Hopp til innhold

Smertefritt i sikkerheitskontrollen

149 vektarar ved Oslo Lufthamn Gardermoen er i streik, og passasjerar er blitt bedne om å førebu seg på svært lang ventetid. Men køkaoset i sikkerheitskontrollen er framleis fråverande.

Overvåkningskamera av avgangshallen på Gardermoen

IKKJE KAOS: Dette overvåkningsbiletet teke av avgangshallen ved Oslo Lufthamn Gardermoen like før klokka 16.00, viser at det enno ikkje er det store køkaoset.

Foto: Webkamera-screenshot / OSL

Oslo Lufthamn har førebudd seg sjølve og passasjerar på køkaos på grunn av vektarstreiken.

Då 149 vektarar ved flyplassen er tekne ut i streik, blir passasjerar åtvara mot store folkemengder og lange køar.

Men det venta køkaoset på ettermiddagen lot vente på seg.

LES: Midt i uka trapper de opp igjen

LES: Ingen kø på Gardermoen

Frykta kaos

Jo Kobro

SMILAR: Ein blid Jo Kobro rosar dei like blide passasjerane som tek den ikkje så lange ventetida med eit smil.

Foto: Knut Fjeldstad / Scanpix

Måndag morgon fortalte informasjonssjef Jo Kobro til NRK at her på Gardermoen er alt «berre fryd og gammen».

Men han venta at rushet som vanlegvis kjem mellom tre og fem kvar ettermiddag ville kome tidlegare.

– I dag kjem det nok tidlegare enn vanleg. Eg går ut ifrå at det blir meir folk ein stad mellom klokka eitt og to, seier Kobro når NRK snakkar med han før lunsj måndag.

Fleire tilsette ved flyplassen har stilt opp frivillig for å hjelpe til å ta unna folkemengdene som er venta i løpet av dagen.

– Berre «fryd og gammen»

Klokka eitt er likevel køkaoset fråverande, sameleis klokka to.

Til og med klokka tre, to timar på overtid ifølgje forventningane til køkaoset, er «fryd og gammen» er framleis den dominerande stemninga i avgangshallen ifølgje Kobro.

– Vi hadde venta lange køar på denne tida, men det er ikkje det, her går alt som vanleg, seier han.

– Folk tek oppfordringa vår og dukkar opp tidleg, noko som bidreg til at dette går veldig smertefritt, seier Kobro klokka 15.00 til NRK.

LES: Her møtte folk opp i fem-tida om morgenen

På nettsamfunnet Twitter stadfestar fleire reisande at sikkerheitskontrollen gjekk overraskande smertefritt på føremiddagen.

Leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn er blant dei som behandlar situasjonen med eit glimt i auget:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Også tidlegare kunnskapsminister og leiar i Civita, Kristin Clemet, var overraska over det manglande køkaoset i sikkerheitskontrollen:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Informasjonssjef Jo Kobro rosar blide passasjerar som er med på å gjere streiken så smertefri som mogleg.

– Blide passasjerar er heltar

– Heltane i dette er dei blide passasjerane våre, dei dukkar opp i god tid og er avslappa, velvillige og hyggelege, seier Kobro.

Han fortel vidare at dersom dette skal vise seg å bli ein vanleg dag på Oslo Lufthamn, vil det største rushet truleg starte i firetida.

– Vi oppmodar framleis passasjerane om å dukke opp i god tid før flyet deira skal gå, for sjølv om det kanskje ikkje blir eit uhandterleg stort press, vil det verte ein del ventetid, seier Kobro.

Når NRK.NO snakkar med Kobro like før klokka 18.00, kunne han fortelje at det store rushet uteblei også utover ettermiddagen.

– Eg er positivt overraska, for vi har hatt heile ti sluser opne, og at folk har vore tidleg ute i heile dag har gjort at ingen fly er forseinka og ventetida ved sikkerheitskontrollen har vore minimal i forhold til kva vi forventa, seier Kobro.

– Det einaste vi merka rundt klokka fire, var at det blei litt meir støy i avgangshallen, men folk var framleis blide og samarbeidsvillige, held han fram.

Fleire flyplassar er råka

Men ikkje alle flyplassar hadde ein like roleg måndag morgon.

Meklinga for å unngå vektarstreik braut saman 14 timar på overtid fredag.

Norsk Arbeidsmandsforbund tok då ut 1797 vektarar i streik, og i dag blei streiken trappa opp med 1189 vektarar.

12 norske flyplassar er råka av streiken.

LES: Streikefast i Tromsø

LES: Flypassasjerane i Kristiansund blir omdirigert

Måndag morgon var det kaos og kø i sikkerheitskontrollane på ei rekkje flyplassar, og onsdag blir det verre.

Då blir nesten 500 nye vektarar tekne ut i streik, mellom anna i pengetransportfirmaet NOKAS og i Securitas.

Femti vektarar på Oslo Lufthamn Gardermoen og til saman 56 ved andre norske flyplassar blir tekne ut i streik onsdag.

Dette gjeld mellom anna alle i sikkerheitskontrollen på Førde Lufthamn og Leknes Lufthamn.

Fleire flyplassar er stengde, og andre har sterkt avgrensa kapasitet på grunn av at sikkerheitskontrollen er ramma av streiken.

Flyplassane i Kristiansund, Alta og Sandnessjøen er stengde på grunn av streiken.

AKTUELT NÅ