Hopp til innhold

Oslo Høgre vil kaste eigen gruppeleiar

Fleirtalet i Høgres bystyregruppe i hovudstaden vil kaste leiaren for gruppa, Øystein Sundelin. Dei kjem med sterke påstandar om leiarstilen hans. Sjølv tilbakeviser han påstandane.

Øystein Sundelin, Høyre, gruppeleder i Oslo bystyre, utenfor Møllergata skole.

MISTILLIT: Høgres gruppeleiar Øystein Sundelin får krass kritikk frå partifellar i hovudstaden.

Foto: Olav Juven / NRK

Bystyre-representant Ola Kvisgaard er ein av initiativtakarane bak eit brev der 18 representantar har signert på at dei ber Øystein Sundelin fråtre som gruppeleiar for partiets bystyregruppe.

– Det er fleire som over tid har snakka om at dette dessverre er nødvendig, seier Kvisgaard til NRK.

Mistillitsbrevet vart først omtalt av Avisa Oslo og VG.

Leiarskap

Kvisgaard seier til NRK at opprøret handlar om Sundelins leiarskap, ikkje om politisk usemje internt i partiet. Planen er å ta forslaget om å vrake Sundelin og sette inn Anne Haabeth Rygg som gruppeleiar opp i bystyregruppa sitt møte på førstkomande mandag.

– Dette er mistillit mot han som leiar på grunn av hans leiareigenskapar og hans evne til å vere samlande, seier Kvisgaard til NRK. I brevet, som NRK har fått tilgang til, står mellom anna dette;

«(...) nåværende gruppeleder etablerer en ukultur som undergraver den gjensidige tilliten som bystyregruppen er avhengig av.»

Anne Haabeth Rygg fra Høyre.

KANDIDAT: Anne Haabeth Rygg kan bli den nye leiaren for Høgre i hovudstadspolitikken.

Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

Meiner det handlar om politikk

Øystein Sundelin seier til NRK at han er overraska over brevet. Han trur ikkje heilt på at hans leiarskap er den eigentlege grunnen til opprøret. Han mistenker at det ligg ulike syn på miljø- og bilpolitikken bak.

– Det er heilt sikkert usemje om korleis ulike prosessar har gått, men eg trur dette også handlar om kva slags retning Oslo Høgre skal ta, seier Sundelin.

Han seier tida for at «kvar mann skal ha sin bil» er forbi og trur dette handlar om at nokon ikkje er einig med hans linje mot Arbeidarpartiet og MDG sin bilpolitikk.

– Det å ha ei moderat linje mot eit byråd som splittar folket er ein krevjande balansegang, men det er noko eg har tru på. Det er nok nokon som ønskjer å gå hardare til verks mot politikken frå byrådet, seier Sundelin til NRK.

Etter ein lang periode med Høgre-styre i Oslo, tapte partiet makta til dei raudgrøne ved valet i 2015. Kommunevalet i 2019 brakte eit nytt nederlag. Etter valet, hausten 2019, trakk gruppeleiar Eirik Lae Solberg seg frå topposisjonen, og Øystein Sundelin tok over.

Påstandar om løgn

Ola Kvisgaard

NÅDELAUS: Ola Kvisgaard i Oslo Høgre kan sjølv bli ny nestleiar.

Foto: nyebilder.no / Oslo Høyre

Men mistillitsbrevet handlar om alt anna enn politisk retning. Der kjem forslagsstillarane med fleire eksempel på det dei meiner er ukultur. Blant anna er det nemnt tre situasjonar der dei meiner Sundelin rett og slett har fare med løgn.

Ola Kvisgaard legg ikkje noko imellom når han skildrar Sundelins leiarstil til NRK.

– Han er ikkje etterretteleg med informasjon, han småbløffar om ting. Vi har svekka tillit til han. Dette går utelukkande på hans leiarskap og hans informasjonsdeling. Det går overhode ikkje på noko som har med politikk å gjere.

I eit svarbrev som Sundelin har sendt til bystyregruppa no i føremiddag er det klart at gruppeleiaren ikkje aksepterer framstillinga om løgn.

Sundelin går der gjennom alle påstandane om ukultur, og kjem med heilt andre forklaringar på kva som har skjedd i dei ulike tilfella.

– Det blir brukt sterke ord om deg som leiar. Korleis kommenterer du det Kvisgaard seier?

– Det er trist å høyre frå ein eg har hatt som kollega. Eg er overraska over å høyre slike personkarakteristikkar.

– Finst det eksempel på at du har snakka usant?

– Det er nok i politikken slik at ein har fortalt delar av historia og at ein må ivareta kandidatar i ulike prosessar, noko som gjer at alt ikkje kan delast med alle. Men informasjon har blitt delt og prosessar har blitt stabla på beina. Eg opplever at vi har blitt einige i dei prosessane vi har hatt. Difor er eg litt overraska.

– Har du gjort noko feil?

– Heilt sikkert, og det er eg veldig audmjuk for. Det er krevjande å vere leiar.

Trur ikkje det vil endre seg

Også nestleiar i gruppestyret, Anne Haabeth Rygg, som no er foreslått som ny leiar, nemner sakene der ho meiner Sundelin har snakka usant som ei viktig forklaring på mistillitsforslaget.

– Dette er saker som sjølvsagt har vore teke opp internt. Men vi har kome til eit punkt at vi trur dette ikkje vil endre seg, og ser behov for å gjere ei endring slik at forholda i gruppa vår blir betre, seier Rygg til NRK.

Sundelin seier til NRK at han ønskjer å halde fram for gruppeleiar for Oslo Høgre.

AKTUELT NÅ