Politiet gjorde i går eit større narkotikabeslag på området til mc-klubben. Bergens Tidende skriv i dag at minst 16 personar vart pågripne i aksjonen, og at det er venta fleire arrestasjonar i dagane som kjem.
Avisa skriv også at narkotikabeslaget er eitt av dei største i sitt slag i Bergen.
- Eg kan stadfeste at det har vore ransaking, og at det ein del personar med tilknyting til Union MC er pågripne. Utover det vil eg ikkje kommentere saka, seier lensmann Norvald Visnes i Fana til NTB.
Kjelder Bregens Tidende har vore i kontakt med seier at saka har forgreiningar ut over Bergen politidistrikt sine grenser. Dei seks som blir framstilde for varetektsfengsling i dag er mellom 20 og 45 år gamle.