Hopp til innhold

Vegard Tjørhom blir NRK sin nye Afrika-korrespondent

– Dette er draumejobben. Det har vore det for meg sidan eg var liten gut, seier 35-åringen.

Vegard Tjørhom

NY KORRESPONDENT: Vegard Tjørhom blir utanrikskorrespondent.

Foto: Ragnar Gulseth Berge / NRK

NRK-journalisten danka ut 12 andre søkarar. Han tek over etter Ida Titlestad Dahlback.

Tjørhom starta som praktikant ved Nynorsk mediesenter i 2013. Sidan har han jobba både innanriks og utanriks i NRK, i tillegg til halvtanna år som kommunikasjonsrådgjevar i Kirkens Nødhjelp.

Dei siste 15 åra har Afrika vore ein raud tråd i det sørlendingen har studert og interessert seg for.

Eg er veldig interessert i kontinentet. Det er så mange historier, og mykje å sette seg inn i.

– Klar over ansvaret som følger med

Tjørhom har budd eitt år i Mali. Då arbeidde han i landsbyen Douentza nord i Mali, mellom anna i ein barnehage for norske ungar og med dataundervising for malisk ungdom.

– Det blir spennande å ta fatt på jobben. Det er ein moglegheit til å gjere noko eg verkeleg brenn for.

Han påpeikar at mange nordmenn er opptekne av Afrika, og at dei forventar ei balansert og god dekning av eit heilt kontinent med over 50 land. Noko som er utfordrande.

– Eg er fullt klar over det ansvaret og forventningane som følger med, seier 35-åringen.

– Trygg på at han vil gjere ein flott jobb

Utanriksredaktør i NRK, Sigurd Falkenberg Mikkelsen har mange lovord om Tjørhom.

Vegard har solid kunnskap om Afrika og eit stort engasjement for kontinentet. Han er ein drivande dyktig nyheitsjournalist og ein god historieforteljar. Eg føler meg trygg på at han kjem til å gjere ein flott jobb for NRK.

Han seier at Afrika-kontoret er ein viktig del av NRK sitt korrespondentnettverk med 11 korrespondentar rundt om i verda.

Afrika-korrespondenten er med sitt nærvær strategisk viktig for vår satsing på journalistikk frå og om Afrika, fastslår han.

Ynskjer å komme tett på afrikansk ungdom

Noko av det Tjørhom vil jobbe for, er å komme tettare på den gjennomsnittlege afrikanar. Å gå på ein marknad og oppsøke folk. Han ynskjer å få Afrika meir inn i det globale biletet.

– Det blir fort veldig storpolitiske analysar av konfliktar og krig, og mindre av den menneskelege biten av det, meiner han.

NRK har ein strategi om å nå yngre og breiare. Det blir viktig for Tjørhom å komme i kontakt med afrikansk ungdom. Det trur han også kan vere godt for den europeiske debatten.

– Spesielt når det gjeld migrasjon. Migrasjon oppstår ikkje i Middelhavet. Dei kjem ofte frå Afrika. Vi må forstå meir av det som motiverer dei for å legge ut på ei så farleg reise.

Tjørhom har store ambisjonar før han trer inn i den nye rolla.

Eg trur ikkje at ein journalist aleine kan klare å yte rettferd til den dekninga som eit heilt kontinent fortener. Men eg skal i alle fall gjere mitt beste for å fylle den rolla.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger