Denne framilien prøver å halde vassmengdene unna huset sitt, men vatnet held fram med å stige.
Mange stader er båten einaste måten å kome seg fram på.
Flaumen i Bangkok kjem som følgje av eit uvanleg kraftig monsunsregn.
Flaumen er den verste i storbyen Bangkok på svært lenge.
Folk er oppfinnsame når det gjeld å berge eigedelar frå flaumen. Denne bilen har fått flottørar for å halde seg flytande.
Mange stader er det umogleg å kome seg fram tørrskodd.
Badekar kan vere eitt mogleg transportmiddel i Bangkok.
Varetransport er ikkje lett å Bangkok i desse dagar.
Borna i Bangkoks Chinatown brukar flaumvatnet til leik og moro.
Denne kvinna tek seg ein lur saman med hunden sin medan vatnet står høgt på golvet,
Ein tuk tuk tek seg fram gjennom dei flaumstore gatene.