Hopp til innhold

Sophie Elise: – Det er jo ein elefant i rommet

I dagens episode av NRK-podkasten «Sophie og Fetisha» kommenterer Sofie Steen Isachsen mediestormen etter publiseringa av det omstridde Instagram-bildet for snart to veker sidan.

Lytt til nyeste episode av «Sophie og Fetisha» i appen NRK Radio.

BRYT TAUSHEITA: Sjå klipp frå siste episode.

– Alle veit jo at Noreg har stått på hovudet den siste veka. Det var ikkje på grunn av krig, svolt og fattigdom slik ein kanskje skulle tru. Ikkje på grunn av ufoar, eller at jordas kjerne har skifta rotasjonsvinkel. Det har rett og slett vore på grunn av mellom anna meg då, fortel Isachsen i starten av episoden.

I dagens episode av «Sophie og Fetisha» bryt ho for første gong tausheita rundt det omstridde Instagram-bildet. Episoden har namnet «Elefanten i rommet».

– Eg har sett meg sjølv i denne situasjonen, det er eg som har gjort det her, fortel Isachsen i episoden.

– Eg synest ikkje synd på meg sjølv. Dette er berre noko eg må ta. Ja, så der har de den, legg ho til.

NRK Nyheiter har forsøkt å få ein kommentar frå Sofie Steen Isachsen men har ikkje lykkast.

– Som å bli kasta rundt i ein tørketrommel

Isachsen fortel at det kjennest som ho har blitt kasta rundt i ein «tørketrommel» den siste veka, og at ho har vore heime på barnerommet i Harstad.

Sophie Elise i forbindelse med podkasten Sophie og Fetisha

Isachsen fortel at ho har vore i Harstad den siste veka.

Foto: Petter Nielsen

Det har storma rundt påverkaren den siste veka etter det omstridde bildet blei publisert på instagram-kontoen hennar. Det var fleire som lurte på om ho ville kommentere bildet i førre episode av podkasten, men då blei ikkje bildet nemnt. No vel ho likevel å uttale seg:

– Fleire høyrer på denne episoden og tenker: Kva skal ho seie? Kjem ho til å kommentere det? Og då er mitt svar på det: Grunnen til at eg ikkje seier noko er ikkje fordi eg ikkje veit kva eg skal seie, og ikkje fordi eg ikkje står stødig i det eg skal seie, men fordi eg er dritsliten.

Påverkaren fortel at den siste tida har vore tøff:

– No kjenner eg same kva eg gjer så er det feil, så verkar det kalkulert. At eg ikkje sit her å grin er feil, hadde eg grine hadde det vore feil. Greia er at eg synest det har vore jævlig tungt den siste veka, men eg synest ikkje synd i meg. Eg har sett meg sjølv i denne situasjonen, det er eg som har gjort det her, fortel Isachsen i episoden.

Høyr episoden her:

Kansellerer seg sjølv

Isachsen fortel følgande om sjølve publiseringa:

– Nokon meiner at influensarar studerer nøye eit kvart trekk dei gjer, og då seier eg, i seg sjølv kjenner ein andre. Eg gjer ikkje det. Eg er «Skipp, skippedidat, skippeditdot».

– Viss du tenker i hjartet ditt at nokon andre er ekstremt kalkulert, så er det fordi du er det. Eg sit ikkje å studerer alt eg gjer. Eg er ikkje så opptatt av meg sjølv som andre er opptatt av meg, fortset ho.

– Eg trur eg er den minst opptatte av Sophie Elise i dette landet nå. Eg er dritlei av den kjerringa der. Få ho bort. Eg kansellerer meg sjølv. Eg treng ikkje dykk.

Mot slutten av episoden diskuterer Isachsen og medprogramleiar Fetisha Williams kva dei ønskjer å endre med samfunnet i dag. På spørsmålet svarer Williams kanselleringskultur.

– Det som har skjedd med meg den siste veka har faktisk vore kanselleringskultur, svarar Isachsen.

– Du prøver å få nokon til å miste jobben, basert på at ein ikkje liker vedkommande, legg ho til.

Snakkar ikkje om sjølve hendinga

Redaksjonssjef i NRK Underhaldning Rune Lind seier at Sophie og Fetisha sjølv kan velje kva dei ønskjer å snakke om i podkasten. Dei kom likevel fram til at ho ikkje skulle snakke om sjølve hendinga i dagens episode.

– I denne episoden snakkar Sophie om korleis ho har hatt det den siste veka, og det er ein del av konseptet, fortel Lind.

– Redaksjonen diskuterte i forkant om dei skulle snakke om sjølve hendinga, men kom fram til at sidan Sophie på nåverande tidspunkt ikkje ønsker å snakke med media om hendinga, så skal ho ikkje gjere det i podkasten, held han fram.

Isachsen har ikkje snakka med nokon medium i etterkant av hendinga.

Spreidd i rekordfart

Det var søndag førre veke at Isachsen publiserte det no virale Instagram-innlegget.

SKJERMDUMP INSTAGRAM: Sophie Elise Isachsen la ute et bilde på Instagram som har fått mye oppmerksomhet.

Dette er bildet som blei publisert på Instagram søndag førre veke.

Foto: SKJERMDUMP INSTAGRAM

På bildet står Isachsen ved sida av ei venninne, som også er influensar. I venstrehanda held venninna ein liten gjennomsiktig plastpose som inneheld noko kvitt.

I bildeteksten står det: «Livet blir cirka en milliard ganger morsommere når man bare gir faen».

Nest mest innklaga til kringkastingsrådet

Torsdag er talet på klager til Kringkastingsrådet i samband med Instagram-innlegget 3659. Dette gjer saka til den nest mest innklaga saka i rådet si historie.

Tysdag førre veke uttalte NRK at Instagram-bildet ikkje får konsekvensar for podkast-samarbeidet.

Fleire aktørar vurderer derimot samarbeidet med Sophie Elise, og Rema 1000 har sett lanseringa av det nye godteriproduktet til Sophie Elise på vent.

Sofie Steen Isachsen er knytt til NRK gjennom podkasten «Sophie og Fetisha». Oppdragsgivaren hennar er NRK underhaldning. NRK Nyheiter arbeider journalistisk uavhengig med denne saka.

AKTUELT NÅ