NRK Meny
Normal

Tolv hooligans pågripne i Oslo

Politiet arresterte tolv personar dei meiner høyrer til hooligansmiljøet i Kroatia søndag. Politiet har skjerpa vakthald før fotballkampen på Ullevaal.

Hooligans i Oslo

SJEKKA: Politiet valde søndag å kontrollere fleire personar i framkant av fotballkampen på Ulleval stadion søndag.

Foto: Ann-Iren Finstad / NRK

– Vi har bringa inn dei for å sjekke om mogleg brot på utlendingsloven, basert på tidlegare historikk, sa innsatsleiar Torgeir Brenden til NRK like før kampstart.

​Totalt er 12 personar bringa inn i samband med landskampen. NRK er kjent med at fleire av dei høyrer til ein av den mest kjente hooligansgruppa i Kroatia. I tillegg er 20 personar vist bort frå sentrum.

På internasjonal hooligans-liste

Søndag ettermiddag var det eit stort oppbod av polititenestemenn som tok med seg åtte personar til arresten frå Karl Johan i Oslo.

Etter det NRK kjenner til skal dei politiet har teke med seg vere på ei internasjonal liste over hooligans som ikkje slepp inn på fotballkampar i det heile.

Kroatiske fotballsupporterar har gjentekne gonger laga kvalm og bråk i løpet av EM- kvalifiseringa. Supporterane kjem med rasistiske tilrop, kastar gjenstandar på bana, malar hakekors på fotballbana og øydelegg kampar.

Søndag klokka 18.00 spelar Norge mot Kroatia på Ullevaal stadion.

Operasjonsleiaren stadfester til NRK at politiet ikkje ønskjer bråk kring kampen, og at det var årsaka til at dei valde å gå til aksjon søndag.

Hooligans i Oslo

HELD KONTROLL: Politiet tek ingen sjansar før kampen mellom Kroatia og Oslo søndag kveld. Dei har plassert ut både sivile og uniformert personell i gatene og på kampen.

Foto: Ann-Iren Finstad / NRK

Kan bli vist ut av landet

– Det er for å unngå mest mogleg bråk på Ullevaal stadion på kampen i kveld, seier Bjørsvik.

– korleis vurderer de tryggleiken kring landskampen?

– Vi har eit lag som Norge møter i dag som har utfordringar med bråkmakarar. Og då må vi sjølvsagt følgje det opp og syte for at det kjem færrast mogleg av desse inn på stadion, seier innsatsleiaren.

Norsk politi samarbeider med politiet i Kroatia for å klare å halde oversikt over situasjonen.

– Når vi finn folk vi meiner er interessante undersøkjer vi dei. Og om det er kjende bråkmakarar som er domfelte i eige rike vert det oppretta ei utlendingssak og då vil vi ikkje ha dei inne på stadion.

– Er det noko her no som går under dette?

– Det er det vi undersøkjer no, seier han.

Forbod

Det er allereie innført strenge reglar framfor kampen. Det er forbod mot kroatiske drakter og flagg, og det står på billetten at det berre er for heimelaget sine supporterar.

– Vi kjem også til å visitere alle før dei slepp inn, seier kommunikasjonssjef i Norges Fotballforbund (NFF), Yngve Haavik, til NTB.

Tidlegare i år måtte Kroatia mellom anna spele for tomme tribunar mot Italia.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger