Utsett formuesskatt er prøvd før: Sist vart det brukt av tre personar

Regjeringa vil la bedriftseigarar utsetje betaling av formuesskatt for å kome seg gjennom viruskrisa. Grepet vart brukt også i førre økonomikrise. Det enda med at tre personar fekk utsett formuesskatt for ca 30.000 kroner kvar. Men denne gongen er ordninga gjort slik at fleire får glede av ho, lovar regjeringa.

Jan Tore Sanner og Erna Solberg om de økonomiske følgene av coronaviruset

Jan Tore Sanner presenterte på onsdag rammene for dei økonomiske tiltaka som skal få norsk økonomi og gjennom koronakrisa. I dag kom detaljane.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

NRK presiserer: Saka er oppdatert etter at regjeringa la fram detaljar i formuesskatteforslaget for å få fram at forslaget er noko annleis innretta enn det var i 2016.

Ingenting liknar koronakrisa. Men det har vore tøffe økonomiske tider før.

Oljeprisfallet frå langt over 100 dollar fatet sommaren 2014 til heilt nede i 30 dollar på det verste i januar 2016 førte til ein hestekur for delar av norsk økonomi og særleg for bedrifter som er ein del av olje-indsutrien.

Krisepakke med formuesskattegrep

I 2016 kom regjeringa med eitt av fleire grep som skulle hjelpe næringslivet gjennom kneika.

Utsett formuesskatt.

Målet var å hjelpe personar med eigarskap i bedrifter som gjekk med underskot. Ved å utsetje innbetaling av skatten kunne ein sikre at det fortsatt var pengar til drift.

Og Høgre-Frp-regjeringa hadde god tru på at tiltaket skulle kome til nytte.

Rekna med halv milliard

Då regjeringa og finansminister Siv Jensen la fram saka for Stortinget skreiv den rett nok at det var eit svært usikkert reknestykke, men Finansdepartementet rekna likevel med at stat og kommunar ville gå glipp av over ein halv milliard i 2016 og 2017 fordi folk med eigarskap i ulike bedrifter som gjekk med underskot ville få utsett skatterekninga.

«Samlet utsatt skatt for 2016 og 2017, som skal betales tilbake i 2019 og 2020, blir dermed 580 mill. kroner.» (Prop. 2 L (2016–2017) Endring i skattebetalingsloven (utsatt betaling av formuesskatt)

NRK har spurt Skatteetaten om kva som faktisk vart fasit. Dette er svaret:

  • I 2016 fekk tre - 3 - skattepliktige personar utsett formuesskatt for til saman 94 578 kroner.
  • I 2017 fekk ingen skattepliktige personar utsett formuesskatt.

Med litt snill avrunding: Berre 0,02 prosent av dei skatteinntektene regjeringa anslo skulle bli utsett, vart faktisk utsett.

Professor Annette Alstadsæter, leiar for SKATTEFORSK Senter for skatte- og adferdsforskning, NMBU.

Professor Annette Alstadsæter er overraska over den låge bruken av utsett formuesskatt.

Foto: Pressebilde / NMBU

– Det var overraskande at det var så få, seier professor Annette Alstadsæter som leiar Skatteforsk - Senter for skatte- og adferdsforsking ved NMBU.

Ho meiner det kan vere to grunnar til at skattegrepet sto nesten ubrukt:

– Det kan vere at formuesskatten ikkje er noko problem for bedriftseigarane.

– Eller så var det slik at folk ikkje kjente til tiltaket, eller det var for byråkratisk og vanskeleg å ta det i bruk.

Ho viser til ein tidlegare artikkel i Klassekampen då tiltaket var i bruk som viste at rundt 50 søkarar ikkje fekk innvilga utsett skatt fordi dei ikkje hadde søkt på rett måte.

Vil hjelpe dei som er midt i krisa no

I dag presenterte regjeringa detaljane i formuesskatteforslaget.

