Hopp til innhold

Regjeringa doblar panten på småflasker og boksar

Neste år aukar pantesatsen for boksar og flasker på ein halv liter eller mindre til to kroner, og for større flasker blir panten tre kroner, varslar klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H)

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) varslar ei dobling av panten på boksar og dei minste flaskene.

Foto: Benjamin Bakken / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Desse satsane har stått fast sidan 1993. Vi har eit svært godt retursystem, og skal vi ha det i framtida også må vi justere desse satsane opp av og til. No gjer vi det etter 24 år, seier Helgesen til NRK.

Embla Sjøvoll Kristoffersen.

Organisasjonen Miljøagentane er sterkt engasjert i panting, fortel Embla Sjøvoll Kristoffersen.

Foto: Benjamin Bakken / NRK

Han fortel at i dag blir 82 prosent av småflasker og boksar blir panta, medan heile 93 prosent av dei store flaskene blir leverte inn. Han har stort håp om at doblinga av panten på dei minste flaskene og boksane vil føre til ein ytterlegare auke.

– Panten bør auke meir

12 år gamle Embla er med i organisasjonen Miljøagentane . Ho er glad for auken i pantesatsane, men meiner at auken burde vore mykje større. Ho trur langt fleire ville ha levert alt til panting om summen dei fekk igjen var større.

Ho meiner at ein pant på fem kroner vil føre til at endå fleire vil returnere flasker og boksar tilbake til butikkane, vil vere gjenvinning meir attraktivt. Embla og dei andre miljøagentane lovar å halde fram kampen for høgare pant og for ein grønare kvardag.

– Grunnen til at vi ikkje set opp panten endå meir, er at vi er redde for at fleire ville reist til andre land og kjøpe flasker som ikkje kan pantast i Noreg. Og då blir miljøeffekten dårlegare, seier Vidar Helgesen.

Embla Sjøvoll Kristoffersen er miljøagent.

Embla Sjøvoll Kristoffersen meiner at panten bør auke til fem kroner pr. flaske eller boks. Dette vil få folk til å pante endå meir, meiner ho.

Foto: Benjamin Bakken / NRK

Dette er Norges pantehovedstad

SE VIDEO: 150 millioner i pant blir liggende – det er Terje (58) glad for

Miljøavgift

Han karakteriserer det norske pantesystemet som ein suksess. Både produsent, butikk og forbrukar tener på at flasker og boksar blir panta.

Helgesen fortel at både produsentane av flasker og boksar og butikkane må betale ei miljøavgift pr. flaske og boks. Desse pengane får dei tilbake når flaskene og boksane blir panta.

– Systemet gjer at både miljøet, forbrukarane og produsentane tener på dette. TIl lettare vi gjer det for forbrukarane å pante, til meir panting blir det, seier miljøministeren.

Kundane til Einar er dei ivrigaste pantarane i fylket

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT