Hopp til innhold

Rekordmange bitne av hoggorm: Dette bør du gjere om uhellet er ute

I juni fekk giftinformasjonen 137 førespurnader frå folk som hadde blitt bitne av hoggorm. Det er over dobbelt så mange som i same månad i fjor.

Hoggorm

GIFTIG: Aldri har så mange meldt inn til giftinformasjonen at dei har blitt biten av hoggorm i juni.

Foto: Morten Waagø

– Det er det høgaste talet me har hatt i juni nokosinne, seier seniorrådgjevar Anita von Krogh i Folkehelseinstituttet (FHI) til NTB.

Det er det varme vêret som gjer at talet er så høgt. Det trivst både menneske og hoggormen seg i, og da møtast dei. I juli har temperaturen gått ned, og derfor har også talet vore lågare, med 73 førespurnader så langt denne månaden.

Kva gjer ein om ein møter hoggormen?

Hoggormen har i utgangspunktet ingen interesse av å gå til angrep på menneske. Det er berre noko den gjer når den føler at den må forsvare seg sjølv. Petter Bøckmann er zoolog ved naturhistorisk museum og han kan fortelje at hoggormen er heilt dauv. Den kan ikkje fange opp lyd, sidan trommehinna er dekt av skjel.

– Den kan likevel fange opp vibrasjonar. Så du kan trampe hardt i bakken om du skulle møte på ein hoggorm. Da vil den nok krype sin veg. Ikkje rop og skrik. Det hjelper ingen ting, fortel Bøckmann til NRK.

Petter Bøckmann

FORSVARAR SEG: Petter Bøckmann er zoolog. Han fortel at hoggormen i utgangspunktet ikkje har nokon interesse av å gå til angrep på folk.

Foto: Christophe Pouchoulin / NRK

Om ein skulle oppleve at det bur ein hoggorm tett på huset eller ved hytta så skal ein ikkje ta livet av den, sidan hoggormen er freda. Bøckmann meiner det uansett ikkje er noko poeng å gjere det uansett.

– Skrem den bort. Viss den opplever at her er det farleg, så vil den ikkje kome tilbake utan vidare. Dei likar å halde seg i skjul for menneske, seier han.

Vaksne burde også lære barna kva dei skal gjere om dei skulle møte på ein hoggorm.

– Vis barna hoggormen, lær dei å stå på avstand. Den skal bli behandla med respekt, seier zoologen.

Kan vere livsfarleg

Langt fleire har tatt norgesferie i år på grunn av koronaen. Det har igjen ført til at langt fleire går tur i skog og mark. Om ein skulle vere så uheldig å bli biten så er det nokre ting ein burde hugse på.

– Det viktigaste er å ta livet heilt med ro. Det er sjølvsagt enklare sagt enn gjort, men det er sånn at når blodpumpa går for fullt så tar den med seg gifta rundt i kroppen. Viss du stressar mykje eller spring rundt så spreier du gifta ganske mykje. Ta det med ro, sitt gjerne roleg og viss du har tilgang til ein støttebandasje, så legg det på der du er biten. Legg det ordentleg stramt og kom deg til legen, seier Bøckmann.

I dei fleste tilfelle der hoggormen bit menneske så gir den ikkje full dose. Den vil nemleg helst spare på gifta som den bruker ein del tid på å produsere. Det hender likevel at hoggormen gir alt den har, og det kan vere farleg.

– Viss hoggormen blir redd nok så kan den bruke all gifta si. Det kan ein bli ordentleg dårleg av. Situasjonar der små barn får panikk og hoppar opp og ned berrbeinte ved ormen eller folk som prøver å fange den. Det er der ein får forgiftingar som kan vere farlege, seier Bøckmann.

Kor farleg snakkar me?

– Det er jo folk som har døydd av hoggorm, men det er veldig sjeldan. Små barn som får full dose ligg mykje dårlegare an enn eit godt vakse menneske. Som vaksen må ein likevel rekne med nokre veker på sjukehus om hoggormen gir alt den har, svarer han.

Kristoffer Nordgarden bitt av hoggorm

ALVORLEG: For to år sidan blei den da tre år gamle Kristoffer Nordgarden (3) alvorleg forgifta av eit hoggorm-bitt. Det kan vere livsfarleg om hoggormen gir full dose. Spesielt til barn.

Foto: Elisabeth Nordgarden / Privat

Kristoffer (3) alvorleg forgifta av hoggorm

Hoggormen trivst best i skjul og helst ein plass der det er steinrøyser og varme. Ein må likevel rekne med at ein kan møte på den dei fleste plassar i landet. Men om ein er livredd for hoggormen så har Bøckmann likevel nokre tips til kor ein kan ta norgesferien.

– Hoggormen trivst ikkje særleg i bynære-strøk. Den trivst heller ikkje så godt på snaufjellet.

AKTUELT NÅ