Hopp til innhold

Stadig meir drivhusgassar i atmosfæren

Mengda av drivhusgassar i atmosfæren auka også i 2018, går det fram av ein ny rapport frå Verdas meteorologiorganisasjon (WMO).

Peteri Taalas er generalsekretær i Verdas meteorologiorganisasjon.

Petteri Taalas er generalsekretær i Verdas meteorologiorganisasjon. Han la fram rapporten «Greenhouse Gas Bulletin» i Genève måndag.

Foto: Fabrice Coffrini / AFP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det var generalsekretær Petteri Taalas i Verdas meteorologiorganisasjon som la fram rapporten «Greenhouse Gas Bulletin» i Genève i Sveits i føremiddag. Han gjorde det klart at det er på høg tid at noko blir gjort for å snu utviklinga.

– Det er ikkje noko teikn til at mengda av Co₂ og andre drivhusgassar i atmosfæren er i retur, heller ikkje oppbremsing, trass i forpliktingane i Paris-avtalen, sa Taalas blant anna på pressekonferansen.

Også då organisasjonen i fjor på denne tida la fram rapporten for 2017 var konklusjonen den same. Det hadde aldri vore meir drivhusgassar i atmosfæren på fleire millionar år.

Langvarig trend

Utviklinga vart ikkje snudd i 2018 heller.

– Denne langvarige trenden betyr at framtidige generasjonar vil oppleve alvorlege konsekvensar av klimaendringane. Det betyr auka temperaturar, meir ekstremvêr, problem med vassforsyninga, auka havnivå og øydelegging av økosystema både på land og i havet, heiter det i rapporten.

I 2018 var nivået av klimagassar i atmosfæren på 407,8 ppm. Året før var nivået 405,5 ppm. PPM står for «parts per million». Auken frå 2017 til 2018 var omtrent like stor som auken 2016 til 2017. I 2015 var nivået for første gong over 400 ppm.

I rapporten heiter det at CO₂ blir verande i atmosfæren i fleire hundreår, og endå lenger i havet.

Grafikk frå WMO.

3–5 millionar år sidan

Konsentrasjonen av metan og nitrogenoksid er også høgare enn tidlegare, viser målingar frå Global Atmosphere Watch. Her er det gjort målingar blant anna i Arktis, i fjellområde over heile verda og på tropiske øyer.

– Det er verd å tenkje over at sist jorda opplevde ein tilsvarande konsentrasjon av Co₂ var for 3–5 millionar år sidan. Då var temperaturen 2–3 grader varmare enn i dag, og havnivået var 10–20 meter høgare enn no, sa Petteri Taalas då ha presenterte rapporten.

Det er i dag ikkje noko som tyder på at klimautsleppa vil nå toppen og starte nedgangen før 2030, og i alle fall ikkje før 2020, går det fram av rapporten. Berre ein stor global innsats for å få ned utsleppa vil kunne gi resultat.

– Radikal endring

– Det vi ser i denne rapporten er at det internasjonale samfunnet må gjennomføre konkrete, forsterka tiltak for å få ned utsleppa no, eller så vil konsekvensen vere ein klode som blir radikalt endra som følgje av klimaendringar, seier visedirektør for FNs klimaprogram, Inger Andersen.

Tysdag denne veka kjem ein rapport som handlar om gapet mellom det som er realiteten når det gjeld utslepp, og der vi skal vere for å stanse klimaendringane. Det er ingenting som tyder på at dette gapet har blitt noko mindre.

Verden bruker mer kull

Varmaste nokon gong

I september i år la organisasjonen fram ein rapport som viste at perioden 2015 til 2019 var den varmaste perioden nokon gong. Temperaturen var 1,1 grader varmare enn snittet i det ein reknar som førindustriell tid (1850-1900). Samanlikna med femårsperioden 2010 til 2015 auka temperaturen med 0,2 grader.

Les heile rapporten her

AKTUELT NÅ