I 1943 var det heile 34 prosent av elevane i grunnskulen som hadde nynorsk som hovudmål.
Sidan den gongen har det gått gradvis nedover, og det tilsvarande talet i dag er på 13,9 prosent.
- Stort språk
Politikarane har ingen planar om å imøtekome ønskjet hos mange elevar om å sleppe opplæringa i nynorsk.
Likevel har politikarane planar om å auke løyvingane for å styrkje det nynorske språket.
Stortingsrepresentant og medlem i Løvebakken mållag, Manghild Meltveit Kleppa (Sp), seier det blir arbeidt for å styrkje nynorsken både gjennom lovverket og auka løyvingar.
Diskuter: Er det rett å styrkje nynorsk?
- Vi må hugse at det er 6.000 språk i verda. 5.000 av desse blir brukt av færre enn 100.000 menneske.
Det betyr at nynorsk er eit stort skriftspråk globalt, og det er eit språk som er ein etablert del av norsk samfunnsliv og norsk kultur, sa Meltveit Kleppa i Politisk kvarter i dag.
Framleis i skulen
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).
Der sa ho også at elevar som mislikar å måtte lære nynorsk som sidemål i skulen, ikkje kan vente seg ei endring.
Neste år er det 100 år sidan opplæring i sidemål blei obligatorisk i grunnskulen, og hos mange elevar har dette vore ein lite populær del av norskfaget.
Men på Stortinget er det fleirtal for å halde fram med opplæringa i skriftleg sidemål.
Nestformann i Riksmålsforbundet, Tor Guttu, meiner tida er mogen for å revurdere kravet om skriftelig sidemål.
Tor Guttu. (Foto: Andreas Lunnan)
- Det er forholdsvis få elevar som har godt av eller nytte av å lære å skrive begge målformer når dei har vakse opp med majoritetsmålforma, seier Guttu.