Hopp til innhold

Nytt håp for kreftsjuke i Noreg: Fekk barn frå nedfryst eggstokk

Mange kvinner mister moglegheita til å få barn etter kreftbehandling, fordi cellegift og stråling kan øydelegge eggstokkane. Men no gir forsking nytt håp.

Nicole Gerbitz og Espen Abrahamsen

MIRAKELGUT: Vesle Felix kan gje nytt håp til kreftsjuke.

Foto: NRK

– Eg syntest jo det var urettferdig. Det er ingen som ber om å få kreft. Dei fleste har jo lyst til å få familie og hus og alt det der.

Nicole Gerbitz og sambuaren Espen Abrahamsen møter NRK ved Mosvatnet i Stavanger. I ein beresele på magen til pappa, heng vesle Felix. Ein frisk og livleg gut på ni månader.

For foreldra er han ein ekte mirakelgut. Og for forskarane er han ein gut som kan vere med å gje nytt håp til kreftsjuke.

Mister evna til å få barn etter behandling

For det var ikkje gitt at det skulle gå for Nicole Gerbitz å få born. Ho fekk diagnosen lymfekreft i 2005.

– Når eg først fekk kreftdiagnosen hadde eg hatt symptom i nesten eit halvt år. Så eg var berre sjeleglad for at dei fann ut kva det var, sjølv om det var grufullt, seier Gerbitz.

Men etter kvart som diagnosen gjekk opp for Nicole, vart ho svært uroa over biverknadane av ein slik alvorleg kreftsjukdom.

Det viktigaste for henne vart ikkje sjølve livet, men å føre livet vidare.

– Eg såg ikkje føre meg noko liv utan barn. Eg syntest det var forferdeleg å få den beskjeden.

Mange kvinner mister mogelegheita til å få barn etter kreftbehandling. Cellegifta og strålinga mange får, er øydeleggande for eggstokkane.

Men der var éi mogelegheit igjen for Nicole; nedfryste eggstokkar.

For første gang har norske kvinner som har hatt kreft, født barn ved hjelp av nedfryste eggstokker. Befruktningen har skjedd etter kreftbehandlingen.

SJÅ VIDEO: Mange kvinner som har hatt kreft strevar med å bli gravide fordi cellegift og stråling kan øydelegge eggstokkane, men no gjev forskinga nytt håp.

For første gong i Noreg

For første gong i Noreg har to kvinner fødd ved hjelp av nedfryste eggstokkar. Den eine av dei er Nicole Gerbitz.

Tom Gunnar Tanbo er professor ved Oslo Universitetssjukehus, og ein av legane som står bak desse vellukka forsøka.

Tom Gunnar Tanbo

Tom Gunnar Stabo har hjulpe kvinner til å få barn ved hjelp av nedfryste eggstokkar.

Foto: NRK

– Vi tek ut den eine eggstokken, og frys ned det vevet vi treng. Det kan vi seinare transplantere tilbake, etter at behandlinga er ferdig. Den attverande eggstokken kan då verte øydelagt, men den kan vekkast til live att, ved at ein set inn dette vevet som var frose, fortel Tanbo til NRK.

Det var Forskning.no som først omtala denne saka.

– 100 prosent suksess

– Vi har transplantert tre pasientar så langt. Den eine for så kort tid sidan at vi ikkje kan rekne med effekt enno, men på dei to andre har vi hatt 100 prosent sukses, seier Tanbo.

Han fortel at det kom ein stor samlerapport for kort tid sidan, som meiner at sukessraten ligg på kring 90 prosent.

Tom Gunnar Tanbo seier at dei både er svært overraska over kor godt metoden har fungert.

Eit stort «men»

Det legane no håpar, er at kvinner opp mot 35 år, og alle jenter som skal gjennom tung cellegiftbehandling, kan få tilbodet om å fryse ned vev frå den eine eggstokken.

Men det kjem med ei rekkje atterhald, seier professor Tanbo.

– Det kjem veldig an på kva slags behandling dei skal ha, og sjølvsagt kva type kreft dei har.

Om ein pasient har ein form for kreft der cellene spreier seg raskt via blodet, som leukemi, så er risikoen stor for at eggstokken dei tek ut inneheld vondarta celler.

– Er den det, kan vi risikere å sette inn vev med kreftceller tilbake i pasienten, seier Tanbo.

Brystkreft og lymfekreft

Det er primært ved brystkreft og lymfekreft ein kan bruke denne metoden. Men mange som har brystkreft kan også bevare evna til å få barn, sjølv etter behandling.

Om få dagar er det ni månader sidan vesle Felix kom til verda. For foreldra, er han eit lite mirakel.

​Etter fleire år med naturlege forsøk, følgde prøverøyrsmetoden i fleire år for Espen Abrahamsen og Nicole Gerbitz. Ho var på kveldsvakt den dagen i fjor då ho fekk vite at ho endeleg var gravid.

– Eg trudde ikkje på det, sidan vi hadde forsøkt i årevis utan å lukkast. Den kjensla kan eg ikkje skildre. Eg klarte nesten ikkje å utføre jobben min. Det var glede, nervøsitet og lukke. Alt på ein gong, fortel den nybakte mora.

Ho takkar legane som hjelpte ho oppfylle draumen om barn.

– Eg får heilt gåsehud berre av å tenke på det. At ikkje legane gav meg opp. Eg vil berre at andre skal få vite at det finst moglegheiter, seier ho.

AKTUELT NÅ