NRK beklagar at vi ikkje var i direkte kontakt med resten av den nære familien til Anne Kari Tryggvason før publiseringa av saka om hennar dødsfall.
For eitt år sidan vart Anne Kari ein kasteball mellom fengsel og psykiatriske institusjonar:
Familien støttar at historia vart fortalt, og ynskjer merksemd rundt tilbodet til psykisk sjuke pasientar. Men omfanget av publiseringa kom brått på enkelte familiemedlemer. Dette beklagar NRK.