Hopp til innhold

Stoppar ikkje kritisert krefttest

Helseministeren vil ikkje lytta til Helsedirektoratet sine tilrådingar om å snarast forby ein krefttest som dei meiner er for dårleg.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Både Helsedirektoratet og fleire overlegar tilrår eit forbod mot ein krefttest som dei meiner er unøyaktig. Men helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) vil ikkje bannlysa testen.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) har sett foten ned i saka om ein livmorhalskreft-test som splittar det medisinske fagmiljøet, og som Helsedirektoratet no vil svartelista.

I eit brev som sykepleien.no har fått tilgang til, skriv Strøm-Erichsen at ho vil ha ein breiare fagleg dialog om testen, før departementet konkluderer i saka.

Strid om beste test

Det finst fleire testar for å påvisa risiko for livmorhalskreft, som er den vanlegaste kreftformen blant kvinner under 35 år i Noreg.

Fem av sjukehusa i Noreg får kritikk frå fleire overlegar, fordi dei brukar ein type test mange meiner er altfor dårleg: Universitetssjukehuset i Nord-Noreg og sjukehusa i Drammen, Fredrikstad, Lillehammer og i Aalesund.

Kritikarane hevdar at testen er så unøyaktig at den overser mange kvinner som står i fare for å utvikla livmorhalskreft.

Forkjemparane meiner på si side at kritikken er unyansert, og at testen dei brukar er den mest treffsikre:

– Det vil vera uklokt å velga vekk den testen som treffer best, seier overlege ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg, Sveinung Sørbye.

Ministeren vil ikkje forby

No har direktoratet teke standpunkt i saka. Det har lagt fram eit forslag til endring av dei nasjonale retningslinjene for livmorhalsprøvar, som betyr spikeren i kista for den utskjelte krefttesten som blant anna Sørbye forsvarar.

Men direktoratet vil ikkje få oppfylt ønsket om eit snarleg forbod mot testen.

Ifølgje Sonja Irene Sjøli (H), medlem i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, meiner helseministeren at spliden i fagmiljøa framleis er for stor til at departementet vil bannlysa testen.

Video Sonja Sjøli krev semje om krefttest

Stortingsrepresentant Sonja Irene Sjøli (H) krev semje om krefttest (Morgennytt, 10.02.2011).

– Blir redde av kranglinga

– Det skapar mykje bekymring og frykt blant kvinner når fagmiljøa er så ueinige og kranglar som dei gjer, seier Sjøli.

Både ho og helseministeren forlangar no at fagmiljøa set seg ned og blir samde.

– Det er alvorleg om kvinner med kreftfare ikkje vert oppdaga, og dermed ikkje får behandling. Difor må me koma fram til ein krefttest som alle kan einast om, slik at alle kvinner får eit trygt og godt tilbod, legg Sjøli til.

Helseministeren har varsla at departementet ikkje har hastverk, men at dei håpar å ha på plass nye retningslinjer om bruken av krefttestar i løpet av året.

– Me vil sjølvsagt ha klarheit i kva for ein praksis som er den beste snarast råd, men avgjersla må kvila på eit solid og sameint fagleg grunnlag, seier stortingsrepresentanten.

Overlege Sveinung Sørbye

Overlege Sveinung Sørbye ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg, meiner det vil vera uklokt av departementet å forby den omstridde krefttesten.

– Uryddig og einsidig

Overlege Sørbye ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg er glad for at helseministeren skjer gjennom og krev meir dokumentasjon i saka.

– Dette har vore ein uryddig prosess, og direktoratet har ikkje teke omsyn til heile fagmiljøet. Me meiner det er rett og rimeleg at det blir ei open høyring, og at ein ventar med å konkludera til evalueringa av krefttesten er klar, seier Sørbye.

Helseministeren sjølv vil ikkje uttala seg om saka før direktoratet har kome med ei ny tilråding om testing av livmorhalskreft. .

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger