Berre timar før startskotet, blei Nederland utestengt frå kveldens Eurovison-finale.
Årsaka er at den nederlanske deltakaren Joost Klein er under etterforsking av svensk politi.
Det er Eurovision Song Contest sjølv som melder om artistens diskvalifisering laurdag ettermiddag:
– Svensk politi har etterforska ei klage frå eit kvinneleg medlem av produksjonen om ei hending i etterkant av opptredenen hans i semifinalen torsdag. Medan etterforskinga går føre seg, vil det ikkje vere passande at han fortset i konkurransen, skriv Eurovision-arrangøren i ei pressemelding.
Nederlandsk kringkastar: Kom med truande rørsle mot kamera
Laurdag ettermiddag rykkar den nederlandske kringkastaren Avrotros ut med si forklaring på hendinga som har skapt rykteflom.
Kringkastaren seier at den nederlandske artisten Joost Klein blei filma like etter at han hadde gått av scena etter torsdagens semifinale og måtte skunda seg til eit produksjonslokale.
– På det tidspunktet sa Joost gjentatte gonger at han ikkje ønska å bli filma. Dette blei ikkje respektert. Dette førte til ein truande bevegelse frå Joost mot kamera, skriv Avrotros i ei melding på Instagram.
Den nederlandske kringkasteren Avrotros med melding om den mykje omtalte hendinga.
Foto: Skjermdump/InstagramKringkastaren understrekar at Klein ikkje rørte kamerakvinna.
Dei legg til at dei nytta fredag og laurdag til omfattande rådslagning med med EBU og at dei føreslo fleire løysingar, noko dei ikkje fekk gehør for.
– Vi står for gode manerar – ikkje misforstå det – men etter vårt syn er ei avgjerd om eksklusjon ikkje proporsjonal med denne hendinga, skriv Avrotros.
Det er arrangøren EBU som har tatt avgjerda om å utestenge Nederland og Klein frå finalen i kveld. EBU har ennå ikkje kommentert innhaldet i hendinga.
Den nederlandske kringkastaren Avrotros meiner avgjerda er «uproposjonal».
– Avrotros er sjokkert over beslutninga. Me er veldig skuffa, skriv dei i eit innlegg på X tidlegare laurdag.
Som følgje vil ikkje Nederland dela ut jurypoeng under finalen i kveld.
– No som Avrotros ikkje lenger er ein del av finalen i Eurovision Song Contest, kjenner me ikkje behov for å dela ut poenga til den nederlandske juryen.
Det var Nikkie de Jager som skulle dela ut poenget i landet under finalen i kveld. Kanalen opplyser at dei i samtale med henne vart samde om å avstå.
– Akkurat som Nikkie, såg me for oss at denne kvelden skulle vera veldig annleis.
– Blant dei mest populære
– Det er trist og leit. Og ein del av den dårlege stemninga som rår i Eurovision akkurat no, seier Morten Thomassen, president i den norske MGP-klubben.
Han meiner Klein var ein av dei mest populære artistane i årets konkurranse.
– Han blei sett på som ein liten helt av mange, fordi han var tydeleg i sitt standspunkt om Israels deltaking.
Morten Thomassen er president for den norske MGP-klubben.
Foto: Ksenia Novikova / NRKEurovision-entusiasten seier det er heilt unikt at ein deltakar blir utestengt same dag som finalen.
Leiar i ESC-Norge, Mandy Pettersen, seier ho har tiltru til at arrangøren har tatt ein nøye vurdering før dei bestemte seg for å utestenge ein deltakar.
– Til tross for alt som har skjedd til nå håper jeg at kveldens finale ikke bærer preg av mer uro, og at alle involverte får en trygg og fin opplevelse, på scenen og i salen, seier ho.
Politiet undersøker hending
Fredag kveld kom nyheita om at den nederlandske Eurovision-deltakaren Joost Klein hadde blitt nekta å synge framfor juryen.
EBU og svensk politi sa då at dei undersøkte ei hending med artisten, men ville ikkje gå meir i detalj.
Laurdag morgon meldte politiet i Malmö at dei hadde starta etterforsking av ei sak knytt til Eurovision.
Dei ville ikkje kommentera om Klein var ein av dei mistenkte. No har ESC sjølv stadfesta at Klein er under etterforsking.
.
Denne beskjeden kom frå EBU fredag. Dei skriv at dei undersøker ei hending knytt til den nederlandske artisten.
Foto: Skjermdump InstagramPolitiet seier også at dei har avhøyrt vitne og sett i gang med etterforskingstiltak.