Hopp til innhold

Mentor Mette-Marit

Kronprinsesse Mette-Marit hjelper minoritetskvinne inn i arbeidslivet.

Kronprinsesse Mette-Marit
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Kronprinsessa har saman med nokre av dei fremste kvinnelege leiarane i landet hatt ein ny jobb dei siste månadane: Ho har nemleg vore mentor for ei innvandrarkvinne.

Målet har vore at kvinna skal koma seg inn i arbeidslivet.

Hjelp til å skrive søknadar

- Innvandrarar i Norge sit på veldig mykje kompetanse som ikkje blir brukt fordi det for mange ikkje er mogleg å kome inn i arbeidslivet, seier Mette-Marit til NRK.

I eit halvt år har ho og ti andre kvinnelege leiarar vore til hjelp for kvar si innvandrarkvinne som slit med å få arbeid. Minoritetskvinnene har opplevd å få nei frå potensielle arbeidsgjevarar gong på gong, trass høge utdanningar.

- Eg har hjulpe til med å skrive søknader. I tillegg har eg gått i djupna på organisasjonslivet som eg kjenner godt frå før, seier Mette-Marit.

Nokre har fått relevant jobb

Mentorane

Alle mentorkvinnene på eit brett.

Foto: Øystein Knoph (HSH)

Kvinnene vart nyleg samla hos arbeidsgjevarorganisasjonen HSH. Nokre av dei har allereie fått jobben dei vil ha, andre synst dei har venta lenge nok.

- Dotter mi spør meg kva eg har oppnådd med lang utdanning når eg ikkje får ein relevant jobb. Eg synst snart eg bør få vise at det nyttar å gå på skule, seier ei av kvinnene.

Intergrerings-og mangfaldsdirektoratet vurderer nå om dette prosjektet skal bli utvida.

AKTUELT NÅ