Hopp til innhold

Naudhjelp på veg til Oslo

Lastebilar med vatn er på veg frå Sarpsborg, Trondheim og Bergen for å hjelpa osloborgarane.

Vann
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

I dag tidleg vart butikktilsette i Oslo møtte av køar av tyrste folk då dei kom på jobb.

I hovudstaden vakna folk til meldingar om at alt vatn som skal innanfor leppene må kokast i tre minutt. Det har ført til at folk hamstrar flaskevatn.

– Me har alt køyrt ut meir vatn enn vanleg, seier informasjonssjef i Imsdal, Hanne Bugland, som stadfester at mange butikkar ventar på nye forsyningar.

Under giardiaepedemien i Bergen for to år sidan køyrde me ut fem lastebilar med vatn på fem dagar, mot vanlegvis ein og ein halv i veka. Og Oslo er jo noko større.

Hanne Bugland, informasjonssjef i Imsdal / NRK

Ventar med å auka produksjonen

Trass i stor etterspurnad har korkje Imsdal eller Olden auka produksjonen av vatn enno.

– Nett no avventar me situasjonen. Det er vanskeleg å seia kor langvarig dette vert, men det viktigaste er at me er i beredskap, seier Bugland. Dei står klare til å setja inn ekstraskift både på kveldane og i helgene.

Det kan koma godt med, for dei store kjedene i osloområdet har alt tinga ekstra vatn. 

Pernille Berg i Ica Norge AS fortel at mange av dei 80 butikkane deira i Oslo gjekk tome tidleg på dagen.

– Dei butikkane som ligg nær barnehagar, skular og aldersheimar gjekk tome alt i dag tidleg, seier ho. Ica var av dei som var tidleg på tråden til pprodusentane og er er lova nye forsyningar alt i ettermiddag.

Olden opnar eigen butikk

Også Olden tek vassproblema på alvor. No er ein lastebil fyllt med vatn frå kjelda under breen på veg frå lageret i Sarpsborg. No fortel presseansvarleg Lisbeth Hope Frugård hos Hansa Borg at dei opnar ein eigen Olden-butikk i Oslo.

– Me har alt ein Cash&Carry-butikk for større kundar i Haslevegen. I ettermiddag kjem det ein lastebil frå fabrikken vår i Sarpsborg med det me har av vatn til butikken og butikken vert gjort om til vassutsal for alle som treng vatn.

Og truleg vert det ikkje plass til noko anna enn vatn i butikken framover.

Alle dei største vassprodusentane i Noreg seier til NRK at dei står klare til å auka produksjonen. Og vert dette langvarig, kjem det til å verta naudsynt. Det har Hanne Bugland i Imsdal røynseler med.

– Under giardiaepedemien i Bergen for to år sidan køyrde me ut fem lastebilar med vatn på fem dagar, mot vanlegvis ein og ein halv i veka. Og Oslo er jo noko større.

AKTUELT NÅ