Hopp til innhold

Nye reglar gjer solceller meir lønnsame i burettslag og sameige

No kan fleire som bur i blokk få glede av straum dei har produsert sjølv. Nye reglar vil truleg få fleire burettslag og sameige til å produsere straum på store takflater.

Montør Erik Surouvy og kollegaen fester solcellepanel på taket av eit garasjeanlegg i Fagerholt burettslagpå Trosterud i Oslo.

Erik Surouvy (til venstre) og Martynas Skreliunas frå Solcellespesialisten stør opp solcellepanela så dei skal tole vekta av mykje snø.

Foto: Kjartan Rørslett

– Energiprisane dei siste par åra gjorde at vi bestemte oss for solceller, seier Stig Støfring.

Han er driftsleiar i Fagerholt burettslag på Trosterud i Oslo. Med 664 leilegheiter fordelt på 17 blokker er burettslaget eit av dei største i landet. Det ser dei på straummålaren.

– I fjor brukte vi 1,5 millionar kilowattimar straum i fellesområda, seier Støfring.

Driftsleiar Stig Støfring i garasjeanlegget i Fagerholt burettslag på Trosterud i Oslo.

– Det går mykje straum med til å lade elbilar, seier driftsleiar Stig Støfring.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Elbil-lading, lys og varmekablar

Straumen går mellom anna til lys og elbil-lading i parkeringshusa, varme og lys i korridorar og trapper og til varmekablar i takrennene.

No investerer dei for å få straumkostnadane ned. På dei flate taka på to store parkeringshus i burettslaget skrur montørane fast solcellepanel i lange rekker.

Burettslaget startar med desse taka fordi det gir mest installert effekt for pengane.

Solcellene på taket har ein max effekt på 204 kilowatt. På årsbasis skal dei kunne levere rundt 160.000 kilowattimar straum. Det svarar til drygt 10 prosent av forbruket i fellesareala.

Solcellene under montering på taket til eit garasjeanlegg i Fagerholt burettslag på Trosterud i Oslo.

Solcelleanlegget under montering, fotografert frå høgblokka som ligg ved sida av garasjeanlegget.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

– Den nøyaktige produksjonen kjem an på vêrforholda, seier Terje Borkenhagen.

Han er dagleg leiar i Enny, selskapet som har ansvaret for å bygge ut solstraumproduksjonen her. Selskapet er eigd av Obos og Hafslund og skal bygge ut solenergi-anlegg i sameige og burettslag som dette.

– Langsiktig, god investering

Anlegget til Fagerholt burettslag kostar om lag tre millionar kroner. Ifølge driftsleiaren får dei dekt om lag to tredelar av kostnaden av Oslo kommune og miljøfondet til bustadselskapet Obos.

Med støtte både frå kommunen og Obos kan anlegget vere nedbetalt alt om fem år, ifølgje Enny. Men det kan produsere straum i 30 år.

– Det er ei langsiktig, god investering for burettslaget, seier driftsleiar Støfring.

Frå 1. oktober i år, kan burettslag og sameige produsere inntil 1.000 kilowatt straum på taket og fordele den mellom ulike bygningar og husvære utan å betale nettleige og avgifter. Vilkåret er at det skjer innafor same gards- og bruksnummer.

Terje Borkenhagen, dagleg leiar i solcelleselskapet Enny.

– Dei nye reglane vil få fleire burettslag til å installere solceller, trur dagleg leiar Terje Borkenhagen i Enny. Selskapet er eigd av Obos og Hafslund. Målet er å få fleire burettslag og sameige til å satse på solenergi.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Meiner delingsordning er avgjerande

– Dette er avgjerande for lønnsemda i burettslag og sameige. Då kan ein bygge færre, men større anlegg og fordele straumen til fleire bygningar i staden for å sette opp fleire anlegg, Borkenhagen.

– Endeleg er det innført fritak for avgifter og nettleige for bruk av solstraum, også for dei som bur i blokk, seier SVs Lars Haltbrekken. Partiet hans gjorde framlegg om dette første gongen i 2019.

– Det har tatt lang tid å få dette på plass, seier han.

Meir straum frå fornybare kjelder var også målet for regjeringa då ho fastsette reglane på nyåret.

– Med desse endringane blir det lønsamt for enda fleire å investere i lokal energiproduksjon, sa energiminister Terje Aasland då.

Det har bransjen no begynt å merke.

Fagerholt burettslag på Trosterud i Oslo.

Fagerholt burettslag på Trosterud i Oslo.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Får liv i daud marknad

– Denne marknaden har vore heilt daud. Men no skal vi faktisk montere solcelleanlegg i fleire burettslag framover, seier fagansvarleg for prosjektleiarane hos Solcellespesialisten, Kristoffer Liset.

I Fagerholt burettslag er dette selskapet underleverandør for Enny og står for monteringa av dei 408 solcellepanela på to garasjeanlegg.

– Framsteg

Bård Folke Fredriksen, administrerende direktør i Norske Boligbyggelags Landsforbund.

– Bra at burettslag og sameige får same moglegheitene til straumproduksjon som einebustader og rekkehus har hatt ei stund, seier administrerande direktør Bård Folke Fredriksen i Norske Boligbyggelags Landsforbund.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

– Dette er eit framsteg. At også burettslag og sameige slepp nettleige og avgifter på straum dei produserer sjølv, kjem til å få fleire til å installere solceller. Det blir rett og slett meir lønsamt, seier administrerande direktør Bård Folke Fredriksen i Norske Boligbyggelags Landsforbund.

Forbundet ser gjerne at effekt-grensa på 1000 kilowatt blir heva.

– Men endå viktigare er det å kunne dele straumen mellom fleire bygningar i eit område, også mellom ulike eigedomar, seier Fredriksen.

Noregs vassdrags- og energidirektorat NVE har fått i oppdrag å greie ut ei ordning som gjer det mogleg å samarbeide om lokal straumproduksjon på tvers av eigedomsgrenser, for eksempel i ein næringspark.

Opplysninga om berekna nedbetalingstid for dette solcelleanlegget blei den 1.desember endra frå åtte år i den opprinnelige artikkelen til fem år, som Enny meiner er korrekt om ein får både støtte frå kommunen (35 prosent) og frå Obos (30 prosent), til saman 65 prosent av kostnaden.

Driftsleiar Stig Støfring i Fagerholt burettslag i Oslo på taket av eit av parkeringshusa der dei no har montert solceller.

Driftsleiar Stig Støfring seier solcellene på garasjetaket er eit slags prøveprosjekt. – Vi har 12000 kvadratmeter med tak i borettslaget som kanskje kan brukast til straumproduksjon seinare, seier han.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

AKTUELT NÅ