Hopp til innhold

Har fått klarsignal til å undersøkja Breivik

Dei nye sakkunnige rettspsykiatrane som skal undersøkja Anders Behring Breivik har fått mandatet og kan starta arbeidet sitt i dag.

Terje Tørrissen og Agnar Aspaas

Rettspsykiatrane Terje Tørrissen og Agnar Aspaas har i dag fått sakkunnig-mandatet og grønt lys til å undersøkja sinnstilstanden til Anders Behring Breivik.

Foto: Montasje / NRK

Rettspsykiatrane Agnar Aspaas og Terje Tørrisen fekk førre fredag oppdraget med å vurdera den mentale helsa til terroristen Anders Behring Breivik på nytt

Frå og med i dag kan dei ta fatt på den vanskelege jobben. Dei har i dag fått mandatet, opplyser informasjonssjef i Oslo Tingrett, Irene Ramm, til NRK.

– Mandatet er nøyaktig det same som dei førre sakkunnige fekk - eit såkalla standardmandat, fortel Ramm.

Les heile mandatet her: Mandat til sakkunnige

Frist i april

Inga Bejer Engh

Statsadvokat Inga Bejer Engh meiner det er viktig å ikkje ha urealistiske forventningar til kva rettspsykiatrane skal finna ut om Anders Behring Breivik.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Psykiatrispesialistane Aspaas og Tørrisen har fått frist til 10.april med å levera den nye rettspsykiatriske rapporten av Breivik.

Breivik vil ikkje la seg undersøkja på nytt, og har via sine forsvararar anka oppnemninga av nye sakkunnige. Anken blei send til Borgarting lagmannsrett torsdag denne veka.

Tørrisen og Aspaas kan likevel starta sitt arbeid før anken er ferdig handsama i lagmannsretten, ettersom forsvararane ikkje har bede om utsetjing til det finst ein rettskraftig dom.

Statsadvokatane meiner det var riktig å gje dei nye sakkunnige nøyaktig det same handlingsrommet og oppdraget som dei førre, men meiner tidsfristen som er sett er veldig tett opp mot hovudforhandlinga som startar den 16.april.

– Eg er glad for avgjerda. Det var det me ønskte. Det er viktig å ikkje ha urealistiske forventningar til kva som skal liggja i ei sakkunnig-erklæring, seier statsadvokat Inga Bejer Engh.

– Det er viktig å bruka det mandatet som er vanleg for denne type sakkunnig arbeid, legg ho til.

Bad om utvida undersøking

Mette Yvonne Larsen

Bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen fekk ikkje gjennomslag for å gje dei sakkunnige eit utradisjonelt mandat til å sjå på dei politiske og ideologiske sidene til Anders Behring Breivik.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen er av ei anna oppfatning. Ho hadde, på vegne av advokatkontoret sitt og om lag 60 etterlatne og overlevande, spelt inn ønsker om eit utvida mandat for dei nye sakkunnige.

Bistandsadvokaten meinte at dei sakkunnige ikkje berre skulle gjera ei standard undersøking, men i denne spesielle saka også sjå på andre sjukdomar.

Aspaas og Tørrisen burde undersøkja dei politiske og ideologiske sidene ved Anders Behring Breivik for å få ei fullstendig opplysing av forhold rundt psyken til gjerningsmannen, var synspunktet til Larsen.

– Dei innspela me hadde sendt inn gjekk ut på å sjå breidare på problemstillingane som andre erfarne fagfolk har teke opp, sier ho til NRK.

Kva tenkjer du om at dette ikkje blir ein del av oppdraget?

– Eg reknar likevel med at dei nye sakkunnige tek med seg det, ettersom innspela har vore ein del av den offentlege debatten, seier Larsen.

– Må bruka tida godt

Larsen, som var ein av dei bistandsadvokatane som gjekk tydelegast ut og ønskte nye sakkunnige, er nøgd med at Aspaas og Tørrissen no kan starta arbeidet.

– Eg håpar at dei tek fatt på jobben med det same. Det er fornuftig at dei set av tida fram til rettssaka, og dei må bruka tida så godt dei kan, seier bistandsadvokaten.

Trur du dei rekkjer å bli ferdige med rapporten innan fristen?

– Absolutt. Eg har full tillit til det, og meiner at dette er erfarne personar som er vande til å halda seg til tidsfristar, svarar Larsen.

AKTUELT NÅ