Hopp til innhold

Sterk kritikk mot Discovery: – OL er ikkje tilgjengeleg for alle

Verken Karsten Warholms forsøksheat eller handballherrane sin kamp mot Tyskland blei sendt på TV fredag. Det har fått mange til å reagere.

Karsten Warholm

Mange var skuffa over at dei ikkje fekk sjå Karsten Warholm sin forsøksheat på 400 meter hekk fredag.

Foto: PHIL NOBLE / Reuters

– Det er veldig mange som ikkje klarar å komme seg på strøymetenesta, eldre menneske, for eksempel.

Det seier Rune Smaaskjær. Han er ein av mange som godt kunne tenkt seg å sjå handballherrane sin kamp på TV i dag.

Rune Smaaskjær

Rune Smaaskjær synest det er dumt at enkelte øvingar berre blir strøyma.

Foto: Bratthammer/Grankel / NRK

– Det er mange som ikkje har kompetansen til å gå inn og legge inn opplysningane sine, meiner han.

– Ikkje tilgjengeleg for alle

Reaksjonane er mange etter at Discovery, som har rettane til OL i Tokyo, valte å berre sende desse øvingane på strøymetenesta si.

Tidlegare kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) er ikkje nøgd med løysinga Discovery har valt.

– Eg synest dei unngår å følge hensikta med regelverket, som er at alle skal ha tilgang til store idrettshendingar, for det er ein del av fellesskapet i Noreg, seier Huitfeldt, som sjølv var med på å lage regelverket for OL-sendingane.

Anniken Huitfeldt

Anniken Huitfeldt (Ap) meiner Discovery ikkje følger regelverket for store idrettshendingar.

Foto: Audun Braastad / NTB

– Terskelen for å registrere er høg, og mange kjem til å gløyme å avregistrerte seg. Reelt sett er ikkje øvingane tilgjengeleg for alle, legg ho til.

Ingen krav om OL på lineær TV

Kommunikasjonsdirektør i Discovery, Hanne Mcbride, innrømmer at å fjerne Warholm frå lineær TV var eit val som blei tatt for å løfte fram strøymetenesta Discovery+.

– Det meste som er interessant for publikum i Noreg, blir sendt lineært, seier Mcbride.

Ho påpeikar at resten av OL-innhaldet visast gratis på Discovery+.

Leiar i Medietilsynet, Mari Velsand, skriv ein e-post til NRK at Discovery sin praksis under OL så langt har vore innanfor regelverket.

Hanne McBride

Hanne Mcbride i Discovery er ikkje einig i kritikken.

Foto: Anita Arntzen / Anita Arntzen

– Det er ikkje krav om at øvingane skal sendast på lineær TV. Det avgjerande er at minst 90 prosent av befolkninga skal ha moglegheit til å sjå sendingane og at det ikkje skal koste meir enn for eksempel ei grunnpakke, opplyser Velsand.

Ueinig med Huitfeldt

Statssekretær Emma Lind i Kulturdepartementet er ikkje einig med Huitfeldt i at vanlege folk ikkje får tilgang til OL-sendingane.

– Noreg er eitt av landa i verda med høgast del smarttelefonar, nettbrett og skjermar i befolkninga. Å påstå at vanlege folk ikkje får tilgang fordi sendingane blir tilbydd gjennom ein strøymeteneste er jo litt rart, skriv ho i ein e-post til NRK.

– Vi har eit regelverk som regulerer dette, eit regelverk som Huitfeldt i sin tid fekk på plass, avsluttar ho.

AKTUELT NÅ