Hopp til innhold

Inga vektar-løysing - men samtalane held fram måndag

Partane i vektarstreiken var søndag kveld i møte hos Riksmeklaren, men det blir ikkje noko løysing på konflikten før tidlegast ein gong måndag.

Riksmeklar Kari Gjesteby.

Riksmeklar Kari Gjesteby seier at partane har vilje til å jobbe iherdig for å finne ei løysing.

Foto: NRK

Leiaren i Norsk Arbeidsmandsforbund, Erna Hagensen, har i kveld vore i eit fleire timar langt møte med riksmeklar Kari Gjesteby og administrerande direktør Petter Furulund i NHO Service.

Sonderingssamtalar

Erna Hagensen

Erna Hagensen er leiar i Norsk Arbeidsmandsforbund.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Riksmeklar Kari Gjesteby opplyser til NRK kl. 23 i kveld at dei kjem til å halde fram sonderingssamtalane utover kvelden. Så skal forhandlingsutvala i Arbeidsmandsforbundet og i NHO Service møtast hos Riksmeklaren måndag morgon for å finne ut om det er grunnlag for å ta opp att meklinga.

Dette skjer dagen før forbundet har varsla ei kraftig opptrapping av konflikten, noko som vil føre til at tre flyplassar må stengje heilt. Det er Kristiansund, Alta og Sandnessjøen.

Gjesteby opplyser at streiken vil halde fram heilt til det er funne ei løysing. Dermed kjem streiken til å bli trappa opp frå i morgon tidleg, noko som vil bety kaos på fleire norske flyplassar.

– Vilje til å jobbe iherdig

Ho seier at partane viser vilje til å jobbe iherdig med å finne ei løysing på den fastlåste konflikten.

1200 nye vektarar blir tekne ut i streik frå i morgon, om det ikkje blir slutt på konflikten, opplyser Arbeidsmandsforbundet .

Petter Furlund i NHO Service sa då han kom til møtet i kveld at han håpa på å kome eit steg vidare i løpet av kvelden.

Administrerende direktør i Servicebedriftenes landsforening Petter Furulund.

Petter Furulund deltek i samtalane hos Riksmeklaren for NHO Service.

Foto: Tor-Erling Thømt Ruud / NRK

Erna Hagensen har tidlegare sagt at Norsk Arbeidsmandsforbund krev garantiar for at vektarane si løn ikkje skal liggje under 85 prosent av ei gjennomsnittleg industriarbeidarløn.

Køane borte i kveld

Det var i ettermiddag opptil to timar lang kø på Oslo Lufthamn Gardermoen, men i kveld blir meldt at køane er så godt som borte. Det tek no rundt 20 minutt å kome seg forbi tryggingssjekken.

Administrerande direktør ved flyplassen, Nic Nilsen, seier til NRK at dei reisande fortener honnør for å ha fylgt oppmodingane om å møte opp i god tid.

SAS som normalt måndag

SAS seier i kveld i ei pressemelding at selskapet vil flyge eit normalt flyprogram måndag, og alle flyplassar der SAS flyg vil vere opne.

Lange køer i flyplass-Norge

AKTUELT NÅ