Hopp til innhold

Sp: – Tangen må selje seg ut av eigne selskap

Senterpartiet meiner Nicolai Tangen ikkje kan bli sjef for Oljefondet utan å oppfylle krava frå representantskapet i Noregs Bank. – Det er viktig å sikre ryddige forhold, seier deira finanspolitiske talsperson.

2nO4FpUm1CI

Komande sjef for Oljefondet, Nicolai Tangen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Måndag denne veka starta den opne høyringa i Stortinget om tilsetjinga av komande leiar for Oljefondet Nicolai Tangen

Korleis ein skal sikre seg mot moglege interessekonfliktar mellom Nicolai Tangens private investeringar og formue og oljefondet, har vore ei av dei sentrale problemstillingane.

Sigbjørn Gjelsvik, Finanspolitisk talsperson i Sp, meiner Tangen ikkje kan bli sjef for Oljefondet om han ikkje oppfyller krava frå Representantskapet.

Tangen må eliminere potensielle interessekonfliktar, men og ha full openheit om skatteforhold. Og å følgje andre reglar som gjeld for tilsette i Noregs Bank, meiner Senterpartiet.

–Tangen må selje seg ut av dei investeringane han har i Akosystemet og flytte formuen sin heim. Vi kan ikkje sjå at det er skissert andre måtar å oppfylle Representantskapet sine krav på, seier Gjelsvik.

Sigbjørn Gjelsvik

Sigbjørn Gjelsvik

Foto: Hans ivar Moss Kolseth / NRK

Må sikre tillit – Også i framtida

– Tangen har jo sjølv sagt at dette er livsverket hans. Og at det er heilt uaktuelt å selje seg ut?

– Det viktige i denne saka er å sikre at vi har ein stabilitet og tryggleik rundt forvaltinga av vår felles formue, seier han.

Gjelsvik peiker på at det er viktig å ta vare på fellesskapet sin tillit. Både på Stortinget, men og i befolkninga. Og ikkje minst den internasjonale kapitalmarknaden.

– Det er viktig å sikre ryddige forhold og tillit rundt ei så viktig stilling, seier han.

Hard kritikk frå Representantskapet

Representantskapet, som er Noregs Banks kontrollorgan, har granska prosessen og brukt uvanlege sterke ord om tilsetjingsprosessen av Tangen.

– Representantskapet deler ikkje oppfatninga i hovudstyret om at risikoen for interessekonfliktar for alle praktiske formål er eliminerte, sa Representantskapets leiar, Julie Brodtkorb i innleiinga si for finanskomiteen måndag.

I juni valde representantskapet å sende eit brev til Stortinget med ei rekkje kritiske påpeikingar. Representantskapet meiner avtalen som er inngått med Nicolai Tangen går utanfor rammeverket som gjeld for alle tilsette i Noregs Bank. I tillegg ber dei om eigne kontrollrutinar for Tangen.

Sentralbanksjef Øystein Olsen forsvarte tilsetjinga av Nicolai Tangen som oljefondssjef under høyringa måndag. Olsen slo tilbake mot mykje av kritikken mot tilsetjinga og sa at Tangen var den «klart sterkaste kandidaten» som kan vise til imponerande resultat.

– Samtidig er han ein nytenkjande og engasjert leiar med ei djup forståing for dei strategiske utfordringane som oljefondet står overfor, sa Olsen.

AKTUELT NÅ