Hopp til innhold

Noregs Bank varslar renteheving i september

Styringsrenta blir verande uendra på 0 prosent.

Norges Bank holder pressekonferanse i forbindelse med rentebeslutningen

UENDRA RENTE: Sentralbanksjef Øystein Olsen held renta på 0 prosent, men varslar heving i september.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Styringsrenta har vore på rekordlåge 0 prosent sidan 7. mai i fjor, og det vil den halde fram med til over sommaren, viser Noregs Bank sitt nyaste rentevedtak.

– Slik vi vurderer utsiktene og risikobildet, vil styringsrenta mest truleg bli sett opp i september, seier sentralbanksjef Øystein Olsen, som spår fire rentehopp på eitt år.

Sentralbanksjefen har tidlegare varsla at renta vil auke gradvis frå andre halvår i 2021, og at den i første omgang vil bli sett opp til 0,25 prosent. Men først vil dei sjå «klare teikn til at forholda i økonomien normaliserast».

Vil dempe bustadprisveksten

Noregs Bank trur gjenopninga av samfunnet vil gi eit løft til den norske økonomien. Dei anslår at aktiviteten i fastlandsøkonomien er tilbake på nivået frå før pandemien i løpet av tredje kvartal i år, som følge av auka konsum og investeringar.

Derfor har rentebana blitt revidert og er høgare enn Noregs Bank anslo i mars.

– I starten av året bidrog auka smitte og strenge smitteverntiltak til å bremse innhentinga. Utover våren har tempoet i vaksineringa auka, og myndigheitene har starta ein gradvis gjenopning av samfunnet, sa Olsen under pressekonferansen.

– Er de redde rentehevinga kan føre til smell i bustadmarknaden?

– Vi tar omsyn til strukturen i norsk økonomi og at gjeldsgrada er høg i norske hushaldningar. Men rentehevingane vil vere ein faktor som dempar bustadprisveksten, seier Olsen.

Hvor har du råd til å kjøpe bolig?

Boligkalkulatoren er utarbeidet av NRK i samarbeid med boligportalen VIRDI

Boligkalkulatoren er nå utdatert og derfor ikke tilgjengelig.

Bruk av heimekontor og at folk har brukt pengar på bustad i staden for reise har påverka bustadmarknaden, understrekar sentralbanksjefen.

– Sårbarheita i økonomien er hushaldssektoren. Det er ein sårbarheit og eit felt vi har stor merksemd rundt.

Nye virusvariantar skapar usikkerheit

Noregs Bank legg vekt på at tempoet i koronavaksineringen har auka. Over 2 millionar nordmenn har no fått første dose, noko som vil føre til ein meir normal kvardag.

Direktør for pengepolitikk i Noregs Bank, Ole Christian Bech-Moen, seier veksten i utlandet også har vore noko sterkare enn tidlegare anslått.

– Det er utsikter for at vi er tilbake på nivået frå før pandemien i løpet av hausten. Men nye og smittsame variantar av viruset skaper usikkerheit om dei økonomiske utsiktene, seier han.

– Rett å heve styringsrenta

Noregs Bank understrekar at den lange perioden med låge renter aukar faren for at finansielle ubalansar bygger seg opp.

– Komiteens vurdering er at utsiktene og risikobildet samla sett framleis tilseier ein ekspansiv pengepolitikk. Vidare lettingar i smitteverntiltaka vil bidra til at forholda blir meir normale. Det tilseier at det snart vil vere rett å heve styringsrenta frå dagens nivå, seier Olsen.

Styringsrenta var på 1,5 prosent før koronapandemien trefte i 2020. Målet er at renta skal opp igjen til det same nivået innan første halvdel av 2025, ifølge Noregs Bank sine prognosar.

AKTUELT NÅ