Hopp til innhold

Styresmaktene utfører dataangrep: – Vi har klart å hente ut statshemmelegheiter

OSLO/ARENDAL (NRK): Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) utfører nettangrep mot viktige norske samfunnsaktørar. – Kvar gong vi utfører angrep, så kjem vi alltid inn. Vi har klart å hente ut materiale som kan skade rikets sikkerheit, seier avdelingsdirektør.

Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) utfører nettangrep mot viktige norske samfunnsaktørar. – Kvar gong vi utfører angrep, så kjem vi alltid inn. Vi har klart å hente ut materiale som kan skade rikets sikkerheit, seier avdelingsdirektør.

VIDEO: Over tusen alvorlege nettangrep mot Telenor hittil i år. Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) testar kor lett det er å angripe norske interesser.

Dataekspertane som jobbar i den nasjonale cybersenteret til NSM utfører dataangrep på bestilling frå statlege aktørar – som til dømes Forsvaret og departement. Målet med det er å avdekke svakheiter i viktige nasjonale system – før dei kriminelle gjer det.

– Vi har klart å komme oss inn kvar gong vi har utført dataangrep mot norske aktørar som handterer skjerminsverdig informasjon, seier Hans Christian Pretorius, avdelingsdirektør i NSM.

– Når vi er inne i systema stoppar vi opp, for då er vi jo inne. Vi rapporterer sikkerheitshola vidare slik at dei kan tettast før dei kriminelle finn dei.

Vi har klart å hente ut både statshemmelegheiter, informasjon som er gradert og personopplysningar. Rett og slett sensitiv informasjon av alle slag.

Hans Christian Pretorius, avdelingsdirektør i Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM)

Kappløp med datakriminelle

Telenor opplever fleire gonger om dagen at den stadig meir organiserte nettmafiaen går til angrep på systema deira. Berre hittil i år har Telenor avdekka over 1000 alvorlege angrep. Dei fryktar store konsekvensar for samfunnet dersom dei ikkje lukkast med å stoppe dei.

Hans Christian Pretorius

Hans Christian Pretorius, avdelingsdirektør i NSM.

Foto: Eirin Aardal/NRK

Sikkerheitsdirektør i Telenor, Hanne Tangen Nilsen, seier dei ser ei utvikling med meir sofistikerte, meir avanserte og profesjonelle angrep.

Avdelingsdirektøren i NSM, Hans Christian Pretorius, seier at dei også opplever at angrepa blir stadig meir avanserte og organiserte.

– Utviklinga går ekstremt fort og vi er i kappløp med dei kriminelle for å henge med. Mange angrep er svært avanserte, seier han.

Får tak i informasjon av alle slag

Når NSM utfører dataangrep for å avdekke svakheiter har dei klart å hente ut svært sensivit informasjon.

– Når vi har klart å komme oss inn i eit datasystem, så får vi jo tak i all den informasjonen som ligg der, seier Pretorius.

– Vi har klart å hente ut både statshemmelegheiter, informasjon som er gradert og personopplysningar. Rett og slett sensitiv informasjon av alle slag. Vi har klart å hente ut informasjon og opplysningar som kan skade rikets sikkerheit visst det kjem ut, seier Pretorius.

Han seier det er mange aktørar rundt om i verda som har like høg kunnskap som ekspertane i NSM, og som då har kompetanse til å utføre dei same angrepa.

Sikkerheitsdirektør i Telenor, Hanne Tangen Nilsen

Sikkerheitsanalytiker Thomas Norheim viser sikkerheitsdirektør i Telenor, Hanne Tangen Nilsen, oversikt over nettangrepa det siste døgnet.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Må høgare på dagsorden

Avdelingsdirektør Einar Lunde i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet seier seier trusselen frå cyberkriminelle har blitt meir og meir alvorleg.

– Trusselen er veldig alvorleg, og trusselen er aukande. Vi har ingen sjans til å velge bort denne trusselen. Vi kan ikkje sei at dette er noko vi ikkje vil forhalde oss til. Fleire og fleire verdiar blir flytta over i det digitale rom – skurkane flyttar seg etter, seier Lunde.

– Til og med statar kan bli trua i det digitale rom på ein fundamental måte, seier han.

Pretorius i NSM meiner styresmaktene må gjere meir for å møte trusselen på ein bedre måte.

– Dette må høgare på dagsorden. Vi må ha eit større fokus på dette og implementering av tiltak må henge bedre saman, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger