Hopp til innhold

- Deltidsbruken kan ikkje forsvarast

Ved Legevakta i Oslo går tre av fire sjukepleiarane på deltidskontrakt. - Dette kan ikkje forsvarast, meiner Norsk Sykepleierforbund.

legevakta i Oslo
Foto: NRK

103 av 141 sjukepleiarar, hjelpepleiarar og legesekretærar er tilsette på deltid.

Desse tala gjer Legevakta i Oslo til ein av helseinstitusjonane med mest deltidsarbeid, ifølgje Norsk Sykepleierforbund.

Og talet på deltidstilsette berre aukar.

- Vil jobbe meir

I følgje avisa Dag og Tid var det i fjor på denne tida 34 prosent av sjukepleiarane ved Legevakta som jobba fulltid. Det tilsvarande talet for dei tre legevaktavdelingane som ligg under Oslo kommune i dag er om lag 28 prosent.

- Over halvparten av desse ønskjer å jobbe meir enn dei gjer no, seier hovudtillitsvald Oddfrid Hallingstad.

Men skal turnuskabalen gå opp, trengst det mange deltidsstillingar. Det er argumentet frå leiinga ved Legevakta.

Helgejobbing for å tene nok

Resultatet av denne haldninga er at fleire av dei deltidstilsette må ta på seg ekstravakter for å få endane til å møtast. Dette er svært lite gunstig for dei det gjeld, meiner John Earhart, som er koordinerande hovudtillitsvald i Norsk Sykepleierforbund.

- Mange jobbar i helgane og endar opp med å jobbe oftare enn tredje kvar helg. Dette strid mot tilrådingane frå Sykepleierforbundet, seier Earhart.

- I Oslo Pensjonsforsikring får ein heller ikkje ekstra pensjonspoeng for ekstravakter.

- Svært misnøgd

I sommar har fleire av dei deltidstilsette fått sommarvikariat i tillegg til den vanlege turnusen.

- Men dette er berre midlartidige løysingar og betrar ikkje tilhøva generelt, meiner han.

- Vi er svært misnøgde med situasjonen ved Legevakta i Oslo.

Går i feil retning

Verst er tilhøva ved observasjonsavdelinga. Der er det berre 17 prosent av dei 41 sjukepleiarane som har fast fulltidsstilling.

Berre sidan 2005 er talet på fulle stillingar halvert

Oddfrid Hallingstad

På allmennavdelinga er tilhøva noko betre, med 24 av 81 sjukepleiarar på fulltid, men her har to fulltidsstillingar forsvunne sidan i fjor, ifølgje Sykepleierforbundet. Utviklinga går med andre ord i feil retning.

Best er tilhøva ved akutteamet. Der har sju av 19 tilsette fast jobb på fulltid.

- Ikkje same rettar

Nokre betringar har det vore det siste året. Etter at Legevakta i Oslo fekk 5,5 millionar kroner i ekstraløyvingar for 2008 vart fleire av deltidsstillingane ved allmennlegevakta utvida. Mellom anna vart nokre av stillingane på 16,1 prosent auka og fleire av stillingane på 50 prosent vart utvida til 75 prosent.

Charlotte Jovum, som er tillitsvald ved allmennlegevakta er glad for denne utviklinga, men påpeiker at talet på fulltidsstillingar enno er svært lågt.

- Det er framleis altfor mange som må spe på med ekstravakter for å få det til å gå rundt. Det er synd, seier ho.

- Aldri vore så bra som no

Fungerande direktør Eli Semmerud ved Legevakta i Oslo ser at det finst utfordringar å jobbe med, men meiner det er feil å seie at situasjonen har vorte verre.

- Det bilete kjenner vi oss ikkje att i. Dei to siste åra har vi lagt ned mykje arbeid i å utvide så mange deltidsstillingar som mogleg. Det har aldri vore så bra som no.

- Treng deltidsstillingar

Semmerud forklarer deltidsbruken ved at Legevakta treng mest ressursar natt, kveld og helg.

- Kvar helg har vi 27 personar på vakt på allmennavdelinga. For å få det til å gå opp i ein turnus der sjukepleiarane jobbar tredje kvar helg treng vi 81 tilsette totalt, men alle desse trengst ikkje på dagtid. Difor treng vi nokre deltidsstillingar.

Nøgd med situasjonen er ho likevel ikkje.

- Vi jobbar heile tida med å gjere det betre. Målet er at fleire får fulltid, men vi må ta eitt steg om gongen. Derfor er vi no i dialog med Oslo Kommune, Sykepleierforbundet, Fagforbundet, Legeforeningen og Fellesorganisasjonen for å få til eit samarbeid der stillingsbrøkane kan fyllast opp ved å jobbe fleire stader, seier ho.

- Kan ikkje forsvarast

Leiar Lisbeth Normann i Norsk Sykepleierforbund meiner tilhøva ved Legevakta i Oslo er uhøyrte.

75 prosent på deltid kan ikkje forsvarast.

Lisbeth Normann

Ho ser denne situasjonen som ekstrem, men seier det liknar situasjonen for sjukepleiarar landet rundt.

I ei medlemsundersøking Sykepleierforbundet gjennomførte i 2006 svara 41 prosent av sjukepleiarane av dei jobba deltid. Nesten halvparten av desse kunne tenkje seg å jobbe meir.

- Verst i kvinneyrke

- Vi er svært skeptiske til den utbreidde bruken av deltid. Han tek frå sjukepleiarane høve til å leve av jobben sin, gjer det lite attraktivt for ungdom å velje dette yrket og svekkjar kvaliteten for pasientane, seier Normann.

- Talet på søkjarar til sjukepleiarutdanningane i landet har gått nedover dei fire siste åra, seier ho uroa.

Ho meiner den store deltidsbruken i Noreg fyrst og fremst er eit problem for politikarane, men seier at dette handlar om meir enn økonomi.

- Her må ein sjå på haldningar og kjønsrollemønster. Sjukepleiaryrket er dominert av kvinner. Heile 97 prosent av sjukepleiarar er kvinner. Den omfattande deltidsbruken hadde aldri gått å gjennomføre i eit yrke med 97 prosent menn.

AKTUELT NÅ