Hopp til innhold

Sårbare grupper mistar viktige tilbod: – Å overhalde karantene er nesten umogleg

Korona-stengde byar fører til at sårbare grupper mistar tilgang til viktige helsetilbod. Når smitten spreier seg til desse gruppene er vi veldig sårbare, seier fagperson.

Storgata 36

GODE RÅD: Heile Noreg blir bedt om å halde avstand. Men for enkelte grupper er dette nærast umogleg.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Eg er veldig redd no. Eg har diabetes type 1, og har behov for både insulin og lege, seier Ali Alimari.

Han oppheld seg ulovleg i Noreg etter han fekk avslag på asylsøknaden sin, og har derfor ikkje rett på anna enn akutt helsehjelp.

Helsesenteret for papirlause migrantar i Oslo, som gir gratis helsehjelp til papirlause, må no stenge på grunn av smittefare. For Ali Alimari og andre papirlause flyktningar er dette svært dramatisk.

– Nokon av oss papirlause har kreft, medan andre slit med andre alvorlege sjukdommar. Kva gjer vi no? spør Alimari.

Ali Alimari

HAR DIABETES: Ali Alimari er papirlaus flyktning, og har derfor ikkje krav på offentleg helsehjelp. No stenger det einaste helsetilbodet han har delvis ned.

Foto: privat

Dei er utan arbeid eller sosiale rettar, og få har ein stad å bu. Mange bur tett, anten ute eller på akuttovernatting. Smittefaren er stor.

– Når dei verken har eit legetilbod for testing eller kan få behandling, er dette alvorleg både for den enkelte og for samfunnet, seier Linnea Nasholm, dagleg leiar for helsesenteret.

Dei arbeider med å sikre et minimumstilbod med sjukepleiar i bakgarden to gongar i veka.

Tomme venterom

Også i Bergen har helsesenteret for papirlause sett seg nøydd til å stenge det vanlege tilbodet.

Koronakrisa har gjort at legane og sjukepleiarane som vanlegvis kjem til den hemmelege adressa i Bergen sentrum, ikkje lenger kan jobbe frivillig på senteret.

– Det betyr at pasientane våre berre kan få hjelp via telefon. Det er ikkje alltid så lett når det gjeld komplekse helseproblem, seier tiltaksleiar Katrine Meisfjord.

Helsesenter for papirløse migranter i Bergen

STILLE: Helsesenteret for papirlause flyktningar i Bergen må stenge store delar av tilbodet sitt på grunn av koronaviruset.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

I fjor hadde dei over 500 konsultasjonar på senteret. Dei fleste er asylsøkarar med avslag, men hit kjem også folk på reise utan helseforsikring, og sexarbeidarar. No står venterommet tomt.

– Vi er uroa for at dei vil stå utan eit ordinært helsetilbod i fleire veker eller månader, seier Meisfjord, og viser til at dette er ei gruppe som ikkje vil oppsøke offentleg helsetilbod før dei er alvorleg sjuke, og då kan det vere for seint.

Byrådet i Bergen melder at dei er i dialog med Kirkens Bymisjon og andre frivillige organisasjonar for å sikre bustad og mat til rusavhengige og folk utan fast bustad.

– Kommunen kjem til å sørge for karantenetilbod til dei som ikkje har nokon stad å bu, eller av ulike årsaker ikkje kan vere isolert i sin eige heim, seier Lubna Boby Jaffery, byråd i Bergen for arbeid, sosial og bustad.

Frivillig-koordinator og sjukepleiar ved Helsesenteret for papirløse migranter i Bergen, Ingrid Kiær.

UROA: Frivillig-koordinator ved helsesenteret for papirlause migrantar i Bergen, Ingrid Kiær, er uroa for at mange papirlause no mistar det ordinære helsetilbodet sitt.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Å overhalde karantene er nesten umogleg

På gatehjørna i Oslo sentrum står mange samla, mange fleire enn til vanleg. Tap av tilbod har allereie sett spor blant rusmisbrukarane i byen.

– Angst, stress og uro for situasjonen vi står i gjer det svært krevjande å følgje styresmaktene sine råd, ifølgje overlege Kjersti Anne Ulstein.

Tenestene, som denne gruppa trenger i større grad enn resten av folket, kjem til å vere overbelasta, og delvis forsvinne.

– Dagtilbod og møtestader er stengt, det er vanskeleg å få tak i fastlegen og reseptar, og polikliniske tilbod er stengt. Mange får ikkje den omsorga og sosiale støtta ein elles har, seier Ulstein.

I Storgata i Oslo er brukarrommet stengt, noko som betyr at mange har mista ein trygg stad å sette sprøyta. Vanlegvis er det mange innom her i løpet av ein dag, men smitterisikoen vart for stor.

Storgata 36

STORT PRESS: Plakatar utanfor viser Helsedirektoratet sine helseråd om å halde avstand. I gatene rundt står folk samla i store klynger.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Frå ei luke like ved, leverer dei ut mange fleire pakkar med sprøyteutstyr enn vanleg. Presset og etterspurnaden har vore stor dei siste dagane. Kvar ein skal sette skotet må ein finne ut av sjølv.

– For folk med rusproblem vil det vere ekstra vanskeleg å nesten umogleg å gjennomføre karantene og isolasjon, seier Ulstein.

Mange har ikkje ei eiga leiilgheit dei kan isolere seg i. Mange bur på kommunale eller ideelle institusjonar, der ein bur tett, deler bad og kjøkken. I tillegg bur ein i lag med andre som har rusproblem, og psykiske og somatiske plager.

Rusmisbrukarar er ei sårbar gruppe for smitte. Mange har alvorleg lungesjukdom, eller nyre- og leversjukdom.

Stor fare for overdose

– Mange er ordentleg redde no og har isolert seg for lenge sidan. Vi trur overdosefaren framover vil vere stor, seier Ulstein.

Dei stengde grensene har ført til at det allereie har blitt vanskeleg å få tak i rusmiddel. Dette skaper ei uro i seg sjølv. Det er meldt om auka tilgang til GHB, eit rusmiddel med stor fare for overdose.

– Vi ser at folk oppfordrar til dugnadsånd og solidaritet til å ta vare på kvarandre no. Det ser ikkje alltid ut til å ha nådd vår brukargruppe, seier Ulstein, og legg til:

– Tenk på korleis du ville behandla naboen din elles. Gi folk eit smil, tilby dei mat, spør om du kan handle for dei. Dette er ein ekstra sårbar del av befolkninga i desse dagar.

Helseminister Bent Høie er einig i at dette er grupper ein må ta ekstra omsyn til i desse dagen. Han viser til Helsedirektoratet sin nye rettleiar for korleis kommunane kan ta hand om rusmisbrukarar under koronautbrotet.

– Dei har ei dårleg helse som gjer at dei kan som dei alvorlege sjuke, viss dei ikkje får eit godt tilbod. Derfor har eg minna kommunane på dette, men eg opplever at helsevesenet og kommunane er opptatt av dette, seier Høie.

Bent Høie

HAR TRUA: Bent Høie har tru på at kommunane kan gi god omsorg til rusmisbrukarar under koronapandemien.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

AKTUELT NÅ