Hopp til innhold

CO2-lagring på Svalbard

Svalbard kan bli lagringsstad for klimagassen CO2. I dag blei det sett i gang prøveboring i Longyearbyen for å finne ut om dette er mogeleg.

Svalbard
Foto: NRK

Det er første gong det blir gjort slike forsøk her i landet. I første omgang er målet å forske på CO2-injeksjon og lagring. På lengre sikt kan det bli aktuelt å lagre CO2 frå kolkraftverket i Longyearbyen 1000 meter nede i berggrunnen.

- Vi treng å få erfaring med lagring av CO2, vi treng å få analysar av berggrunnen for å finne ut kvar CO2 kan lagrast, seier Gunnar Sand, som er direktør ved Universitetssenteret på Svalbard.

- Det har ikkje noko for seg å jobbe fram reinseteknologi for CO2 utan at vi har ein stad å gjere av CO2-en.

Pumpast inn

Boringa ved flyplassen i Longyearbyen skal etter planen ta fire veker. Det skal borast eitt hol, og framdrifta er 25 meter om dagen. Til våren skal det så borast eit hol også i Adventdalen.

CO2-lagring på Svalbard
Foto: Grafikk: Renate Rognan / NRK

- Dei første hundre meterane er det permafrost, så kjem vi ned i eit 600-700 hundre meter lag med ulike typar bergarter. Under eit tynt lag med skifer, nede på rundt 1000 meter, ventar vi så å finne eit område med porøs sandstein, der CO2-en seinare kan pumpast inn, seier Sand. - Skiferen blir som eit sikkert "lok" over CO2-en.

- For det første må bergarten ha plass til CO2-en, den må altså vere porøs nok. Dernest må bergarten vere slik at CO2-en kan strøyme frå boreholet og inn i formasjonen, seier geolog Jørgen Stenvold i Store Norske.

- Skal kunne gå

Store Norske samarbeider med Universitetssenteret om prosjektet. Det gjer også NGU, SINTEF og Universitetet i Bergen. Finansieringa står Gassnova, ConocoPhillips og Store Norske for.

Kolkraftverket i Longyearbyen slepper store mengder CO2 ut i atmosfæren. Gunnar Sand trur det er mogeleg å få lagra klimagassen trygt, langt nede i bakken.

Gunnar Sand

Gunnar Sand.

Foto: NRK

- Ja, for vi veit ein del om den typen geologisk struktur som vi har rett under oss her. Denne strukturen har vi også andre stader på Svalbard, oppe i dagen. Og der har vi gjort undersøkingar som stadfester at dette skal kunne gå, seier Sand.

Studentane ved Universitetssenteret skal fortløpande ta prøver av masse som blir henta opp.

- Vi vil analysere prøvene nøye, og dermed kunne få eit svært godt bilete av grunnen på 1000 meters djup, seier Sand. - Vi set no i gang med eit nytt studium i arktiske energiressursar, og lyser ut to stillingar i energiteknologi og ein i petroleumsgeologi.

NETT-TV: CO2-lagring på Svalbard

NETT-TV: Forskar på CO2-handtering

Bellona positiv

Prosjektet er ein del av visjonen om eit CO2-fritt Svalbard, som blei lansert i fjor haust av Gunnar Sand og Alvar Braathen, som er professor i arktisk geologi ved Universitetssenteret. Det å finne ei løysing for reinsing og lagring av CO2-utsleppa i Longyearbyen, er ein viktig del av prosjektet.

LES: Ny miljøplan: CO2-fritt Svalbard

Miljøstiftinga Bellona har store forventningar til prosjektet som no er i gang på Svalbard.

- Dette er eit prosjekt som har full støtte frå oss. Det har ei rekkje interessante perspektiv, ikkje minst er Svalbard spesielt spennande geologisk, seier leiar Frederic Hauge.

- Er det ikkje risikabelt å lagre CO2 i eit sårbart område som dette?

Bellona-leder Frederic Hauge

Bellona-leder Frederic Hauge.

Foto: Erik Johansen / Scanpix

- Nei, vi oppfattar dette som svært sikkert, og ønskjer prosjektet hjarteleg velkommen, seier Hauge.

- Kolkraftverket i Longyearbyen vil ha behov for store investeringar i framtida, og alternativet, slik det ser ut i dag, er å frakte olje med båt opp. Det vil jo også ha ei rekkje negative miljøkonsekvensar. Så viss ein no kan bruke kolet lokalt på Svalbard å få til ein forureiningsfri prosess her, som også det russiske samfunnet kan nyttiggjere seg, så vil eg seie at dette er ein visjonær ide. Svalbard har eit sterkt fokus i den internasjonale klimadebatten, så det vil også ha ein stor sympoleffekt å få dette til, seier han.

- Viss Svalbard ein gong i framtida kan bli eit CO2-fritt samfunn, vil dette verkeleg bli eit eksempel i Arktis på korleis ein kan vere med på å redde Arktis, seier Frederic Hauge.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger