Ein mann er pågripen og minst ein til er etterlyst av politiet, i det som er ei av dei største svindelsakene i Noreg gjennom alle tider.
Ein person skal først ha overført 89 millionar kroner frå éin konto til ein annan i banken. Seinare skal han ha tappa 60 millionar kroner frå kontoen.
Politiet leitar no etter det dei meiner er hovudmannen bak svindelen.