Hopp til innhold

Svalbard ventar på CO2-svar

I løpet av ein månad skal det vere klart om det er mogeleg å lagre CO2 under permafrosten på Svalbard. For vel ei veke sidan starta den siste og avgjerande boringa utanfor Longyearbyen.

Video nsps_upload_2009_9_7_11_59_41_893.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Klikk på biletet for å sjå TV-reportasjen.

Prosjektet i Longyearbyen blei sett i gang for to år sidan. Etter å ha bora på fleire ulike stader, er spørsmålet no om ein greier å finne ein plass som høver for å lagre klimagassen CO2. Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) står bak prosjektet.

– Dette skal vere både eit lager for CO2 frå kolkraftverket her, og det skal vere eit laboratorium for å studere korleis CO2 oppfører seg i undergrunnen, seier direktøren ved UNIS, Gunnar Sand.

LES: Kan lagre CO2 på Svalbard

LES: CO2-lagring på Svalbard

LES: Longyearbyen vil bli CO2-fri

Boringa i Adventdalen skal vare i om lag fire veker. Røyret arbeider seg først nedover gjennom omlag hundre meter med permafrost, deretter 6-700 hundre meter med ulike typar bergarter.

CO2-lagring på Svalbard
Foto: Grafikk: Renate Rognan / NRK

Under eit tynt lag med skifer, nede på rundt 1000 meter, ligg eit område med porøs sandstein, der CO2-en etter planen skal pumpast inn.

Fjerde boringa

Dette er den fjerde boringa, og den første etter ein pause på rundt eitt år. Boringa blei sett på vent fordi det viste seg vanskeleg å komme igjennom eit område nokre hundre meter nede.

No er nytt boreutstyr på plass, og Gunnar Sand har god tru på at prosjektet skal lukkast.

Gunnar Sand

Gunnar Sand.

Foto: NRK

– Vi reknar med å vere nede på rundt 1000 meter i starten av oktober, og trur det er rimeleg stor sjanse for at dette skal gå bra, seier Sand. Vi veit at vi har eit sandsteinslag som er om lag 300 meter tjukt, vi har verifisert at vi har ein takbergart som vil halde reservoaret tett, så utfordringa er no eigentleg å finne den delen av sandsteinslaget som er best eigna til lagring, seier han.

Svar om kort tid

Når boringa er avslutta, skal ein samtidig ta ein injeksjonstest. Dermed vil det gå berre kort tid før ein veit om det er mogeleg å få til CO2-lagring på Svalbard.

Prosjektet er eit samarbeid mellom UNIS og Store Norske, NGU, SINTEF, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Gassnova, ConocoPhillips, StatoilHydro og Leonard Nilsen.

AKTUELT NÅ