Forslaget frå regjeringa vil akkurat som i 2016 og -17 gjelde personar som har eigarskap og dermed formue plassert i norske bedrifter som går med underskot.

Men førre gong tiltaket vart prøvd, gjaldt det bedrifter som hadde underskot året før.

Denne gongen seier regjeringa at tiltaket skal gjelde bedrifter som går med underskot no i år.

Finansdepartementet meiner dermed at tiltaket vil treffe situasjonen betre enn det gjorde sist.

Det skal også bli enklare å ta tiltaket i bruk.

Dersom ein skattytar meiner å kunne sannsynleggjere at bedriften går med underskot, kan vedkomande gå inn på sine eigne sider hos skatteetaten og justere ned verdien på formuesverdiane sine. Dermed vil kravet om forskotsinnbetaling av skatt 15. mai bli endra. Dette blir i praksis ei rentefri betalingsutsetjing fram til 31. mai 2021.

– Denne innretninga er meir målretta enn den førre, og i større grad tilpassa dagens situasjon, seier finansminister Jan Tore Sanner.

Regjeringa reknar denne gongen med at det kan bli utsett formuesskatt til ein verdi av 400 millionar kroner.

– Eit krisetiltak frå Unge Høgre-sommarleir

Men spørsmålet i det politiske ordskiftet om krisa blir om utsett formuesskatt er eit fornuftig grep å bruke tid og krefter på i krisetid.

Det har SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski eit krystallklart synspunkt på.

Spørretime i Stortinget

SVs Kari Elisabeth Kaski er kritisk til regjeringens krisegrep.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Dette seier mykje om kvar regjeringa har hovudet sitt. Dette er heilt på sida, meiner ho.

– Det regjeringa legg fram her er ideologiske tiltak frå ein Unge Høgre-sommarleir og ikkje tiltak som faktisk møter den alvorlege situasjonen for norsk økonomi. Vi kan stå overfor konkursar ganske raskt, då nyttar det ikkje å kome med utsett formuesskatt som vi veit berre treff nokre få, seier Kaski.

– Men ser du heilt bort frå at dette tiltaket kan vere nyttig for nokre enkeltbedrifter - sjølv om dei er få?

– Det kan kanskje vere nyttig for nokre få enkeltpersonar som ikkje treng å betale skatt på formuen sin, men at rike personar får utsett skatt hjelper overhode ikkje dei som blir permitterte frå dei bedriftene som blir råka.

Kaski seier til NRK at ho meiner det same etter at detaljane vart lagt fram fredag ettermiddag.

– Det er målretta

Administrerande direktør i arbeidsgjevarorgnisasjonen Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, ba tidlegare i veka om nettopp utsett formuesskatt for å dempe likviditetskrisa (pengemangelen) i bedriftene.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) viste blant anna til dette utspelet frå industrien då han på tysdag varsla at ordninga utsett formuesskatt vil kome.

– Det er riktig at forslaget som vart gjennomført i 2016 hadde få brukarar. Difor legg vi fram eit anna forslag denne gongen, seier Sanner til NRK.

– Vi må hugse at det private eigarskapet er ryggrada i norske bedrifter. Det er mange familieeigde hotell og private reiselivsbedrifter som no blir råka. Det forslaget vi legg fram i dag vil kunne betre likviditeten for dei familieeigde bedriftene. Difor er det målretta.

Solberg og Sanner orienterer om regjeringens tiltak i forbindelse med koronaviruset

Fire medlemmar av regjeringa la fram forslaga til økonomiske krisetiltak fredag ettermiddag.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Meiner dei brukar krefter på feil ting

Utover å vere ideologisk ueinig, meiner Kaski i SV at ordninga er eit eksempel på feil bruk av politiske og byråkratiske krefter.

– Det verkar som dei har kome seint i gang og berre legg på bordet ei ordning dei kjenner til frå før, og så brukar dei tid på å jobbe med innretninga på det i stadenfor dei større og viktigare krisepakkane vi treng no, seier Kaski.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger