Hopp til innhold

Mindre hjelp etter NAV-reforma

NAV skulle gjere kvardalen enklare og meir brukarvennleg for trygdebrukarar. No får dei verken hjelpemidlar eller hjelp.

Bjarne Haakon Hansen
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

TIPS NRK om NAV-reformen: Har du erfaringar med NAV? Ta kontakt på 73881560 eller e-post: oyvind.haram@nrk.no.

”Det skal bli enklare for brukarane”. Sitatet tilhøyrer arbeid- og inkluderingsminister Bjarne Haakon Hansen og kom 7. juli i fjor. Med pomp og prakt opna statsråden NAV-reforma i fjor sommar

Ved å slå saman trygd, arbeid og sosialtenester i eit og same kontor skulle alt bli så mykje enklare. Under eit år etter lurer mange trygdebrukarar på  kvar hjelpa som dei treng, blir av?

Morten Andre Arntzen
Foto: NRK

Kranglar om hjelpemiddel

- Vi har krangla sidan i fjor haust om å få eit spesialbygd akebrett. I førre veke fekk vi det til slutt. No er vinteren snart over.

Mamma Ingrid Arntzen er ein av mange NRK har snakka med om vanskane etter NAV reforma. Sonen Morten Andre på to og eit halvt år har Downs syndrom og må kjempe om å få dei hjelpemiddel som han treng.

- Eg kan tidfeste det tilbake til i fjor haust. Det var på langt nær så vanskeleg å søkje om hjelpemiddel før den tid. No er det ingen som kan hjelpe lenger. Eg byrjar å lure på om dei vil slite oss ut, slik at me skal gi opp og spare etaten for pengar.

NAV tolkar feil

Familien Arntzen i Trondheim er langt i frå dei einaste som har merka endringar etter NAV reforma. Både hjå Funksjonshemma sin Fellesorganisasjon FFO og hjå Handikapforbundet er det mange som no tek kontakt.

- Folk må kjempe for å få hjelpemiddel, vi har mange som klagar, seier Jarle Ovesen assisterande generalsekretær i FFO.

Undersøkingar gjort av NRK syner at det er fyrst og fremst born og unge som slit med å få hjelpemiddel. Ifølgje brukarane sine organisasjonar skuldast dette NAV som tolkar eit rundskriv feil, hevdar Ovesen.

- Det vart sendt ut eit rundskriv i fjor vår. Det tolkar NAV på sin måte. No må skular og barnehagar betale. Det har dei sjølvsagt ikkje råd til. Enden på visa er at ingen får det dei har krav på.

- Skal ikkje vere slik

- Det skal ikkje vere slik at ein må kjempe ein heil haust for å få eit akebrett til eit funksjonshemma  born, sa direktør Erik Hoftedal i NAV  om kritkken av NAV-reforma i  Her og Nå, NRK P1. 

Han vedgjekk at det var forbetringspotensiale i reforma, men viste  til at berre 25 av 110 NAV-kontor err komne på plass..   

- Det slal bli betre etter hvert. sa Hoftedal. 

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger