vise nødvendig omsyn overfor dei som er gjenstand for medieomtale, seier ho.

Rolf Sønstelie fortel at dei aldri blandar seg inn i kva VGTV-profilar gjer ved produksjon av eige innhald som ikkje er tilknytt VGTV. Men ettersom dei blei trekt inn i denne saka, blei det denne gongen gjort eit unntak.

– Vi gav eit veldig klart råd til Oskar Westerlin om at alt (frå episoden på Kiel-ferja) blei fjerna frå hans kanalar, som også var det Statens pensjonskasse ønskte, opplyser Sønstelie.

Episoden og alle klipp tilknytt denne er no sletta frå alle Westerlin sine plattformer.

Jeanette Christensen i Statens pensjonskasse seier til NRK at dei er nøgd med korleis situasjonen til slutt blei løyst:

– No som innhaldet er sletta vel vi å legge saka bak oss.

Oskar Westerlin gjester brunsj hos Else

Biletet er frå då Oskar Westerlin var på podkast-brunsj hos Else Kåss Furuseth.

Foto: Elliot Houwing-Endresen

Oskar Westerlin skriv som svar til NRK at dei berre ville lage morosamt innhald i kanalane og til følgjarane deira.

– Men av og til lyttar vi eldre og klokare menneske og valte å avpublisere.

På spørsmål om kva vurdering som blei tatt rundt publiseringa av intervju med ein person som var påverka av alkohol svarar Westerlin:

– Vi snakka med han dagen etterpå og høyrde kva han syntest om gårsdagen, før vi publiserte noko som helst. Han syntest det hadde vore feitt, og ville gjerne vere med på meir.

NRK har spurt Westerlin kvifor han ikkje vil møtast eller intervjuast over telefon, når han sjølv intervjuar folk på lyd og video. Til dette svarar han: «Jeg foretrekker å gjøre intervjuer skriftlig så jeg har kontroll på hva dere journalister spør om :)».

NRK har presentert Westerlin sine kommentarar til den tilsette i Statens pensjonskasse som gjesta episoden. Han har sendt eit svar gjennom kommunikasjonsdirektør Christensen:

– Eg har ingen kommentar til dette. Dette er noko eg ønsker å legge bak meg.

Ekspert: Kan skade truverdet

Førsteamanuensis i reportasjejournalistikk ved Nord universitet, Karianne Sørgård Olsen, synest saka belyser ei prinsipiell og spennande problemstilling.

Ho meiner denne hendinga viser korleis grensene for kva som er journalistikk og kva som er annan type innhald kan bli uklare.

– For publikum blir det vanskelegare å sjå skiljelinjene, og i sin ytste konsekvens kan slike uklare skilje og gråsoner skade journalistikken sitt truverd, svarar ho NRK.

Ho nemner at det at mediehus no skal gjere «alt», inkludert produsere underhaldning, er ei årsakene til denne utfordringa.

– Det har jo allereie vore nokre debattar rundt Sophie Elise som profil i NRK, og eg tippar at vi får endå fleire liknande debattar.

Les også Sophie Elise-podkast fikk både skryt og kritikk i Kringkastingsrådet

Sophie Elise og Fetisha kommer med ny podkast på NRK Radio.

Korrigering gjort 21.11.2022 kl. 13: Det blei opplyst at podkasten låg ute ved ein feil på vg.no i nesten ein månad, men VGTV har etter publisering av denne artikkelen opplyst at det riktige er nesten to veker, frå 5. oktober til 18. oktober. Denne opplysninga er difor retta.

NRK anbefaler

AKTUELT NÅ