Hopp til innhold

Oppdaga at ho var kredittsjekka av naboen: – Fekk vondt i magen

Slektningar, eksen eller naboar står ofte bak usaklige kredittvurderingar av oss. Nyleg blei ei bedrift i Bergen ilagt eit gebyr på 150.000 kroner for snoking.

En hånd holder opp en fiktiv kredittvurdering

Slik brev får vi når vi kjøper varer på avbetaling. Men Datatilsynet får klager på at uvedkomande også ber om kredittvurdering - utan sakleg grunn.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Ei av dei som opplevde slik usakleg kredittsjekk, blei ganske sjokkert då ho så kven som stod bak:

– Då fekk eg vondt i magen! Det var ekkelt!

Det seier kvinna frå Bergen som NRK har snakka med etter at ho meldte usakleg kredittvurdering inn til Datatilsynet. Ei slik vurdering skal altså ha ein sakleg grunn som at det t.d. er gjort ein avtale om avbetaling av ei vare eller teneste. Men kvinna hadde aldri vore kunde i butikken som via kredittopplysningsselskapet Bisnode sjekka om ho var betalingsdyktig.

– Eg synest jo det er veldig ubehageleg når kredittsjekken kjem frå ein butikk som eg aldri har hatt noko kundeforhold til. Og du blir jo ekstra paff, og får vondt i magen, når du ser at det er naboen sitt firma som har kredittsjekka deg, seier kvinna til NRK.

I Datatilsynet aukar talet på klager frå personar som opplever urettmessig kredittvurdering. i følgje dei er det ofte slektningar, eksen eller nabo som snokar.

Ein «glipp»

Naboen til kvinna NRK har snakka med brukte firmaet sin avtale med kredittopplysningsselskapet Bisnode til å kredittsjekke henne.

Overfor Bisnode svarte han først at det var ein glipp. Men i eit brev til Datatilsynet grunngir han handlinga med at han ville sjå om ho var betalingsdyktig dersom det skulle skje noko med kloakkledningen som går over hans tomt.

Han vil ikkje uttala seg til NRK, men firmaet hans blei først ilagt eit gebyr på 300.000 kroner. Det er seinare redusert til 150.000 kroner, men er igjen påklagd.

– I mange av sakene vi får, ser vi at det er ein relasjon mellom den som har bede om kredittvurdering og den som har blitt kredittvurdert. Det seier juridisk rådgjevar Ole Martin Moe i Datatilsynet til NRK.

Slekta, eksen, nabo...

Berre sidan slutten av mai har tilsynet fått 20 klager på kredittvurderingar utan sakleg grunn.

– Og det kan vera alt frå at det er famile, eit naboforhold eller tidlegare ektefelle, legg han til.

Urettmessige kredittvurderingar blir også gjort av eigarar av konkurrerande verksemder. Men det skal altså liggja sakleg grunn bak ei kredittvurdering. Det har ein når ein sel ei vare på kreditt.

Nærmast fritt fram

Og det er enkelt å sjekka om folk er betalingsdyktige. Om du opprettar eit firma, og inngår ein avtale med eit kredittopplysningsselskap, er det nærmast strake vegen.

– Der får ein tilgang til nettportalen til kredittopplsyningsselskapet, eller ein får tilgangen intergrert i rekneskapssystemet. Og då er det eigentleg, reint teknisk, fritt fram å søkja opp folk og kredittvurdera dei, seier Moe i Datatilsynet.

– Men det er nettopp her både kredittopplysningsselskapet og den verksemda som sit og søkjer opp, har krav i personvernforordninga (GDPR) som dei må overhalda, legg han til.

Då Bisnode fekk kjennskap til saka i Bergen, meldte dei det som avvik til Datatilsynet.

– Vi har vilkår som ligger til grunn for våre tjenester, der ein skal godkjenna desse før ein får tilgang i det heile tatt. Og der går det tydeleg fram at det skal føreliggja sakleg grunn, seier Liv Anne Holst, marknads og kommunikasjonssjef i Bisnode.

Krenkande og uetisk

Ho synest det er trist dersom det synest å vera heilt greit å gå inn og sjekka naboen.

– Det kan opplevast som veldig krenkande og det er uetisk frå mitt perspektiv, seier ho.

Og i Bergen har kvinna som blei utsett for det Datatilsynet meiner er usakleg kredittvurdering ei klar melding til dei som går over streken:

– Eg ønskjer å gi ein beskjed om at kikkermentalitet ikkje er greit. Er det ulovleg, så er det ulovleg!

AKTUELT NÅ