Hopp til innhold

Krev klare svar om overvaking av nordmenn

Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg (Ap) vil ha alle fakta på bordet etter den nye avsløringa om amerikansk overvaking av 33 millionar mobilsamtalar i Noreg.

Barack Obama og Jens Stoltenberg holdt felles pressekonferanse i Oslo i desember i år.

Jens Stoltenberg og Barack Obama på ein pressekonferanse i Oslo tidlegare i år.

Foto: JEWEL SAMAD / AFP

SISTE: Sjef for Etterretningstjenesten, generalløytnant Kjell Grandhagen, avviser at norske borgere er blitt overvåket av amerikanerne i Norge.

– Eg har ikkje vore kjent med at det har skjedd slik overvaking som no blir skildra, seier Jens Stoltenberg til NRK.

– Dette er ganske sjokkerande, det handlar om at dei overvakar alle oss norske borgarar, seier partileiaren i Venstre, Trine Skei Grande.

Den amerikanske etterretningstenesta (NSA) skal ha overvaka og registrert over 33 millionar private samtalar i Noreg i ein periode på 30 dagar.

Opplysningane kjem fram i dokument som Dagbladet har fått tilgang til via den etterlyste varslaren Edward Snowden, som tidlegare har jobba både for CIA og NSA.

– Kan ikkje behandla alle som terroristar

Overvakinga skal ha skjedd i årsskiftet 2012-2013, medan Stoltenberg framleis var statsminister.

– Det som kjem fram no og omfanget av det understrekar kor viktig det er å få klarlagt kva som faktisk har skjedd, seier han.

Skei Grande i Venstre rettar nådelaus kritikk både mot norske teleselskap, som ho meiner ikkje beskyttar informasjonen godt nok, og mot amerikanske framgangsmetodar.

– Kvifor skulle alle norske borgarar vera i risikosona og måtte bli overvaka berre fordi nokon trur at det kanskje finst nokre råtne egg blant oss? Me må ha ein langt meir målretta kamp mot terrorisme, enn at me alle skal bli behandla som terroristar, seier ho.

Stoltenberg seier han forstår president Barack Obama sitt argument for overvaking som eit middel i kampen mot terror.

– Men det er viktig at det skjer innanfor lovar og reglar.

Krev ny runde med amerikanarane

Trine Skei Grande

Trine Skei Grande kritiserer USA for å behandla alle norske borgarar som potensielle terroristar.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Snowden har tidlegare leke informasjon om overvaking i Tyskland, Frankrike, Spania, Brasil og India. Det har vekt diplomatisk mistru og kraftige reaksjonar mot USA.

Norske styresmakter oppretta ein dialog med amerikanske styresmakter i sommar, då det kom tilsvarande avsløringar for andre land. Amerikanarane hevda den gongen at all overvaking skjedde innanfor amerikansk lovverk.

– Den dialogen er ikkje ferdig. Den informasjonen som no kjem fram, viser at det er naudsynt å gå ein ny runde med amerikanarane. Det er viktig å få alle fakta på bordet og så vurdera det, gjentek Stoltenberg.

I Noreg skal ikkje samtalane ha blitt avlytta. Telefonnummera til den som ringjer og den som blir oppringd, lengda på samtalane, kvar telefonen er og serienummer på telefonane har blitt registrert, ifølgje dei nye avsløringane.

Solberg kritiserte Snowden

Statsminister Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg (Høgre) sa tidlegare i november at ho ikkje såg på Edward Snowden som ein varslar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

SV-politikar og tidlegare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell meiner avsløringane vil og bør få konsekvensar for forholdet Noreg har til USA.

Partiet skriv i ei pressemelding tysdag at dei krev ein sterk reaksjon frå den borgarlege regjeringa.

– Dette er heilt uakseptabelt og bør påverka forholdet me har til USA. Me kan ikkje utan vidare ha tillit til alt amerikansk etterretning seier og gjer. Regjeringa bør no kalla den amerikanske ambassadøren inn på teppet og be om forklaringar og avklaringar på at dette ikkje skjer i dag og ikkje vil skje i framtida.

Justisminister Anders Anundsen (Frp) seier han ikkje er kjend med opplysningane som kjem fram i Dagbladet tysdag. Han vil førebels ikkje kommentera saka.

Tidligere statsminister Jens Stoltenberg mener vi nå må få alle fakta på bordet om mulig overvåking av norske mobilsamtaler.

Stoltenberg kommenterer påstander om overvåking

AKTUELT NÅ