Hopp til innhold

Trond (54) fekk lungesjukdom etter å ha blitt covid-smitta - ikkje godkjent som yrkessjukdom

Trond Muggerud fekk ein alvorleg lungesjukdom etter at han blei koronasmitta på jobben. No kan han gå glipp av erstatning.

Trond Muggerud fikk først covid-19, deretter påvist sjukdomen lungefibrose, men får neppe det godkjent som yrkessjukdom. No bur han i ei campingvogn ved Tyrifjorden.

SJUK: Trond Muggerud (54) slit med den dødelege sjukdomen lungefibrose som han fekk etter at han var koronasjuk. Men legane konkluderer med at fibrosen hans ikkje er ein følgjesjukdom av covid-viruset. Trond bur for tida i ei campingvogn ved Tyrifjorden.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

Dei fleste blir friske etter covid-19.

Nokre må slite ei stund.

Dei fleste kjem seg likevel opp att og tilbake i arbeid. Men ikkje alle.

Trond blei smitta av korona i jobben som fengselsbetjent.

Eit par månader seinare fekk 54-åringen beskjed om at han hadde fått lungefibrose. Med seg ut døra frå sjukehuset fekk han ein brosjyre som han tok fram då han kom heim.

Det er klart eg fekk sjokk då eg las at du lever tre og eit halvt til fem år med sjukdomen.

Neppe erstatning

Trond har søkt om å få godkjent lungefibrose som følgjesjukdom til covid, og meinerstatning og yrkesskadeerstatning for sjukdomen.

Han har aldri før hatt problem med lungene. Likevel meiner legane at lungesjukdomen hans ikkje kjem av korona. Dei meiner han har hatt ein lungesjukdom frå før.

I spesialisterklæringa frå Oslo universistetssjukehus står det:

«...sannsynlig at pasienten hadde en tidligere ukjent interstitiell lungesykdom før COVID-infeksjon, selv om det ikke foreligger CT-bilder fra før COVID som kan verifisere dette»

Dette kom svært overraskande på Trond Muggerud, som har vore til fleire kontrollar på sjukehus.

– Alle legane eg har snakka med seier at dei ikkje kan utelukke at covid har forårsaka fibrose.

Karl Færden, overlege, Oslo Universitetssykehus

Karl Færden, overlege, Oslo Universitetssjukehus.

Foto: Bjørn Atle Gildestad / NRK

Kan gå glipp av erstatning

Overlege Karl Færden ved Oslo Universitetssjukehus er ansvarleg for konklusjonen knytt til Muggerud sin sjukdom. Den er basert på innspel frå fleire lungelegar og radiologar.

Færden seier dei ikkje godkjenner fibrosen til Trond som ein følgjesjukdom, og dermed heller ikkje yrkessjukdom.

Dei meiner CT-bildene som er tatt av Muggerud ikkje er foreinleg med det ein elles ser som følgjetilstand etter ein covid-19-infeksjon.

På spørsmål om ikkje ordlyden, «sannsynleg» og «ikkje... kan verifisere», bør vera til pasientens fordel, seier han:

– Det kan du godt sei at det kan vera, ja. Og det er jo uvanleg at ein såpass ung mann får lungefibrose som ein ikkje veit ordentleg årsaka til. Det kjem gjerne i litt eldre alder, i 60-70-åra, og han er i 50-åra. Så det er knytta usikkerheit til dette frå min ståstad.

– Er det ikkje på bakgrunn av den usikkerheita litt bastant å konkludere slik de gjer?

– Ja, kanskje. Ja, eg kan kanskje vera einig i det. Men på den andre sida må vi forhalda oss til medisinsk viten som er i dag, og til det som dei som er spesialistar innanfor feltet konkluderer med. Og då blir det den konklusjonen vi må lande på, seier Færden.

Færden stadfestar at det er ei skjønnsmessig vurdering frå dei legane som vurderer lungebilda, både basert på klinisk erfaring og det som blir gjort av systematisk vitskapleg arbeid.

For Trond Muggerud kan konklusjonen legane har kome fram til bety 0 kroner i meinerstatning, og det kan også bety 0 kroner i yrkesskadeerstatning.

Godkjent yrkesskade vil kunna gi han langt over ein million kroner frå yrkesskadeforsikringa.

– Eg har to døtre som eg har lyst å hjelpe. Det er hovudmålet mitt, seier han.

Campingliv

NRK møter Trond Muggerud utanfor den nye heimen hans, ei campingvogn med spikertelt ved breidda av idylliske Tyrifjorden på Ringerike.

Muggerud flytta hit da leilegheita han budde i skulle seljast.

Frå vogna høyrer vi musikk frå radioen. Men livet er ingen idyll for Trond.

Privatøkonomien hans er av fleire årsaker så svak at han ikkje har råd til å kjøpe seg hus eller leilegheit. Derfor blei ei campingvogn til nokre ti-tusenar løysinga.

Her har han nok med pleie av sjel og sjukdom. Kampen for erstatning og forsikringsutbetalingar har han overlatt til advokaten sin.

Trond Muggerud -

Trond Muggerud fortvilar over lungelegane som meiner han har hatt ein lungesjukdom før han fekk korona.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

Trond var ein av ni betjentar i Drammen fengsel som blei korona-smitta i november 2020. Han blei isolert i ti dagar, var trøytt, sleit med hoste, hovudverk og feber. Han var svimmel og kvalm, og sjukmeldt fram til han starta i ny jobb 1.desember same året.

– Då var eg så sjuk som eg aldri har vore før. Eg låg i tre veker, og orka ingen ting. Det var ordentlig tøft. Forferdelig, rett og slett, seier Trond.

Etter at viruset var ute av kroppen friskmeldte fastlegen han, og Trond flytta til Arendal der han hadde fått jobb i nye Agder fengsel i Froland.

– I ettertid ser eg at med ny jobb fekk eg ein boost. Men det varte berre nokre veker, og så orka eg ingen ting. Eg hugsar knapt at eg har vore der. Hugsar ikkje kven eg har jobba med. Eg gjekk rundt i tåka.

Trond Muggerud

Trond Muggerud har innsett at lungefibrosen er komen for å bli, men er skuffa over at den ikkje blir godkjent som yrkessjukdom.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

– Ti prosent på batteriet

Han oppsøkte igjen fastlegen som sendte han til røntgenundersøking. Der fann legen noko han ikkje likte og sendte Trond vidare til lungeavdelinga ved Arendal sjukehus og bestilte CT.

Der fekk han beskjeden om at han hadde lungefibrose.

– Visste du kva det er?

– Nei.

Han blei sjukmeldt og kom seg aldri tilbake på jobb i Agder fengsel. Derfor flytta han tilbake til heimbyen Drammen.

Humøret hans varierer mellom bitter sukking over spesialisterklæring, prosessen og venting på avgjerder, til å erkjenne at sjukdomen er komen for å bli.

– Eg har fått utdelt dårlege kort, og det er dei eg spelar med. Men eg har funne ut at du skal vera veldig frisk for å vera sjuk i det landet her. Det er eit byråkrati, ein jungel og eit virvar der ute.

I periodar utan stress har medisinane mot fibrosen fungert bra. Lungene blir ikkje betre, men kapasiteten blir betre av trening.

Trond Muggerud slår i hjel tida med å lytte til radio

Dagane går med til å lytte til radio og sakke med vener i telefonen.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

– Eg har ti prosent på batteriet mitt, så dersom eg skal sitje med e-postar og slikt brukar eg det opp.

– Papirararbeid tar på?

– Ja, det er klart. Og her er det angst og depresjonar som ligg i botn. Slik som vaksne mannfolk ikkje skal prate om.

Han har vanskeleg for å sjå lyset i tunnelen etter konklusjonen frå lungelegane ved Oslo Universitetssjukehus.

Det kan bety at Nav avviser søknad om meinerstatning. Det kan også bety at Statens pensjonskasse avslår søknaden om yrkesskadeerstatning. Ingen av sakene er ferdig behandla.

– Det er heilt katastrofe at eg må slåss mot Staten, for det betyr at eg ikkje får konsentrert meg om rehabilitering og trening. Det er drepen for meg. Eg synes det er ein grotesk måte å sei takk for innsatsen du har gjort for landet vårt.

Om ikkje covid - kva då?

Overlege Karl Færden seier dei ikkje kan slå fast at Trond hadde fått fibrose uansett, altså om han ikkje hadde hatt covid.

– Nei, vi kan jo ikkje det.

– Er det ikkje då nærliggjande å tru at det var covid som utløyste dette, og at det er ein følgjesjukdom av covid sidan han får det få månader etter at han har hatt viruset?

– Det er ein måte ein kan tenke, sjølvsagt. Men det er ikkje alt vi har svaret på innanfor medisinen, seier han.

Færden understrekar at legane si oppgåve er å levere det medisinske grunnlaget for dei som skal fatta desse vedtaka, slik at juristar får hjelp av medisinen inn mot jussen.

Muggerud reagerer kraftig på konklusjonen.

Trond Muggerud - av og til glimt i auga og galgenhumor oppi slitet med lungefibrose

Av og til slår galgenhumoren inn, også hos han som slit med lungefibrose.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

Korleis kan dei påstå noko slikt? tenkjer eg. Eg har vore frisk og rask heile livet, trent og spelt handball, og aldri hatt problem med lungene før eg fekk covid. Så det er rein gjetting dei driv med. Og det er ansvarsfråskriving.

Overvintrar ved Tyrifjorden

Eit økonomisk løft hadde hjulpe Trond til eit opphald i varmen. Han opplever stor skilnad på å trene i tørt og varmt vêr i sydlegare strok og den fuktige haustlufta ved Tyrifjorden.

Likevel er han innstilt på å overvintre i campingvogn og spikertelt ved Tyrifjorden

– Eg trivst her, på ein rar måte.

54-åringen har framleis glimt i auga.

– Galgenhumoren slår inn iblant, ler han - før hosten overtar igjen.

Trond Muggerud har fritatt overlege Karl Færden for teieplikta han har.

AKTUELT NÅ