Hopp til innhold

Kundane til Einar er dei ivrigaste pantarane i fylket

I fjor vart det sett ny rekord i panting i Sogn og Fjordane. I alt vart det levert 22,6 millionar boksar og flasker til gjenvinning.

Einar Hildenes

PÅ PANTETOPPEN: Butikksjef Einar Hildenes er godt nøgd med at det blir panta aller mest i han butikk.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Og dei desidert flinkaste til å levere pant er kundane til Einar Hildenes ved Rema 1000 på Nordfjordeid.

– Eg vil tru at det skuldast at det er miljømedvitne folk som bur i Eid, og at dei er opptekne av å pante det som kan pantast, seier Hildenes.

Meir enn 750.000 flasker og boksar fann vegen til panteautomaten i butikken hans i fjor.

– Vi passar på å halde det reint og ryddig i panteområdet som ligg akkurat i det du kjem inn i butikken, og det trur eg hjelper på, seier Hildenes.

Vekst også på landsplan

Randi Haavik Varberg, direktør for informasjon og marknad i Infinitum

MEIR MILJØMEDVITNE: Randi Haavik Varberg er direktør for informasjon og marknad i Infinitum.

Foto: Katrine Lunke

I 2016 vart det for første gong panta over ein milliard flasker og boksar i Norge. I Infinitum, som sidan 1999 har eigd og drifta pantesystemet for gjenvinnbare drikkevareboksar og plastflasker med pantemerke, trur direktør Randi Haavik Varberg at det skuldast at vi er blitt meir miljømedvitne.

– Og vi prøver også å fokusere på miljø framfor sjølve pantesummen. Det er ikkje alle som tykkjer at ei krone eller 2,50 er nok, så vi fokuserer på at det er viktig med omsyn til miljøet, seier Haavik Varberg.

Solid innsats

Sogn og Fjordane er eitt av dei fylka som aukar mest i panting per innbyggar. I snitt panta kvar og ein av innbyggarane i Sogn og Fjordane over 200 flasker og boksar i fjor.

– Eg må seie det er heilt fantastisk. Eg vil håpe og tru at dei har fått med seg den bodskapen vi prøver å få ut om at kvar einaste flaske er viktig å pante, seier Haavik Varberg.

I Eid reknar Hildenes med at panteiveren også vil halde seg i 2017.

– Eg har ikkje sett på tala for i år, men eg har ikkje inntrykk av det vert panta mindre. Eg reknar med at vi kjem til å ligge i same landet når det gjeld panting også i år, seier Hildenes.