Hopp til innhold

Ny Breivik-rapport blir rekordstor

Rapport nummer to om den mentale helsa til Anders Behring Breivik blir på oppimot 350 sider og den største i noregshistoria. Rettspsykiatrane har berre finpussen att før dei leverer sin konklusjon over påska.

Aspaas og Tørrissen

Terje Tørrissen (t.v.) og Agnar Aspaas har konkludert om kor vidt Anders Behring Breivik er strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje. Den 10.april leverer dei rapporten sin.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

Den 10.april leverer dei nye sakkunnige rettspsykiatrane, Terje Tørrissen og Agnar Aspaas sin rapport on sinnstilstanden til Anders Behring Breivik.

Denne rapporten blir langt større enn den første, som var på 243 sider og som førebels blir rekna som den største i Noreg nokosinne.

– Rapporten vår blir meir omfangsrik, og den lengste rettspsykiatriske rapporten i noregshistoria. Sidetalet blir truleg ein plass mellom 300-350, seier Tørrissen til NRK.

Ein normal sakkunnig-rapport er på 30-70 sider.

Har konkludert

Torgeir Husby med Breivik-erklæringen

Den første sakkunnigrapporten har fått mykje kritikk, etter at den blei levert i Oslo tingrett av psykiatar Torgeir Husby i november i fjor.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

I januar fekk psykiatrispesialistane Tørrissen og Aspaas mandatet frå Oslo tingrett til å laga ein heilt ny Breivik-rapport.

Årsaka var stor usemje og debatt rundt den første erklæringa, laga av Synne Sørheim og Torgeir Husby. Psykiatarduoen konkluderte i fjor med at Breivik er paranoid schizofren og strafferettsleg utilrekneleg.

No har også Tørrissen og Aspaas konkludert om tilreknelegheitsspørsmålet. Påskeferien skal dei bruka til den siste finpussen: korrekturlesing og kvalitetssikring.

– Det er berre reinskrivinga og ei grundig gjennomlesing som står att. I løpet av påska vil eg og Aspaas ha dei avsluttande møta oss imellom, opplyser ein travel Tørrissen.

Dokument-haug frå tvangsobservasjonen

Breivik nekta i utgangspunktet å samarbeida med dei nye sakkunnige, men gav omsider etter. No har Tørrissen og Aspaas hatt 11 samtalar med Breivik. I tillegg fekk dei grønt lys frå Oslo tingrett til å gjennomføra ein tvangsobservasjon av massedrapsmannen.

Den tre veker lange tvangsobservasjonen har resultert i omfattande journalrapportar frå behandlingsteamet. Det er ein av grunnane til at denne rapporten blir meir omfangsrik enn den første.

– Observanden (Breivik, journ.merk) har samarbeidd med oss, og me kjenner oss sikre på at me har tilstrekkeleg med samtalar og saksopplysningar, fortel Tørrissen.

Tørrissen og Aspaas har ikkje snakka med andre personar enn det dei første sakkunnige gjorde i arbeidet med sin rapport.

Psykologisk thriller

Det er knytta stor spenning til Tørrissen og Aspaas si vurdering av Breivik, særleg av to grunnar:

Påtalemakta ber i utgangspunktet om tvunge psykisk helsevern for Breivik, men har varsla at tiltalen kan bli endra til påstand om straff, dersom det rår usemje mellom dei sakkunnige.

Er alle dei fire sakkunnige samde om at Breivik er psykisk sjuk, er det usannsynleg at tingrettsdommarane, som skal ta den endelege avgjerda, vil konkludera med det motsette.

Men fell Tørrissen og Aspaas ned på det motsette, at Breivik ikkje er psykisk sjuk og følgjeleg kan bli straffa, blir rettssaka mot terroristen ein ti veker lang psykologisk thriller.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger