Hopp til innhold

TV 2: Drapssikta nordmann skal melde seg for politiet

I fleire år har nordmannen vore på rømmen i Asia. No melder TV 2 at mannen har landa på Oslo lufthamn, har skal melde seg for politiet og ønsker ei rettssak i Noreg.

PHUKET: Nordmannen tok basketak på ein britiske mann då dei begge budde på eit luksushotell i Phuket i 2019. Bilde brukt som illustrasjon.

Foto: JACK TAYLOR / AFP

Mannen har erkjent å ha tatt livet til ein britisk småbarnsfar på eit luksushotell i Thailand i 2019.

Nordmannen har vore på rømmen i Asia i fleire år. No har han ifølge TV 2 vendt tilbake til Noreg for å sone straffa sin her.

Litt før klokka halv seks skriv også kanalen at mannen har meldt seg for politiet.

Politiet kjente ikkje til at mannen kom til Noreg på førehand.

– Han er ikkje etterlyst av norsk politi. Vi ser det ligg ei etterlysing i Interpol, og det er noko vi vil følge opp og undersøke nærmare, fortel Alexander Watson, oppdragsleiar Øst politidistrikt til NRK.

Hamna i basketak

Mannen hamna i eit basketak med den britiske mannen då dei begge budde på eit luksushotell i Phuket i 2019.

Amitpal Singh Bajaj

Den britiske familiefaren Amitpal Singh Bajaj døde av skadane han blei påført i basketaket med nordmannen.

Foto: Shutterstock / Scanpix

Mannen har erkjent at han under basketaket kvelte briten i 30-åra. Briten blei frakta til sjukehus der han seinare blei erklært død. Mannen har hevda at drapet skjedde i naudverje.

Kona til avdøde har kome med ei anna forklaring. Ho fortel at nordmannen tok seg inn på hotellrommet deira via balkongen, og at han deretter gjekk til angrep på den britiske småbarnsfaren.

Les også Nordmann siktet for vold med døden til følge, er etterlyst i Thailand

Amitpal Singh Bajaj

Ønsker ei rettssak i Noreg

Nordmannen blei sikta for kroppsskade med døden til følgje og blei lauslaten mot kausjon på 60.000 kroner.

Etter drapet skulle han møte i retten i Phuket for behandling av vilkåra for vidare kausjon, men dukka ikkje opp.

Mannen har opplyst til TV 2 at han lenge har ønska å komme heim til Noreg for å melde seg til politiet.

Han fortel også til nettstaden han ønsker ei rettssak i Noreg, og er villig til å sitte i fengsel for drapet.

Stein Morten Lier, som var med og dokumenterte reisa til Gardemoen for podkasten «Avhørt», seier at nordmannen har reist til Noreg under eit pass som tilhøyrer nokon andre.

Han trur at mannen no vil melde seg for politiet:

Eg vil tru at han reiser til legevakta for ein sjekk, og etter det trur eg han reiser til politiet saman med advokaten sin.

Men eg veit ikkje, eg sa ha det til han på flyplassen, fortel Lier.

No har altså mannen enda med å melde seg for norsk politi.

AKTUELT NÅ