NRK Meny
Normal

Nekta norske soldatar å reise med dette flyet

Forsvaret leigde inn fly frå selskapet Bingo Airways for å frakte soldatar heim på juleperm. Fedre, som er flygarar, nekta soldatbarna sine å fly med selskapet. No skjerpar Luftfartstilsynet krava til flyging i nord.

Bingo Airways

GIKK AV FLYET: Bingo Airways tok oppdrag for Forsvaret, men to fedre, som også er flygarar, tok barna sine av flyet.

Øystein Kristoffersen og Arne Magnus Ruud er begge soldatfedre med barn som har utført verneplikt i Nord-Norge, men dei er også flygarar med over 30 års erfaring frå militær og sivil luftfart.

– Vi kjente ikkje til selskapet Bingo Airways, heller ikkje eit anna som heiter Go2Sky som Forsvaret også har brukt. Vi hadde vel aldri kalla eit flyselskap noko som minner om eit sjansespel, seier dei til NRK.

Då dei oppdaga at barna deira skulle reise med dette selskapet, ringte dei og ba dei droppe flyturen.

– Det var midtvinters frå Bardufoss, ein vanskeleg flyplass og reise med eit heilt ukjent selskap frå aust-Europa. Vi var såpass tvilande til denne flyginga at vi tok dei av og sette dei på buss til Oslo.

Bekymringsmelding

Etter dette sendte dei ei bekymringsmelding til Forsvaret og Luftfartstilsynet der dei uttrykkjer uro over at utanlandske flyselskap utan erfaring med dei spesielle ver- og vindforholda i Nord-Norge blir hyra inn av Forsvaret.

Forsvaret opplyser i ein epost til NRK at dei legg til grunn Luftfartstilsynet og Avinor sine sikkerhetskrav og reglar når dei kjøper flytenester.

«Samtlige leverandører har oppfylt kvalifikasjonskravene som sikrer at levarandørene har tilstrekkelig god økonomi, kompetanse og erfaring. Den konkrete utvelgelsen skjer på bagrunn av pris, kvalitet (lokalkunnskap), flyets kapasistet, ekstra kapasitet utover forespurt kapasitet, flytid, flyets alder og seteavstand. For hver konkurranse velges hvilke kriterier som er nødvendige for å løse det forestående oppdrag, og hvilken vekt kriteriene skal gis.»

Forsvaret har kjøpt slike flytenester i mange år, og har nytta både langsiktige kontrakter, rammeavtalar og altså kjøpt chartertjenester ved behov.

Nye og strengare krav

Luftfartstilsynet innser at ikkje alle flygarar bør få fly på Nord-Norge, seier seksjonssjef Frode Lenning. Dei set no i gang eit arbeid med regelverket for å skjerpa krava til flygarar og selskap som skal fly i nord.

Frode Lenning

IKKJE ALLE BØR FLY I NORD: Mange av desse har ingen erfaring med det klimaet og den topografien vi har i nord, seier seksjonssjef Frode Lenning I Luftfarstilsynet.

Foto: Luftfartstilsynet

– Ja, det er så mange nye operatørar etter at det blei innført fri konkurranse i lufta, og mange av desse har ingen erfaring med det klimaet og den topografien vi har i nord, seier han.

– Er arbeidet med nye og strengare krav ei erkjenning av at det er for stor risiko å sleppe alle mogelege flyselskap og flygarar til på nordnorske flyplassar i dag?

– Alt arbeid med trygg luftfart handlar om risiko og handtering av risiko, også dette arbeidet, seier Lenning.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger