UDI meiner norsk innvandringspolitikk er for streng

UDI meiner den raudgrøne innvandringspolitikken er for streng, og vil ha oppmjukingstiltak som skal sikre at fleire barn får bli i landet.

Video UDI vil endre Utlendinglova

UDI ønsker åendre Utlendinglova på fire ulike punkt.

Kilde:

UDI har foreslått ein oppmjuking av dagens praksis i høve til innvandrarar med små barn.

– Kvifor er det bedd om praksisendring?

– Det er me som ser sakene og kor skoen trykker. Difor har me no bedd om oppmyking, spesielt i saker som gjeld små barn, seier direktør i UDI, Ida Børresen.

Har blitt dømd fleire gonger

Børresen meiner ei regelendring er spesielt viktig sidan Noreg har blitt dømd i den europeiske menneskerettsdomstolen, og fordi Noreg har fått ein Høgsterettsdom som viser at dei norske reglane er brot på menneskerettar.

Men dette stiller Regjeringa seg negative til, sjølv om Noreg er felt i den europeiske menneskerettsdomstolen.

– Departementet deler ikkje vurderinga våre av desse dommane. Det betyr at me i stor grad må oppretthalde praksisen slik den er i dag.

UDI reagerer også på dei nye reglane som er kome om familiegjenforening. Dei meiner dei finansielle til asylsøkjarane er for firkanta.

– Det har ført til at me måtte avslå ein del saker som ikkje var planlagt.

Difor har UDI sendt brev til departementet der dei ber om å få vise meir skjønn i sakene der ein ikkje kan dokumentere alle opplysningane. Dei har ikkje fått noko svar i retur, trass i at det har gått over eit halvt år sidan brevet var sendt.

– Er dette haldbart?

– Me skjøner at dei har mykje å gjere, men me vil gjerne ha eit svar.

Avslag på halvparten

I dag er det fire område Utlendinglova der UDI har bedd om oppmyking – kor Regjeringa anten har sagt nei, eller ikkje svart.

  • Omsynet til barn skal telje meir i utvisingssaker – AVSLAG
  • Oftare permanent opphald til personar med usikker identitet der barn er involvert – AVSLAG
  • Mindre strenge krav til forsørgjarinntekt ved familieinnvandring – IKKJE SVAR
  • Bøter i staden for utvisning i enkelte saker – IKKJE SVAR

Vil ikkje høyre

Pål K. Lønseth, statssekretær i Justisdepartementet.

Pål K. Lønseth, statssekretær i Justisdepartementet, vil ikkje høyre på anbefalingane frå UDI.

Foto: Justisdepartementet

Statssekretær i Justisdepartementet, Pål Lønseth (Ap), seier at han ikkje vil høyre på anbefalingane frå UDI.

– Dei har kome med nokre forslag som ville innfatte ein omfattande oppmyking som me ikkje har grunnlag for, eller er klokt å gjere.

– Kvifor ikkje, når det er UDI som kjenner kvar skoen trykkjer?

– Det er ein utprega politisk vurdering kor strenge desse reglane skal vere. Skulle me oppmyke desse reglane ville det ha undergrava respekten for Utlendinglova, og ført til at fleire ville bryte lova. Og det vil ingen vere tent med, seier Lønseth.

– Kva tapar Noreg på å la omsynet til barn vege tyngre?

– Dersom alle barn får lov å bli i landet vil det undergrave respekten av Utlandinglova, og føre til at mange fleire vil kome til landet.

NRK anbefaler

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger