TV2, Aftenposten og VG blir evakuert

Evakueringssona er utvida og både TV2, Aftenposten og VG blir evakuert.

– Viss eg var ferdig på jobb no ville eg komt meg ut av Oslo sentrum, seier politiførstebetjent.

Politi

Politiet ber alle kome seg ut av Oslo sentrum etter bombeeksplosjonen i ettermiddag.

Foto: Ingunn Andersen / NRK

TV2-bygget

Sperringar nedover mot TV2-bygget på Karl Johan i Oslo.

Foto: Ingunn Andersen / NRK

TV2 melder på sine eigne nettsider at evakueringssona blir utvida etter bombeeksplosjonen i Oslo i dag. TV2-bygget ved Karl Johans gate i Oslo blir tømt for folk, melder TV2.no.

Dagbladet.no melder at TV2 blir evakuert etter funn av ein mistenkeleg bag.

– Vi har funne to mistenkelege bagar utanfor TV2-bygget. Vi ventar no på at desse skal bli undersøkt. Vi har evakuert heile TV2-bygget og går no gjennom bygget. Viss eg var ferdig på jobb no ville eg komt meg ut av Oslo sentrum, seier politiførstebetjent Steinar Andersen til NRK.no ved sperringane framfor TV2-bygget.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knust rute

Knust rute på Karl Johans gate i Oslo sentrum.

Foto: Ingunn Andersen / NRK

Aftenposten og VG blir evakuert

«Politiet har bede alle om å evakuere Oslo sentrum. Aftenposten må difor evakuere bygget. Vi kjem tilbake med meir når vi er på ny stad», skriv Aftenposten.no.

«Aftenposten evakuerer Postgirobygget. Ikke sikkert vi kommer ut i morgen» twitrer Aftenposten-journalist Kjetil Kolsrud.

VG Nett melder at også dei blir evakuert.

«Vi må evakuere VG-bygget no, så skal prøve å få logga meg på seinare. (Det er ingen dramatikk i samband med at vi må evakuere», skriv Geir A. Kipperne i VG.

Også NTB, Vårt Land og Dagsavisen er evakuert.

Politiførstebetjent Steinar Andersen seier at Oslo domkirke er open for folk som treng nokon å snakke med.

– Polititet jobbar også med å prøve å klarere området rundt Stortinget. Mange kjem bort til sperringane til politifolka for å spørre kvar dei skal gå, fortel NRKs reporter Ingunn Andersen som er på staden.

McDonalds

Knuste ruter utanfor McDonalds på Karl Johan, ikkje langt frå TV2-bygget.

Foto: Ingunn Andersen / NRK
Væpna politi

Væpna politi står vakt ved Stortinget i Oslo.

Foto: Ingunn Andersen / NRK

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger