Den førre prisrekorden på straum kom 21. desember i fjor. Då var prisen på Austlandet 3,95 kroner kilowattimen.
Torsdag passerer straumprisen for eitt døgn for første gong 4 kroner. Då må forbrukarar og næringsliv i Sørvest-Noreg betale 4,22 kroner kilowattimen, viser oversikta frå straumbørsen Nord Pool.
Sørvest-Noreg omfattar i denne samanhengen sørlege Vestland, Rogaland, Agder og Vestfold og Telemark.
Torsdag får delar av Noreg rekordhøg straumpris.
Foto: Øystein Otterdal / NRKPå Austlandet og delar av Vestlandet blir døgnprisen 2,04 kroner kilowattimen, medan Midt-Noreg og Nord-Noreg må betale rundt 2 øre kilowattimen.
Prisane omfattar ikkje avgifter, nettleige og påslag frå straumselskapa.
Det var Europower som først omtalte saka.
Framleis lite vatn i magasina
Straumprisane har vore uvanleg høge dei siste månadane. Ein viktig grunn til dette er den urolege verdssituasjonen og straumeksport. I tillegg er det låg fyllingsgrad vassmagasina.
I førre veke hadde dei norske magasina ei fyllingsgrad på 65,1 prosent. Det er ei auke med 1 prosenteiningar frå veka før, viser tal frå NVE.
Medianverdien på tilsvarande tidspunkt for åra 2002–2021 er 73,3 prosent.
I førre veke hadde dei norske magasina ei fyllingsgrad på 65,1 prosent. Det er ei auke med 1 prosenteiningar frå veka før, viser tal frå NVE.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKMen det er store forskjellar mellom landsdelane. Sørvest-Noreg hadde den lågaste fyllingsgraden med 48,3 prosent i førre veke.
Midt-Noreg hadde høgast magasinfylling med 87,4 prosent.