NRK Meny
Normal

Samferdsleministeren minutt for minutt

E 16 (NRK): Statsråd Ketil Solvik-Olsen blei med på ein «sjølvi» med Målfrid før han skifta frå minibuss til søppelbil i Fagernes. No er samferdsleministeren framme i Bergen.

Selfie, lastebil og wienerbrød.

Solvik-Olsen tok seg tid til ein sjølvi.

Bør vi ha ein hovudveg mellom Austlandet og Vestlandet – eller fleire alternativ? Dette er ei avgjerd som skapar stor usemje.

Difor set vegministeren seg bak rattet for å teste vegane over fjellet, og for å snakke med folk. Solvik-Olsen og Hoksrud køyrer kvar si rute frå Oslo til Bergen, og to andre ruter tilbake dagen etter.

Siste stopp før Bergen var Voss, der fleire fekk kom inn i minibussen Solvik-Olsen køyrde. Planen var å komme til Bergen kvart over seks.

– Om vi køyre no ligg vi greitt an, seier samferdsleministeren før turen gjekk vidare frå Voss mot Bergen.

Sjølvi med Målfrid

På Fagernes vart det full stans for samferdsleministeren. Solvik-Olsen stod på trafikkstasjonen på Fagernes og fekk beskjed om at han var alt for seint ute som det er. Men det fekk ikkje hjelpa. Er du samferdselsminister må du vera det for alle.

Og Solvik-Olsen fekk eit tilbod han ikkje kunne seia nei til.

– Orsak, men sjefen lurte på om me kunne ta ein sjølvi ta deg og a Målfrid. Går det? Sjefen ville ha eit bilete av oss som ho kunne bruka i vekeslutten vår.

Samferdselsministeren lét tid vera tid og kraup inn mellom dei to damene med eit stort smil som blei større.

Minibussen vart nemleg bytta ut med eit tyngre køyretøy.

– No skal eg ut og køyra søppelbil, sa Solvik-Olsen.

Tett program

NRK sender køyreturen til Solvik-Olsen minutt for minutt på NRK.no. Statsråden skal køyre E16 over Filefjell, og skal på turen over fjellet stoppe fleire stader. Han skal mellom anna delta på eit møte på Fagernes, sitje på med lastebilsjåførar og stoppe på trafikkstasjonen på Håbakken i Lærdal.

Her er reiseruta:

  • Kl. 07.00: Avreise frå Oslo
  • Kl. 08.00: Kort stopp på Esso-stasjonen på Hønefoss
  • Kl. 10.15: Møte på Fagernes
  • Kl. 11.00: Kort stopp på Fagernes trafikkstasjon. Sit på med tungbil herfrå.
  • Kl. 12.30: Kort stopp ved Tyinkrysset. Sit på med ny tungbil til neste stopp.
  • Kl. 12.45: Kort synfaring i Filefjelltunnelen
  • Kl. 13.45: Møte på kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal
  • Kl. 16.00: Kort stopp på trafikkstasjonen på trafikkstasjonen på Voss
  • Kl. 17.45: Sit på med tungbil frå Trengereid
  • Kl. 18.15: Framme i Bergen
  • Kl. 19.00: Ope folkemøte på Hotell Noreg i Bergen (planen er at møtet er ferdig innan kl. 21)

Bård Hoksrud skal køyre riksveg 7 og 52 over Hemsedal. Tysdag køyrer dei tilbake til Oslo, via to andre reiseruter.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger