NRK Meny
Normal

PR-bransjen kjøper opp politikarar

Dei næraste politiske rådgjevarane til Erik Solheim, Dagfinn Høybråten og Trond Giske jobbar no for store PR-byrå, som skryt av at dei flyttar makt for kundane sine.

Video nsps_upload_2010_1_26_21_17_16_521.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Even Westerveld og Trine Lie Larsen har gått frå politikk til PR.

Dersom regelverket som president Barack Obama har innført i USA også var gjeldande i Noreg, ville slike jobbskifte vore ulovlege.

LES OGSÅ: Skreddersydd saksforbud for PR-Hanssen

LES OGSÅ: Seks måneders karantene for Hanssen

Forskar Anne Therese Gullberg har vore tett på PR-bransjen i fleire år. Ho har sett ein ny politikartype vekse fram, ein politikar som like gjerne jobbar for eit partiprogram som for eit PR-byrå med hemmelege kundelister.

Gullberg meiner stadige skifte mellom politikken og PR-byråa skapar habilitetskonfliktar som et etter kvart blir vanskelege å ha oversikt over.

Saker i grenseland

- Etter kvart blir det nærmast umogleg for dei å halde orden på kva saker dei er inhabile i, i kva saker dei er i eit grenseland eller i kva saker dei berre er farga av synet til dei klientane dei har jobba for før, seier Anne Therese Gullberg.

- Det mest problematiske er når dei kjem tilbake til politikken igjen, og vi ikkje veit kva saker dei har jobba med. Dermed veit vi heller ikkje om dei vil vere med på å ta avgjerder som kjem tidlegare klientar til gode, legg ho til.

Gullberg har aldri tidlegare høyrt om nokon som kan vere både stortingsrepresentant og jobbe i eit PR-byrå, slik til dømes Even Westerveld i realiteten gjer.

Westerveld var i valkampen fram mot stortingsvalet i fjor haust den næraste rådgjevaren til KrF-leiar Dagfinn Høybråten. Han stod også på lista til Oslo KrF, og i desember møtte han i Stortinget som vararepresentant.

Vararepresentant igjen

Han kjem til å møte som vararepresentant igjen, samstundes som han jobbar for det som i hovudsak er hemmelege kundar i PR-byrået Geelmuyden.kiese.

Geelmuyden.kiese er eitt av selskapa som skryt av at dei kan flytte makt. Ei av dei viktigaste varene dei sel er evna til å påverke politiske avgjerder.

- Her har vi altså ein person som sit på begge sider av bordet, som både jobbar for å påverke politikarane og som sit på andre sida av bordet og tek avgjerder. Her burde det vere vasstette skott, meiner Anne Therese Gullberg.

Westerveld avviser at han har ei dobbeltrolle.

- Eg driv ikkje med direkte lobbyverksemd mot politikarar, men gir råd til ulike aktørar om korleis dei kan nå fram i politikken. Eg ser ikkje noko prinsipielt gale i det, seier han.

Han understrekar at han vil handtere ein situasjon som vararepresentant på Stortinget, om ein slik situasjon oppstår.

- Det kan handterassst ved at eg ikkje røystar gjenom utbyting i salen. Generelt vil eg handtere ein slik situasjon etter prinsippet om ein armlengdes avstad, seier Westerveld.

Eit anna eksempel er Trine Lie Larsen, som i tre år var ein nær medarbeidar av tidlegare kulturminister Trond Giske. No skal ho hjelpe selskapet JKL med å på verke sine tidlegare kollegaer.

Ho har hatt karantene, slik at ho ikkje kan jobbe med kultursaker før til sommaren. Ho vil ikkje seie kven ho skal jobbe for. For PR-byrå er det hemmeleg, akkurat som det er for advokatkontor.

Tillit under press

Eivind Smith

Professor Eivind Smith meiner det er behov for klarare regelverk.

Foto: Sunniva Linjord

Professor Eivind Smith er ekspert på det norske demokratiet, og han likar ikkje det han ser. Han meiner tilliten til norske politikarar er under press, og at det har blitt for enkelt for politikararne å selje innsidekunnskapen sin til hemmelege kundar.

Han vil ikkje kritisere nokon spesielt, men han er klar på at regelverket burde ha vore langt betre.

- Stortinget har ikkje habilitetsreglar i dag, slik forvaltinga har. Det meiner eg er eit problem, mest på grunn av tilliten til Stortinget, seier han.

Smith ser på dei unge politikarane som skiftar beite på denne måten som uttrykk for ein tendens der politikk meir og meir handlar om form, og stadig mindre om bodskap. Han meiner dette er ei uheldig utvikling.

Jus-professoren er uroa over at Stortinget ikkje har eit lobbyregister eller habilitetsreglar, og at karantenreglane er milde.

- Vi ser eit system som helst ikkje vil regulere seg sjølv, systemet held på at alle til ei kvar tid er ærlege. Men vi kan ikkje utelukke at nokon trampar over. Eg meiner det skjerpar krava til registrering av denne typen bindingar, gjerne i det eksisterande registeret for økonomiske bindiar, seier Eivind Smith.

Han meiner det er naudsynt å gå ein runde på dei reglane som gjeld i dag, fordi dei er ganske lemfeldige.

Kjenner du til rolleblanding mellom politikk og PR? Tips oss!

Transferlista

Her er lista over ein del rikspolitikarar som har meldt overgang til PR-bransjen dei siste fire åra. Lista inneheld også namna på unge politikarar som har gått frå heiltidsjobb for PR-rådgjevarar til jobbar i Stortinget og i regjeringa.

John Ragnar Aarseth, spesialrådgjevar, Gambit.

Var i fleire år Solbergs (H) næraste rådgjevar – både i Stortinget og i regjeringa. Tidligere leiar i Unge Høgre.

Rita Brunsell Harsvik, rådgjevar Gambit

Ein av Arbeiderpartiets sine fremste lokalpolitikarar i Oslo i mange år – der ho blant anna leidde Byutviklingskomiteen i Oslo bystyre.

Torbjørn Urfjell, rådgjevar i Geelmuyden Kiese

Politisk rådgjevar i Utenriksdepartementet for Erik Solheim i den første raudgrøne regjeringa. Han leidde prosjektet SV 2009 og den strategiske utviklinga av SV før han vart tilsett i GK.

Even Westerveld, rådgjevar i Geelmuyden Kiese

Var fram til årsskiftet presseansvareig for KrFs stortingsgruppe og for parlamentarisk leiar Dagfinn Høybråten. Tidligare nestleiar i KrFU. Er vara-representant for KrF på Storotinget denne perioden, og møter i finanskomiteen.


Carl-Ivar Hagen, spesialrådgjevar for Burson-Marsteller


Tidligere formann i Fremskrittspartiet fra 1978 til 2006, har vore stortingsrepresentant for Oslo og har tidligare vore medlem av Oslo bystyre.

Gunnar Husan, rådgjevar Burson Marsteller

Mest kjend som statsminister Bondeviks statssekretær med ansvar for presse og informasjon gjennom to periodar frå 1997-2005.

Ansgar Gabrielsen, ACG Consult

Den tidligare Høgre-statsråden driv sitt eige lobbyselskap. Han er kåra til ein av dei mektigastte på Sørlandet av avisa Fedrelandsvennen, nettopp for lobbyinnsatsen sin.

Jan-Erik Larsen, First House

Tidlegare statssekretær på Statsministerens kontor i to periodar, for Jens Stoltenbergs første regjering 2000-2001, og i Stoltenbergs andre regjering frå 2008-2009.

Bjarne Håkon Hanssen, First House

Mangeårig topp-politiker for Arbeidarpartiet – blant anna som statsråd i Helse- og omsorgsdepartementet.

Ketil Lindseth, First House

Tidlegare statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet under Bjarne Håkon Hanssen.

Geir Bakkevoll - Apeland kommunikasjon

Tidlegare rådgjevar for KrF-leiar Dagfinn Høybråten

Inge Bartnes, rådgjevar i Burson Marsteller


Sp-politikar med bakgrunn som statssekretær i Kommunaldepartementet


David Hanssen, tidlegare rådgjevar i Gambit

Tidligare leiar i KrFU og rådgjevar i Utenriksdepartementet. Jobba i Gambit 06-07.

Åshild Mathisen, rådgjevar JKL

Var rådgjevar for KrF i fleire år, blant anna for Knut Arild Hareide då han var miljøvernminister.

Frank Jenssen, Røe Kommunikasjon

Tidlegare kommunalråd for Høgre i Trondheim og statssekretær i kommunaldepartementet under Erna Solberg.

Bengt Eidem. Røe kommunikasjon

Tidlegare rådgjevar for forsvarsminister Kristin Krohn Devold

Trine Lie Larsen, JKL

Tidligare rådgjevar for kulturminister Trond Giske og generalsekretær i AUF.


Camilla Carlson, Gambit

Har tidlegare jobba t i Senterpartiets stortingsgruppe, som rådgjevar for leiaren av Stortingets næringskomité (2005-2007).


Jon Reidar Øyan, rådgjevar i Geelmuyden.Kiese

Er no politiisk rådgjevar i Arbeidsdepartementet etter en tid som rådgjevar for Geelmuyden.Kiese

Amund D. Ringdal, Gambit

Tidlegare næringspolitisk rådgjevar for Høgres stortingsgruppe.

Ketil Raknes, Burson-Marsteller

Jobba for BM, men er nå tilbake i jobb for SV – som presserådgjevar på Stortinget. Tidlegere politisk rådgjevar for kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell

Sylvi Bratten, Gambit

Er no tilbake i jobb for SV – som politisk rådgjevar for kunnskapsminister Kristin Halvorsen

Ole Morten Geving, Gambit


Jobba i fleire år som rådgjevar i Gambit, men er no statssekretær i Finansdepartementet for Senterpartiet.

Lotte Grepp Knudtsen, JKL

I mange år kommunikasjonsrådgjevar for JKL – no statssekretær på Statsministerens kontor.

Tom Erlend Skaug, JKL

Tidlegare politisk rådgjevar for Jan Petersen i Høyres stortingsgruppe.


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger