Hopp til innhold

Nye råd om eigenberedskap: – Kvar skal ein ha det?

Dei nye råda om eigenberedskap inneber at du skal ha 20 liter vatn per person, det blir vanskeleg for studentar på små hyblar.

Emma Fjell Olsen, Kringsjå studentby, Emma ser inn i et skap på kjøkkenet, hvor det står tallerkner og asjetter. Hun er fotografert i profil, smiler og ser inn i skapet.

32 KVADRATMETER: Det er ikkje mykje plass til overs til eigenberedskap når ein bur to personar på 32 kvadratmeter.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Onsdag morgon kom Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) med skjerpa råd for eigenberedskap.

Dei anbefaler folk no å dekke eigne grunnleggjande behov i sju dagar ved ein eventuell krise. Tidlegare har råda vore å klare seg i tre dagar.

– Kvar skal man ha det? spør Emma Fjell Olsen.

Emma Olsen Fjell

Fjell Olsen studerer økonomi og datavitskap på UiO.

Foto: JAVIER ERNESTO AURIS CHAVEZ / NRK

Ho bur i ein av studenthusa til Studentskipnaden i Oslo, der deler ho ein leilegheit på 32 kvadratmeter med kjærasten.

Ein vassdunk bak skohylla

Ho viser fram den vesle leilegheita. Det er ikkje mykje ekstra plass.

Skapa er fulle av det ein treng til kvardagen, som tallerken, koppar, tørrmat, klede, sko og bøker til studiane.

I skapet i gangen får vi auge på ein vassdunk.

– For litt sidan var det ein bakterie i drikkevatnet som gjorde at vi måtte koke vatnet vårt. Da kjøpte vi ei femlitersflaske.

Emma Fjell Olsen, Kringsjå studentby, holder oppe en vannkanne på fem liter, som står bak skoskapet i gangen.

Emma Fjell Olsen og kjærasten har ein vassdunk på fem liter i gangen ved skohylla.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Ho fortel at dei fylte på etter at vatnet vart bra att, i tilfellet det same skulle skje på nytt.

– Vi har jo ikkje den største lagringsplassen, i forhold til foreldra våre som bur i hus.

20-åringen seier at ho forstår at råda må oppdaterast sidan verda ser annleis ut enn da sist råda vart gitt. Samstundes synest ho at det er litt skummelt å tenke på at ein krise kan oppstå.

Les også Nye råd fra DSB: Ved en krise bør du kunne klare deg i én uke

Bjørn Magne Norrøne, som selv har et stort beredskapslager hjemme, mener dette er en fornuftig vurdering fra myndighetene.

Unge vaksne minst førebudd

Nordmenn skal vere førebudd på naturkatastrofar, cyberangrep, anna angrep utanfrå, langvarig straumbrot eller pandemi.

Direktøren for DSB, Elisabeth Aarsæther seier at deira undersøkingar viser at unge vaksne er dei som er minst førebudd.

– Eldre hugsar 2. verdskrig og er meir førebudd enn unge, så dei kan hjelpe unge med å forstå alvoret. Men unge er flinkare til å vere kritiske til informasjon.

Studievenninnene Maria Bjørnebye-Borgaas, Solveig Jørpeland Lunde og Mille Espeland fortel at dei ikkje er heilt førebudd for ein eventuell krise.

– Akkurat no har eg ein gammal filadelfiaost og litt knekkebrød i skapet mitt, ler Jørpeland Lunde.

Maria Bjørnebye-Borgaas, Solveig Jørpeland Lunde, Mille Espeland. Universitetet i Oslo

Maria Bjørnebye-Borgaas, Solveig Jørpeland Lunde og Mille Espeland seier dei ikkje er førebudde på ein eventuell krise.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Dei tre 20-åringane studerer statsvitskap og er klar over verdsbilete.

– Krigen i Ukraina, og det som skjer i Israel og Palestina.

Dei fortel at de for dei handlar om plass – og det er det lite av.

Trongt om plassen

Ein annan student som har kjent på det same, er Fredrik Sarai som studerer informatikk på Universitetet i Oslo.

– Eg har så vidt plass til å ha vanlege klede, og kanskje tre dagar med mat.

22-åringen bur i kollektiv med to andre. Rommet hans er åtte kvadratmeter.

Han fortel at han har eit skap på kjøkkenet og ei hylle i kjøleskapet.

Fredrik Sarai, Universitetet i Oslo, Fredrik står med en rosa SIO-kaffekopp i hendene og smiler til kameraet. Han står utendørs i en allé, med grønne trær på begge sider. Han har kort, brunt hår og runde briller.

Fredrik Sarai seier han så vidt har plass til mat for tre dagar i kollektivet der han bur med to andre.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Sarai meiner det står om eigenberedskap eller ting til kvardagen, og da har valet blitt det siste.

– Det at dei gjer det, må vere eit signal for at det er større sannsyn. Og da blir eg meir redd.

Ein som heller ikkje har plass til mat og vatn for ei veke, er student Odin Foss Sjøtun.

Ikkje har han pengar til det heller, seier han.

– Det er rett og slett dyrt. Eg trur eg hadde klart det med tre dagar, sånn det var før, men sju dagar trur eg blir vanskeleg.

Odin Foss Sjøtun, Universitetet i Oslo, Odin står utendørs med hvit t-skjorte og sekk på ryggen. Bak ham er grønnet rær og en rustrød murbygning tilhørende universitetet. Han ser inn i kameraet og smiler.

Odin Foss Sjøtun seier det er dårleg både med plass og pengar om ein skal ha nok mat og vatn for ei heil veke.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Foreslår samarbeid

Henrik Graarud, bustaddirektør i Studentskipnaden i Oslo (SiO), seier til NRK dei har stor forståing for at studentane slit med lagringsplassen. Han kjem samstundes med ei oppfordring.

– Me anbefaler å skaffe seg og lagre det ein kan, og eventuelt gå saman med andre om å lagre det aller mest nødvendige, seier Graarud.

Boligdirektør i SiO Henrik Graarud

Bustaddirektør i SiO Henrik Graarud

Foto: Petter Sandberg / SiO

Dei skal no gå gjennom sine rutinar og retningslinjer.

– For å sjå om det er noko som bør bli justert, for å kunne gjere denne handteringa enklare for studentane.

AKTUELT NÅ