Hopp til innhold

Vanskelegare å følge smittevernråd om hustanden tener under 600.000,-

Serviceyrke, tronge butilhøve og stram økonomi kan gjere det vanskeleg å følge smittevernråda. Difor er risikoen for koronasmitte større for dei med minst inntekt, meiner forskarar frå OsloMet.

Ahmed Dilshad

Dette er kontoret til Ahmed Dilshad, og det kan han ikkje ta med seg heim. Slik er det for mange andre som jobbar i serviceyrke.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Alle kollegaene mine på bussen, taxisjåførar, dei som driv med restaurantar og kafear og slikt. Det blir veldig vanskeleg å ha heimekontor, seier bussjåfør Ahmed Dilshad med eit smil.

Han tilhøyrer ei av yrkesgruppene som ikkje kan ta med seg kontoret heim, og der mange har ei inntekt som kan gjere det vanskeleg å bruke eigen bil, eller ha råd til ein heim med god plass.

Bur trongt

Ahmed har bil og ein bustad med god plass, men likevel ser han at enkelte smittevernråd kan ha sine utfordringar for dei som har trong økonomi.

– Eg kjøpte munnbind då det vart påbod. Eg var innom apoteket og ein pakke kosta 400 kroner. Det synest eg var veldig mykje for 50 munnbind. Når det er påbod frå staten burde det vere rimelegare slik at alle har råd til å bruke munnbind, seier Dilshad.

Han er ikkje åleine om å oppleve at det kan vere vanskeleg å følge alle dei ulike smittevernråda. Rådet om å ha færrast mogleg nærkontaktar er eit anna døme.

– Folk bur trongt. Ein familie kan vere fem, seks, åtte stykke. Om ein blir smitta utanfor huset kan smitta spreie seg raskt i familien, seier Ahmed sin kollega, Ali, som kjenner fleire som bur saman med mange familiemedlem på få kvadratmeter.

v3dV34_uCrc

Mange folk på eit lite område betyr noko når viruset først er i omløp.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

Vanskelegare for enkelte å følge alle råd

Alle desse faktorane påverkar om det er mogleg for folk å etterleve ulike smitteverntiltak. Forskarar ved OsloMet har spurt 3.000 nordmenn frå ulike samfunnslag om dei klarer å følge smittevernråda som er gitt. På enkelte punkt viser svara ein tydeleg forskjell frå dei lågaste inntektsgruppene til dei som får mest i løn.

Har du heimekontor? Sjansen for at du kan svare «ja» på dette spørsmålet aukar jo høgare løn du har.

Andel med heimekontor etter inntekt

Årleg hushaldningsinntekt

Hadde meir heimekontor (%)

Under 600.000

37,6

600 - 799.000

48,6

800 - 999.000

49,3

1.000.000 - 1.199.000

58,8

Meir enn 1,2 millionar

70,4

Kjelde: YS' Arbeidslivsbarometer, Mamelund et. al

Mange som bur i husstander med ei samla årsinntekt under 600.000 kroner jobbar i serviceyrke, slik som butikkmedarbeidarar, servitørar og sjåførar. Dermed er heimekontor umogleg.

Også i bruken av kollektivtrafikk til jobb ser ein forskjell etter inntektsnivå. Jo høgare inntektsgruppe, jo større andel droppar kollektivreiser.

Prosentandel som brukte mindre offentleg transport til jobb

Årleg hushaldningsinntekt

Brukte mindre offentleg transport til jobb (%)

Under 600.000

18,8

600 - 799.000

21,9

800 - 999.000

20,7

1.000.000 - 1.199.000

23,9

Over 1.2 millionar

30,4

Kjelde: YS' Arbeidslivsbarometer, Mamelund et. al

G-r2pR8MQmo

Du skal helst ikkje ta kollektivtrafikk, men kva gjer du når du ikkje har bil og du er nødt til å kome deg til jobb?

Foto: Heiko Junge / NTB

Ofte dårlegare allmennhelse blant dei med låg inntekt

– Folk som har lågare sosioøkonomisk status, slik som inntekt, utdanning eller innvandrarstatus, kan vere meir eksponerte for viruset gjennom arbeidsliv og korleis dei bur, seier Svenn-Erik Mamelund.

Han legg til at det også kan variere personar i desse gruppene som ikkje får med seg så mykje av informasjonen frå helsestyresmaktene.

Forskaren meiner norske styresmakter i starten av pandemien ikkje var merksame nok på korleis sosiale og økonomiske tilhøve påverkar folk sin risiko for å bli smitta.

Svenn-Erik Mamelund

Forskar ved OsloMet, Svenn-Erik Mamelund, meiner me også bør definere økonomiske risikogrupper, og ikkje berre tenke på medisinske årsaker til at folk er i risikogruppa.

Foto: Sonja Balci / OsloMet

Han meiner dette er ekstra viktig kunnskap fordi tidlegare forsking viser at den gjennomsnittlege helsetilstanden ofte er dårlegare blant dei med lågast inntekt.

– Det er ein tendens til at dei med lågare inntekt og kortare utdanning har høgare førekomst av bakgrunnssjukdommar som gjer til at ein får eit meir alvorleg forløp. Korleis ein skal fange opp dei er eit viktig poeng, meiner Mamelund.

Oppdatert 14.30: I ein tidlegare versjon av saka var det ikkje konkretisert at det er den samla hushaldningsinntekta til dei som svarte på undersøkinga som det er snakk om, og altså ikkje nødvendigvis respondenten si inntekt åleine.

AKTUELT NÅ