Hopp til innhold

Billigare byggjevarer etter priseksplosjon under korona

Prisen på trevarer er på veg ned etter eit kraftig prishopp under pandemien. Men han kjem ikkje til å bli like låg som før.

Tor Ola Briskeby skal bygge hus

BYGGER: Tor Ola Briskeby bygger hus heime på Hadeland.

Foto: Marit Sirum-Eikre / NRK

– Det blir aldri så billig som før dette starta, seier Tor Ola Briskeby og peikar på det uferdige kjøkkenet.

Han bygger hus ved sidan av garden til foreldra. Her har han utsikt over garden han har odel på i Lunner kommune på Hadeland.

Prisane på ei rekkje råvarer auka kraftig under koronapandemien. Prisen på trelast auka med heile 65 prosent på eitt år.

No er prisane på trevare veg ned att.

Det kjem godt med når ein skal byggje hus.

– Her er det berre tre, noko stål, men elles er det berre treverk.

Huset til Tor Ola Briskeby i Lunner kommune på Hadeland.

Huset til Tor Ola Briskeby i Lunner kommune skal etter planen vere ferdig til jul.

Foto: MARIT SIRUM-EIKRE / NRK

Likevel er Briskeby usikker på om han får noko ut av at prisane går ned. Sidan huset snart er ferdig, lurar han på om det er for seint.

Likevel er det ein ting som står att, garasje?

– Vi får sjå kor mykje prisane går ned, ler Briskeby.

Prisane på veg ned

– Folk trur at trelastprisane er mykje høgare enn dei faktisk er. Vi har nettopp gjort ei marknadsundersøking som viser at trelastprisane har falle kraftig den siste tida, seier Heidi Finstad, administrerande direktør i Treindustrien.

Ho seier det er eit gjennomsnittleg prisfall på 23 prosent for trelast ut frå produsent til forhandlarar. Det kan vere kjeder som til dømes Maxbo eller Byggmakker.

Heidi Finstad, administrerende direktør i Treindustrien.

Heidi Finstad, administrerande direktør i Treindustrien, trur ikkje prisane kjem til å bli like låge som før pandemien.

Foto: MARIT SIRUM-EIKRE / NRK

Dei ferske tala frå treindustrien viser at prisen har falle frå august i fjor til juni i år.

Årsaka til at prisane igjen går ned, er at det blir produsert meir og etterspurnaden er mindre enn under pandemien.

Redd det blir stopp for bedrifta

Byggmeister og dagleg leiar i Byggservice Innlandet, Dag Robert Larsson har stått for bygginga av huset til Tor Ola Briskeby.

Også fått beskjed om at prisane har gått ned.

– Fjoråret var eit spesielt år med veldig høg prisstigning, fortel han.

Larsson meiner det var på tide at prisane gjekk ned, likevel er han usikker på om aukinga kom for seint.

– Eg har fått to avbestillingar på to nye hus på grunn av at prisane har vore for høge.

Byggmeister og dagleg leira i Byggservice Innlandet, Dag Robert Larsson.

Byggmeister og dagleg leiar i Byggservice Innlandet, Dag Robert Larsson, var redd dei høge prisane skulle setje ein stoppar for bedrifta.

Foto: MARIT SIRUM-EIKRE / NRK

Om prisane hadde halde seg høge er han redd det hadde blir stopp for bedrifta.

– Både straumprisar, drivstoffprisar og renta, alt påverkar. Så nybygg kan kanskje bli vanskelegare å selje etter kvart, seier han og legg til:

– Eg håper prisane går meir ned.

Blir ikkje like låg som før pandemien

Trevareindustrien leverer materiale til forhandlarane, og fleire store byggvarekjeder varslar at også dei set ned prisane sine.

– Vi trur ikkje at trelastprisane kjem til å kome ned på 2020-nivået igjen, seier Kjell Vidar Dokken, administrerande direktør, Byggmakker Handel.

Kjell Vidar Dokken, administrerende direktør, Byggmakker Handel saman med kollega Edip Demir.

Kjell Vidar Dokken, administrerande direktør, Byggmakker Handel saman med kollega Edip Demir.

Foto: MARIT SIRUM-EIKRE / NRK

Han fortel at trelast har vore rimeleg i Noreg og at vi no må venne oss til eit stabilt men høgare nivå enn tidlegare.

Finstad i Treindustrien trur heller ikkje at prisane kjem til å gå tilbake til nivået før pandemien.

– Det trur eg ikkje vil skje heller. Det heng saman med at etterspørsel etter trebaserte byggevarer har vore aukande internasjonalt, seier Finstad.

AKTUELT NÅ