Hopp til innhold

Stadig fleire unge bruker privatlærarar

Selskapa som hjelper barn og unge med lekser tener stadig meir på elevar som ønsker å bli flinkare. Utdanningsdirektoratet liker ikkje utviklinga.

Katja Hambro Svendsen

ELEV: Katja Hambro Svendsen har tatt i bruk privatlærar for å øve til ein eksamen.

Foto: Privat

– Eg bruker privatundervisning fordi det er ein god måte å bli så flink som mogleg på i eit fag, seier Katja Hambro Svendsen (17).

Oslo-jenta går i andre klasse på vidaregåande skule. På skulen har dei berre ein lærar på 30 elevar. Når ho har privatundervisning får ho ein lærar heilt for seg sjølv, seier ho til NRK. Det gir resultat.

– Eg blir sett og høyrd av privatundervisaren. I løpet av dei to dagane eg hadde undervisning, forbetra eg meg mykje i faget, seier Svendsen.

Ho har ikkje tidlegare fått privatundervisning og fekk hjelp i eitt fag helga før eksamen nå i juni. Svendsen er tydeleg på at ho er privilegert som får ekstraundervisning.

– Det er ikkje rettferdig at ikkje alle har moglegheit til å kjøpe det. Det er kjipt at nokon ikkje har råd til privatlærar, seier ho.

På fire år har dei tre største leksehjelpselskapa auka si totale omsetninga frå 10- til 27 millionar kroner.

Auka omsetninga med 16 millionar

MentorNorge er det største leksehjelpselskapet i landet og har opplevd ein kraftig auke i førespurnader dei siste åra. Det har hjelpt på omsetninga deira, som har stige frå 1 million kroner i 2014 til 17 millionar kroner i 2017.

– Vi får stadig fleire førespurnader frå familiar i heile landet. Familiar med barn og ungdom i skulealder, som vil ha litt hjelp med skulearbeidet, seier dagleg leiar MentorNorge, Bjørn Kristian Haugerud.

Bjørn Kristian Haugerud

MENTOR: Bjørn Kristian Haugerud seier til NRK at dei frå 2014 til 2017 har auka tal på undervisningstimar frå 2700 til 29.000.

Foto: Sindre Camilo Lode / NRK

På spørsmål om kva som er grunnen til denne auken, seier han:

– Vi er eit kunnskapssamfunn der fleire tar høgare utdanning og som i framtida må leve av kunnskapen sin. Det gir nokre naturlege utfordringar langs vegen som det er mange måtar å løyse på. Privatundervisning er ei av løysingane.

Selskapet leverer tenester knytt til skulearbeid. Dei har elevar frå barne-, ungdoms- og vidaregåande skule. Haugerud seier til NRK at dei i tillegg til å hjelpe med lekser, gir undervisning i forkant av prøvar, eksamenar og innleveringar.

Les også: Flere elever får privatundervisning

Reagerer på auken

Divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Kjersti Flåten, seier at lekser i utgangspunktet skal vere gitte på ein slik måte at elevane kan gjere dei sjølv, utan hjelp frå foreldre eller private leksehjelparar. Ho er skeptisk til utviklinga vi nå ser.

Kjersti Flåten

NEGATIV: Divisjonsdirektør Kjersti Flåten i Utdanningsdirektoratet er ikkje begeistra for auken i bruk av privatlærarar.

Foto: Utdanningsdirektoratet

– Vi ønsker ikkje ei utvikling der folk kjøper privatundervisning. På skulen skal elevane få tilpassa opplæring og undervisning ut frå sine føresetnader og potensial.

I kor stor grad gjennomfører skulen oppgåva si når så mange vel å betale for privatundervisning?

– Vi har ingen funn frå skulekvardagen som kan forklare ein slik auke. Det kan ha med ein generell trend å gjere. At nokre kjøper seg ekstra tenester når dei kan, betyr ikkje at skulen sviktar, seier Flåten.

Bør tilpasse leksene

Kjersti Lien Holte er forskar ved Høgskolen i Østfold og har forska på lekser. Til NRK seier ho at det er heilt greitt at folk bruker desse tenestene.

Kjersti Lien Holte

FORSKAR: Kjersti Lien Holte er tydeleg på at problemet ligg i skulen og måten lekser blir gitte på.

Foto: Privat

Ho peiker derimot på skulen si tilpassing og tilrettelegging for elevar når ho skal forklare kvifor fleire kjøper seg undervisningstenester.

– Skulen er ein institusjon som skal bidra til utjamning av sosial ulikskap. Når skulen praktiserer lekser på ein måte der elevane får behov for private leksehjelparar for å få utdanninga og læringa dei skal, blir det eit problem, seier Holte.

Gratis leksehjelp

Ikkje alle har moglegheit til å kjøpe privatundervisning. Enkelttimar kan koste opp mot 700 kroner i timen. Kjøper du eit pakketilbod, kan timeprisen falle til omtrent halvparten.

Røde Kors driv gratis leksehjelp lokalt i heile landet. Det gjer dei for å jamne ut sosial ulikskap. På leksehjelpa deira på Grønland i Oslo sit fire ungdommar som ikkje forstår kvifor folk vel å betale pengar for leksehjelp dei kan få gratis.

Jawahir Abdirahman Yusuf

ELEV: Jawahir Abdirahman Yusuf (21) sett pris på hjelpa og roa ho får på Røde Kors si leksehjelp i Oslo.

Foto: Sindre Camilo Lode / NRK

– Her kan eg få hjelp om eg står fast. Det er ein lette å komme hit og samtidig blir du ferdig med det du skal, seier Jawahir Abdirahman Yusuf (21).

Ho seier vidare at ho at veit om ungdommar som tenker at Røde Kors sitt tilbod ikkje er bra fordi det er gratis. Det er ho ikkje einig i.

– På Røde Kors er leksehjelparane her for å hjelpe. Samtidig må du ha motivasjon for å få hjelp og lære, viss ikkje er det ikkje vits, seier ho.

Seniorrådgivar i Røde Kors, Una Cecilie Aagesen synest det er viktig å ha eit tilbod som ikkje kostar pengar.

Organisasjonen merkar auka pågang til si digitale leksehjelp. I dag klarer dei berre å svare omtrent 70 prosent av førespurnadane dei får om leksehjelp. Nå rustar dei opp det digitale tilbodet.

– Vi ser at vi treng å hjelpe fleire. Det gjer vi for å kunne nå ut til endå fleire, til dei som ikkje har tilbod om fysisk leksehjelp eller som ikkje har moglegheit til å komme seg til ein stad med fysisk leksehjelp.

Les også: Bruker dobbelt så mye på profesjonell leksehjelp

AKTUELT NÅ