Hopp til innhold

– Føler meg lurt av den norske stat

Fire år etter at forsikringsselskapet Alpha gjekk konkurs, kjempar Rune Sundmoen framleis for å få ut 2,5 millionar kroner som han har rett på.

Rune Sundmoen

Rune Sundmoen blei i 2018 tilkjent 2,5 millioner i yrkesskadeutbetaling, men har enno ikkje fått ei krone.

Foto: Privat

Etter mange og langvarige tvistar med det danske forsikringsselskapet Alpha, utan å nå fram, kjørte Sundmoen i 2018 kravet om yrkesskadeutbetaling inn for domstolen.

Og Rune vann. Oslo tingrett slo fast at han har rett på 2,5 millionar kroner etter skadene han pådrog seg på jobb i 2010.

Ingen garanti

Men Alpha gjekk konkurs midt under rettssaka, og det finst inga garantiordning som sikrar norske arbeidstakarar mot konkurs i utanlandske forsikringsselskap.

Rune fekk altså aldri dei pengane han har ein rettskraftig dom på at han har krav på. Meir enn to hundre nordmenn etterlyser til saman nesten to hundre millionar kroner frå selskapet.

– Eg føler meg eigentleg lurt av den norske stat, sier Sundmoen til NRK.

Og grunnen til at han føler seg lurt, er at dei som har vedtatt lovbestemt yrkesskadeforsikring ikkje har sikra arbeidstakarane rett til erstatning dersom eit utanlandske forsikringsselskap, som det er lov å bruka, går konkurs.

Katrine Hellum-Lilleengen, advokat i LO

LO-advokat Katrine Hellum-Lilleengen.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

– Det er eit hol i lovverket, og eg skjønar ikkje at politikarane ikkje gjer noko for å endre det, seier LO-advokat Katrine Hellum-Lilleengen.

Ho har kjempa i mange år for at Rune Sundmoen skulle få utbetalt yrkesskadeerstatning etter at han blei 100 prosent ufør etter et fall på jobben tilbake i 2010.

Ap kravde lovendring

Arbeiderpartiet kravde, då partiet sat i opposisjon i 2018, ei lovendring som sikrar arbeidstakarar ved konkurs i utanlandske forsikringsselskap.

Ap fekk støtte frå Senterpartiet, men stortingsfleirtalet stemte ned forslaget. Desse to partia har no hatt regjeringmakt i eitt år, men ingen ting har skjedd.

Hellum-Lilleengen og advokatkollega Hilde Anghus krev derfor at regjeringspartia får på plass ei lovendring som sikrar norske arbeidstakarar betre; ei garantiordning for dei som er yrkesskadeforsikra i utanlandske selskap.

I tillegg krev dei at Staten dekkar manglande utbetaling for dei som ikkje fekk pengar etter Alpha-konkursen. Dette var også Ap og Sp for då partia sat i opposisjon.

Blei ufør - inga yrkesskadeutbetaling

Vi går heilt tilbake til 2010. Då står tømrar Rune Sundmoen på taket på eit nybygg i Os i Østerdalen. På veg ned til lunsjpause hoppar han frå taket til stillaset, men plankane gir etter. Han fell gjennom, og landar seks meter under. Ryggen blir komprimert, og han pådrar seg brot i bekkenet.

Arbeidstilsynet blei varsla, og yrkesskademelding blei sendt. Arbeidsgjevar Os Entreprenør hadde teikna yrkesskadeforsikring hos det danske selskapet Alpha Insurance.

Rune blei operert på sjukehus, men blei ikkje betre og etter ei stund var han erklært 100 prosent ufør.

Tolv år etter ulukka, og fire år etter at han fekk medhald i tingretten, har han enno ikkje fått pengane han har krav på.

Betydeleg svekka økonomi har prega familien i åra som er gått etter fallet som sette han ut av arbeidslivet.

Går ut over borna

– Vi har måtta spinka og spara på aktivitetar for borna. Og vi føler at vi ikkje har kunna gi dei det vi burde ha gitt, og kunne ha gitt, dersom alt hadde vore på stell, seier Rune Sundmoen til NRK.

Livet blei sett på vent. Han har ikkje betalt huslån på ti år på grunn av den vanskelege situasjonen han kom opp i.

– Eg kjenner eg blir veldig prega berre eg snakkar om det no, seier han.

Rune levde i trua på at vi alle er fullt ut forsikra på arbeid.

– Eg føler meg eigentleg lurt av den norske stat. Hadde arbeidsgivaren min latt vera å teikne forsikring hadde eg vore dekka av yrkesskadeforsikringsforeningen (YFF).

– Det er svært betenkeleg at lovverket ikkje er endra, for akkurat dette kan framleis skje for andre også.

220 kan kreve 200 millionar

Rune Sundengen er ikkje åleine om problemet. 220 nordmenn har krav på rundt 200 millionar kroner frå konkursbuet etter Alpha.

LO-advokat Hilde Anghus

LO-advokat Hilde Anghus.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

Partia som i 2018 krevde lovendring og utbetaling til ofra for Alpha-konkursen har no hatt regjeringmakt i over eitt år, men ingen ting har skjedd.

– Det er uforståeleg for meg, for no er det over fire år sidan konkursen inntraff, seier Hilde Anghus.

Ho har jobba lenge med å finne ei løysing for dei som ventar på oppgjer.

– Vi har jobba hardt, men likevel føler vi at vi har møtt veggen. Men vi gir oss ikkje, slår ho fast.

Ho meiner Staten må ta ansvar for det som har skjedd etter Alpha-konkursen.

– Staten har eit ansvar for ei forsikringsordning som er obligatorisk, og som skal sikre arbeidstakarane, seier Anghus.

Til justiskomiteen

Maria Aasen-Svensrud (Ap) er første nestleiar i justiskomiteen. På spørsmål frå NRK om det ikkje er på tide å få fortgang i denne saka, svarar ho:

02 Stortingsrepresentant Maria Aasen-Svensrud

Maria Aasen-Svensrud (Ap) er første nestleiar i Stortingets justiskomite.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

– No er denne saka komen til oss i justiskomiteen. Eg vil vere ansvarleg for henne her på Stortinget, og eg vil straks ta kontakt med justisministeren og finna ein veg vidare.

– Når kan Rune Sundmoen få pengane sine?

– Det kan eg diverre ikkje gi noko konkret svar på.

– Men at han får pengar?

– Det skal gå gjennom både regjering og Stortinget, så å sitje og love eit fleirtal vil eg ikkje gjere, sier Maria Aasen-Svensrud.

Fleirtal for endring

NRK har vore i kontakt med Per Olaf Lundteigen (Sp) i arbeids- og sosialkomiteen i Stortinget og Andreas Sjalg Unneland (SV) i justsiskomiteen. Begge seier partia vil støtta eit forslag om lovendring som sikrarar arbeidstakarar rett til utbetaling sjølv om eit utanlandske forsikringsselskap går konkurs.

Dermed er det fleirtal for lovendring, og truleg også for utbetaling til dei som ikkje fekk pengar etter Alpha-konkursen.

AKTUELT NÅ