Hopp til innhold

Her krasjar den norske oljetankaren inn i ein seglbåt

Eit kamera fanga opp dramatikken då det norske tankskipet «Hanne Knutsen» kolliderte inn i ein seglbåt i England laurdag ettermiddag. To personar blei redda opp frå sjøen etter ulukka. Sjå videoen her:

Det var under den årlege regattaen «Cowes Week» i England det blei dramatisk for mannskapet ombord på seglbåten «Atlanta of Chester» som deltok i kappløpet.

To personar hamna i sjøen

Videoen som er filma av regattaens eigen fotograf viser korleis seglbåten hamnar framføre den svære tankaren «Hanne Knutsen» som er 264 meter lang og 42 meter brei.

Masta på seglbåten knakk etter seglduken hang seg opp i ankeret på det norske tankskipet. To personar hamna i sjøen under samanstøyten skriv BBC.

Ifølgje nettsidene til regattaen var «Hanne Knutsen» på veg inn mot hamna i Southampton då ulukka skjedde.

Oljetankaren segla vidare mot hamna medan redningsmannskap kom til og fekk redda personane opp frå sjøen.

Havarikommisjonen er kopla inn

Ifølgje Haugesunds Avis er den engelske havarikommisjonen for sjøfart nå kopla inn i hendinga.

Tankskipet «Hanne Knutsen» seglar under britisk flag men er eigd av reiarlaget Knutsen OAS Shipping AS som held til i Haugesund.

NRK.no lukkast ikkje med å få fatt i reiarlaget Knutsen sundag kveld.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


AKTUELT NÅ